For fyrste gong sidan tidleg 2003 flyktar folk no til India, rettnok ikkje mange men likevel..I nord og aust er ca 2,500 familiar nyregistrerte som nyfordrivne, og fleire skal det visst vera. Det tek nemleg tid aa registrera. Monitorane i Trinco har suspendert operasjonen sin, - det er for farleg aa reisa ut paa feltet. Kvar dag er det meldingar om nye bomber, granatar og miner; og baade militaere og sivile vert drepne. I neste veke kjem Solheim og skal ha moete for aa proeva aa faa i gang nye forhandlingar mellom partane. Somme har store forventningar mens andre trur moetet vert 'the turning point' - i negativ meining.
Her er det naturleg nok ingen som har tid til aa tenkja paa naar eg skal reisa til Sudan. Saa her sit eg, i Colombo, og brukar tida mi paa aa halda folk informerte om den usikre situasjonen i Sri Lanka.....
torsdag, januar 19, 2006
torsdag, januar 12, 2006
Bergen - Colombo - Nairobi - Kapoeta
Ein lang juleferie går mot slutten; det har vore godt å bruka lang tid på nesten ingenting. Nett no brukar eg tida på å omstilla meg mentalt til Sudan. Samstundes er det vanskeleg å sleppa Sri Lanka slik som situasjonen utviklar seg der, det ser ut som om det berre er eit spørsmål om tid før full krig bryt ut. Eg får urovekkjande meldingar frå nervøse kollegaer og vener i Trincomalee og eg vonar med heile meg at dei må få sleppa meir krig.
Men reint praktisk så pakkar me oss no ut av Blåsenborg for denne gong. På laurdag tek me flyet til Colombo, der eg skal utarbeida ein plan for kontoret sitt external relations arbeid, før turen går vidare til Nairobi rundt 1 februar. Etter ei kort innføring i Nairobi reknar eg med å vera i Kapoeta etter ei lita veke eller så. Deretter blir det fullt køyr til mai, då viktigare hendingar dreg meg heim til Noreg!
I Colombo skal eg oppdatera vaksinane mine, i tilfelle nokre av dei er utdaterte. Dette er lista over sjukdomane eg må/bør ha vaksine mot: gul feber, difteri, meningitt, polio, rabies, tetanus, tyfoid, hepatitt A & B, japansk encyfalitt. Malaria profylakse er eit anna must. Eg vonar eg ikkje får bruk for noko av dette!

tirsdag, januar 03, 2006
Meir vald i Trinco
Kva skal ein seia når ein les meldingar som dette? Dutch Bay er like bak (det gamle) kontoret mitt, her samlast ungdom og storfamiliar om ettermiddagane og kveldane for sosialt samver. Men kva skal ein tru? Her er den andre versjonen av hendinga, og her er endå meir...
Uansett så er hendinga djupt tragisk, og dei mange versjonane av kva som eigentleg hende ved Dutch Bay fortel at situasjonen i nordaust er ekstremt labil.
Uansett så er hendinga djupt tragisk, og dei mange versjonane av kva som eigentleg hende ved Dutch Bay fortel at situasjonen i nordaust er ekstremt labil.