lørdag, oktober 04, 2008

Laurdagsmorgon

Opp tidleg, paa jobb! I dag er jobben aa vera gjest. Eg stiller lydig opp saman med alle diplomatane, me faar paa oss sloyfe (nesten som 17 mai), nokre tusen born staar langs veien og veiver med ballonger, turkmenske og tyrkiske flagg. Framfor bygningen dekker arbeidarane marka med handvovne teppe, frynsene vert lagt med retning fraa porten til bygningen og kjemde med ein stor kam for aa liggja fint og rett. Ungane oever paa musikk og dans, to smaattingar staar klar med gullsaks paa groen floyel. Dei vaksne rettar paa haldninga hos ungane, viser korleis dei skal staa paa rekkje og rad, og daskar litt her og der for aa sikra disiplin.

Etter meir en ein time kjem endeleg dei svarte bilane, det yrer med menn med solbriller og oyrepropp og bulk paa venstre jakkeside. Og saa er dei der, statsministeren paa besoek, og presidenten som er vert. Me handhelsar, ungane dansar, dei talar, dei klipper over silkebandet i doera, og saa er den nye barnehagen offisielt opna!

Paa veg ut ser eg at teppa har blitt omflytta, no er frynsene kjemde og lagt med retning fraa barnehagen og mot porten. Her vert ingen detaljar gloymde.

mandag, september 29, 2008

Typisk turkmannsk?

Typisk turkmannsk hatt, som berre mennene har lov aa bruka. Biletet er difor tatt paa hemmeleg plass, utan tilskodarar. Den kvite varianten er for finare hoeve, mens den brune eller svarte er for kvardagsbruk.

Kvardagshatten.


Ogsaa typisk, dette fins sikkert ikkje nokon andre stader i verda:
Opninga av Folkets Raad sist fredag, som vedtok ny grunnlov (utan diskusjon). 2,487 av dei 2,507 medlemene var tilstade. Den nye grunnlova opployser raadet og foerer lovgjevande makt over til parlamentet, kanskje ikkje saa dumt? Biletet er teke foer leiaren for raadet kom (han paa biletet paa bakveggen), han sat i gullstolen paa midten av dirigentbordet. Daa alt var over, handhelste alle paa han og overleverte blomar. Minst 2,500 handtrykk, og like mange bukettar...

fredag, august 29, 2008

Felt

Eg har vore i felt for aa sjaa paa prosjekt me har i gang for aa hjelpa integrering av flyktningar/tidlegare flyktningar. Eg var langt ute i oerkenen, i grenseomraada, og moette mange hardtarbeidande folk som byggjer hus, skular, sjukestover og arbeidsstover som skal gjera livet deira betre. Eg plukka elles vassmeloner i ein stor aaker, og har laert meg korleis eg kan sjaa om ei vassmelon er mogen eller ikkje. Kanskje ein laerdom eg ikkje faar nytta saa mykje seinare...
Langs vegen var det mange gamle, vakre og interessante fortidsminnesmerke, men lite er tilrettelagt for turisme. Mykje av desse omraada har vore heilt stengde inntil nyleg, og deler er framleis utilgjengelege for dei fleste utlendingar. Dette er eit gammalt vassreservoir, truleg fraa 1200 talet.

Dette mausoleet inneheld og ein moske, og er bygd i fire eller fem ulike tidsperiodar. Ein av avdelingane vart opprinneleg brukt til aa lenkja fast galne folk. Etter ei natt i kvelvet vart dei friske, vart det sagt. Ein eldre mann (kanskje imamen?) viste meg rundt og gave meg broed i eit blomstrete klede som niste paa vegen vidare.

fredag, august 22, 2008

Kjend person observert like utanfor byen

Eg meiner han i hjoerna oppe til venstre, i berg-veggen.

Eg veit ikkje mykje om bakgrunnen for dette relieffet som er hogd inn i fjellet nokre mil utanfor hovudstaden, men det er utan tvil ikkje fraa 'the post-independence period'.

Det er den draumen me ber paa....

Draumen om eit bryllaup og eit lukkeleg samliv, slik han vert framstilt i ein bryllaupssalong i Mary (by i Turkmenistan), og kanskje ogsaa i resten av landet.

Men om ein vil starta livet som gift paa litt meir tradisjonelt vis, er det raad med det og.

Om nokon lurer paa kva eg gjer i ein turkmensk bryllaupssalong, saa var det heilt tilfeldig og del av ein aldri saa liten sightseeing innimellom vitjing til skular og sjukestover me rehabiliterer....