Hileu, som var hovudkvarteret til NCA i Aust Ekvatoria, vart fullstending oydelagt i 1988-89, som foelgje av kampane mellom SPLA og Khartoum-styrkane. Eg forstaar det slik at NCA forlot omraadet 1-2 aar tidlegare paa grunn av krigshandlingane.Folk i landsbyen flykta opp i fjella, mange ogsaa til Uganda. No kjem dei tilbake, og gjenoppbygginga har starta. The Diocese of Torit er framleis i landsbyen (er det rett at dei delte 'compound' med NCA?), og har byrja aa byggja opp att skulen. Me (UNHCR) byggjer eit nytt helsesenter som skal staa ferdig i januar 2008.
Elles har eg blitt fortalt at regjeringa har 'sett av' Hileu for NCA og vonar at dei kjem tilbake til landsbyen for aa halda fram med arbeidet sitt der.
Opplysningane har eg fraa ein av kollegaene mine som sjoelv er fraa ein landsby i naerleiken og som har god kunnskap om omraadet. Han har og teke biletet som er fraa eit besoek for aa sjekka framdrifta av helsesenteret. Kanskje reiser eg til Hileu i januar for aa sjaa dette 'norske' omraadet i Soer Sudan med mine eigne auger.

Sjoelv vender eg nasen heim i neste veke, men berre for jole- og nyttaarsferie. Eg har blitt bedd om aa vera i Kapoeta tre maanader inn i det nye aaret og vil saaleis venda tilbake til Sudan for aa senda heim endaa nokre flyktningar i 2008. Seinare vert det ny jobb, nye oppgaaver og ikkje minst nytt kontinent. Meir om det seinare.