tirsdag, februar 05, 2008

Visumregime

For aa gjera ei lang historie kort; eg har paa ein maate vore utestengd fraa Sudan i fire veker fordi eg ikkje hadde sudanesisk visum. Paa fredag fekk eg det etterlengta klistremerket i passet mitt, og i dag koyrde eg inn i landet, for fyrste gong med ’skikkeleg’ visum, og presenterte det for innvandringskontoret paa grensa.

”Kva er dette? Dette er ikkje eit visum! Eit visum skal vara i tre maanader, dette gjeld berre for ein maanad???” Eg proevde aa forklara at kanskje den sudanesiske ambassaden visste kva dei dreiv med og at dette faktisk var eit visum. Eg vart fullstendig ignorert, mens den eine etter den andre fekk stempla passa sine. ”Eg treng berre eit lite innreisestempel”, kviskra eg fraa hjoerna mitt der eg var forvist.

Etter fleire innspel fraa mi side (eg er redd for tolmodet ikkje heldt og at innspela vart meir hoeglydde) triv plutseleg mannen passet mitt, finsiktar to stempel inn paa ei av passidene mine, og braatt har eg tre maanaders visum for SOER Sudan. Kva UD i Khartoum vil seia naar passet mitt skal inn til visumfornying, med to konkurrerande visum utskrivne av to konkurrerande regjeringar i same stat, skal bli spanande aa sjaa!

mandag, desember 17, 2007

Til Arild

Dette er ruinane av Norwegian Church Aid (NCA) sitt sjukehus (sjukestove?) i Hileu, Torit. Murane etter sjukehuset er dei einaste som staar att, det meste elles er jamna med jorda.

Hileu, som var hovudkvarteret til NCA i Aust Ekvatoria, vart fullstending oydelagt i 1988-89, som foelgje av kampane mellom SPLA og Khartoum-styrkane. Eg forstaar det slik at NCA forlot omraadet 1-2 aar tidlegare paa grunn av krigshandlingane.

Folk i landsbyen flykta opp i fjella, mange ogsaa til Uganda. No kjem dei tilbake, og gjenoppbygginga har starta. The Diocese of Torit er framleis i landsbyen (er det rett at dei delte 'compound' med NCA?), og har byrja aa byggja opp att skulen. Me (UNHCR) byggjer eit nytt helsesenter som skal staa ferdig i januar 2008.

Elles har eg blitt fortalt at regjeringa har 'sett av' Hileu for NCA og vonar at dei kjem tilbake til landsbyen for aa halda fram med arbeidet sitt der.

Opplysningane har eg fraa ein av kollegaene mine som sjoelv er fraa ein landsby i naerleiken og som har god kunnskap om omraadet. Han har og teke biletet som er fraa eit besoek for aa sjekka framdrifta av helsesenteret. Kanskje reiser eg til Hileu i januar for aa sjaa dette 'norske' omraadet i Soer Sudan med mine eigne auger.

lørdag, desember 15, 2007

Farvel til Kapoeta

Dette skulle eigentleg vera meg, som seier farvel til Kapoeta og flyr inn i solnedgangen paa veg til nye eventyr.

Istaden er det min gode kollega fraa Nepal som reiser fraa oss etter meir enn to aar i Kapoeta.
Sjoelv vender eg nasen heim i neste veke, men berre for jole- og nyttaarsferie. Eg har blitt bedd om aa vera i Kapoeta tre maanader inn i det nye aaret og vil saaleis venda tilbake til Sudan for aa senda heim endaa nokre flyktningar i 2008. Seinare vert det ny jobb, nye oppgaaver og ikkje minst nytt kontinent. Meir om det seinare.








onsdag, desember 12, 2007

Bombe i Algiers

Trist dag paa jobben.

Mars 2006, aataket paa kontoret vaart i Yei - Sudan; august 2003, bombinga av FN-kontoret i Baghdad; september 2000, aataket paa kontoret vaart i Atambua, vest-Timor er hendingar som vedkom meg og naere vener meir enn andre hendingar der kollegaer har blitt drepne.

Algiers er skraemande fordi det ser ut som om min eigen arbeidsorganisasjon var direkte maal for terroren.

lørdag, desember 08, 2007

Er ei ku for sal eller ein del av familien?

Denne artikkelen er fraa nabobyen Chukudum, og fortel om kor vanskeleg folk her synes det er aa selja ei ku.