
Landsbyen har ein gammal, vakker alle.

Det ser kanskje ikkje saa gale ut no naar det er toerrt. Men jorda er "black cotton soil" (spoer meg ikkje om det norske ordet) og naar det regnar vert jorda klissete og slimete og sklir ut til sidene naar bilane passerer. Etterkvart vert det danna store krater i vegbanen, og lastebilar kan bli sitjande fast i dagar.
Langs denne veien var det bilar som sat fast fraa sju til ti dagar i loepet av siste regnperiode.
Konklusjonen vaar var at me kan repatriera no naar det er toerrt, men naar regntida tek til er det ikkje tilraadeleleg aa senda flyktningkonvoiar langs denne vegen.
For aa gjera ei lang historie kort; eg har paa ein maate vore utestengd fraa Sudan i fire veker fordi eg ikkje hadde sudanesisk visum. Paa fredag fekk eg det etterlengta klistremerket i passet mitt, og i dag koyrde eg inn i landet, for fyrste gong med ’skikkeleg’ visum, og presenterte det for innvandringskontoret paa grensa.
”Kva er dette? Dette er ikkje eit visum! Eit visum skal vara i tre maanader, dette gjeld berre for ein maanad???” Eg proevde aa forklara at kanskje den sudanesiske ambassaden visste kva dei dreiv med og at dette faktisk var eit visum. Eg vart fullstendig ignorert, mens den eine etter den andre fekk stempla passa sine. ”Eg treng berre eit lite innreisestempel”, kviskra eg fraa hjoerna mitt der eg var forvist.
Etter fleire innspel fraa mi side (eg er redd for tolmodet ikkje heldt og at innspela vart meir hoeglydde) triv plutseleg mannen passet mitt, finsiktar to stempel inn paa ei av passidene mine, og braatt har eg tre maanaders visum for SOER Sudan. Kva UD i Khartoum vil seia naar passet mitt skal inn til visumfornying, med to konkurrerande visum utskrivne av to konkurrerande regjeringar i same stat, skal bli spanande aa sjaa!