Og dei eldre er på plass med ullhuene sine.
Eg på veg med tog gjennom ørkenen. Toget hadde ein fart mellom 20 og 30 kilometer i timen, og me brukte 6 timar for å koma fram dit me skulle, til Atamurat i Lebap-provinsen. Like lang tid tilbake etterpå. Og i tillegg reiste me ein time med fly kvar veg. Togfasilitetane var ikkje dei beste, eg trur dette er fyrste og siste gong eg skal vera med og opna jernbanebruer eller liknande...
.
Nokre av diplomatane nyttar høvet til å ta bilete av seg og dei vene jentene.
Nasjonsbygginga.
Fleire diplomatar og fleire vakre jenter.I bakgrunnen bilete av dei to presidentane, av ein eller annan grunn nektar blogger å leggja inn separate bilete av dei to så dette blir det einaste ser det ut for.
Høvet var opninga av ei jernbanebru, bygd av eit ukrainsk firma. Alle fekk rosettar og såg sikkert ut som om me hadde vunne fyrstepremie på dyrsku.