søndag, oktober 15, 2006

Den heilage månaden

Eg les at Ramadan ikkje var rette tida å vitja land og byar der islam dominerer, etter seiande fordi lite skjedde i denne tida; det kunne tilogmed vera vanskeleg å finna plasser å eta. Men dette gjeld iallefall ikkje Istanbul!



I halvsjutida startar livet; utanfor alle restaurantar står folk i lange køar og ventar på startsignalet frå imamen, at no er tida komen for å bryta fasten. No overtek dei lokale byen, turistane vert berre statistar. Langs fortauskantane sit gamle damer med skaut og buksekjolar og kviler seg mot murkanten, menn pussar sko for å tena seg nokre ekstraslantar, familiar med små born trippar av garde, små jentene med rosa sukkerspinn og nye kjolar, smågutane som miniatyrmenn i mørke dressar og med ein plastikpistol veivande i handa. Framfor den blå moskeen kryr det med buer der ein kan kjøpa Koranen, religiøs litteratur og kriminalromanar av Agatha Christie omsett til tyrkisk. Langs hippodromen er det endå fleire buer der ein kan kjøpa alt ein ikkje finn utanfor moskeen; turka frukt og lokum/Turkish Delight, sjal til å dekka seg når ein går i moskeeen, opptrekkbare dokker som dansar magedans, krydder og snop, kebab og salat, og ikkje minst tyrkisk kaffi og te i ulike variantar. Det er bergensk syttande mai og stockholmsk vattenfestival på same tid.

Sjølv klarar me til ein viss grad å blanda oss med dei lokale utan å verta tekne for turistar heile tida; slik er det når ein er velsigna med ein sambuar som lett kan verta teken for å vera både tyrkar og grekar.


Dette er det siste biletet eg tok i Istanbul. Det vart mykje trakking langs hard gatestein. No er eg attende til graset og jorda i Kapoeta.

søndag, oktober 08, 2006

Den blå moskeen


Nairobi fredag morgon, Kairo om ettermiddagen, og så endeleg Istanbul om kvelden. Istanbul er staden å møtast for ein Afrika-farar med husbond på Balkan. No er eg turist, og lever eit hektisk liv i Sultanahmet mellom moskear og syngjande imamar.

lørdag, september 30, 2006

Nimule, Magwi

The Lord's Resistance Army (LRA) har i lang tid herja i baade Uganda og Soer Sudan, ogsaa i Magwi-fylket vest i Aust Ekvatoria. No forhandlar dei om fred med Uganda, og mens forhandlingane held fram, er militsiaen samla m.a. i Owinu Ki-bul i Magwi. I Mgawi hoyrer folk til Acholli-stammen. LRA er ogsaa Acholli, men fraa andre sida av grensa. Mens mange, mange i Magwi er drepne eller har flykta fraa landsbyane, har andre slutta seg til stamme-frendane sine. Dette gjer sjoelvsagt framtidige loysingar vanskelege.

Men folk flest er optimistiske, og mange har byrja aa venda heim. Fraa maandag til torsdag reiste eg rundt i fylket for aa vurdera korleis me kan hjelpa i tilbakevendingsprosessen. Me snakka med folk som hadde gaatt heim fraa leirar i Uganda, fraa fem til sju dagar langsetter veier og trakk. Andre kom heim med baat paa Nilen fraa Uganda til Nimule. Kirkens Noedhjelp tek mot dei paa grensa, registrerer og gjev litt hjelp foer dei reiser vidare.


Denne baaten er ikkje Kirken Noedhjelp sin, men vert brukt til aa frakta folk over Nilen.


I Nimule vert folk moett med dette skiltet.

Fraa Nimule reiste me til Magwi by, og til landsbyen Palataki der ein tidlegare misjonsstasjon held til, no heilt oydelagd. Men kyrkja, reine katedralen, stod. Folk brukar framleis kyrkja, men taket har byrja aa rasa saa det er ikkje lenger trygt.


Ein organisasjon hjelper folk i gang med jordbruk og husdyrhald. Me fann m.a. buskar med piri-piri, fekk lov aa plukka, og gler oss til knallsterk chilikrydra mat i Kapoeta i dei komande vekene.

søndag, september 24, 2006

Byggja ein stat

Tre dagars strategisk planleggjing i Torit er interessant, ikkje minst for aa betre skjoena korleis det er aa byggja opp ein stat fraa ingenting. Mange av politikarane og adminstratorane har mykje aa fara med, baade av kunnskap og visjonar om korleis staten skal byggjast. Men ikkje alle. Planprosessen som har starta er likevel open, demokratisk, og lovande. Meir enn hundre personar deltok aktivt i diskusjonane, lytta til kvarandre og viste kvarandre respekt uansett rank, status og bakgrunn. Eit fyrsteutkast til utviklingsplan for staten Aust-Ekvatoria vert no skrive og skal diskuterast vidare.

Om ein arbeider i ein ruin med provisorisk straatak, kan eg forstaa at fyrsteprioritet for politikarane er kontorbygningar og bilar. Men eg har problem med aa forstaa kvifor politikarar er opptekne av aa byggja eit (del-)statsteater, utan aa nemna aktivitetar for ungar og unge i byar og landsbyar.

Elles er det rart aa hoyra om alle planane om kva som skal byggjast i Torit. Sidan guvernoeren er fraa Torit, og dei har betre infrastruktur der, er all administrasjon for tida i denne byen. Men Kapoeta er i fylgje konstitusjonen faktisk hovudstaden.

tirsdag, september 19, 2006

Kongar og dronningar

Paa veg til Torit fortel kollega Patrick om monarkiet i landsbyane i omraadet. Ein landsby kan ha baade kongar og dronningar, ofte for ulike sektorar. T.d. ei dronning for fjellet, ein konge for regn, eller for skogen. "Om eg var dronning, ville eg vera dronning for fjellet", tenkjer eg - til Patrick fortel om oppgaavene hennar. Om folk er plaga med slangar og skorpionar (som kjem fraa holer i fjellet)vert dronninga smurd inn med ei spesiell olje, vert lagt framfor hola der slangane held til. Slangane kjem daa fram og slikkar olja av kroppen til dronninga. Til sist kjem den STORE slangen, som berre viser seg ein gong i aaret, og har ei fjoer paa toppen av hovudet. Naar han er mett av olje, forsvinn alle slangane og er ikkje til plage lenger.

"Eg vil heller vera regndronning", tenkjer eg, til Patrick fortel om regnkongen i hans landsby, som vart gravlagd levande i 1978 fordi han ikkje klarte aa skaffa regn i tide for vekstsesongen.

Det er nok best aa halda fram med aa vera heilt vanleg menneske (jordkongen i Torit doydde nyss, men stillinga er alt fyllt).