lørdag, januar 29, 2005

Samordning

er framleis ikkje greitt. Når regjeringa hoppar bukk over samordningsorgan dei sjølv har etablert, og det eine nivået ikkje veit kva det andre vedtek og gjer (og omvendt), kjem tilogmed røynsla frå Ullensvang herad til kort. Eg vil heller skriva om noko anna: Babyskilpadda har forsvunne, ho har truleg rømt ut i naturen der ho høyrer heime, og det er kanskje like greitt! Dertil: eg har kjøpt min fyrste sari som er blå med gull og raudt, eg har vore til skreddaren for å få sydd sariblusen, og på måndag skal han brukast!

torsdag, januar 27, 2005

Strategi, påfuglar og skilpadder

Eg har vore i Vavuniya på møte for å drøfta vidare arbeid og strategi. Mellom andre kollegaer møtte eg S. , kollega som den siste månaden har leia arbeidet vårt i Ampara. I Ampara er umåteleg mange døde, mange er sakna, og mange hus knust (eg har ikkje statistikken i hovudet og no er eg heime i stova). S. skil seg frå oss andre ved at han sjølv er frå området der han arbeider. 2,000 menneske døydde i bygda han kjem frå. Han kjenner alle han skal hjelpa. Eg tenkjer at eg er heldig som framleis har ei form for avstand frå tragedien, og at eg kan gå heim og leva (nesten) normalt nokre timar kvar kveld.

På vei heim frå Vavuniya i føremiddag såg eg påfuglspel. Det har eg berre sett på fjernsyn før. Det var flott.

Dessmeir fann me ei bittelita babyskilpadde på vegen. No har ho flytta inn Channel Lane 23, til stor interesse for fem kattar før ho rømde inn i blomejungelen ved terrassen.

tirsdag, januar 25, 2005

Thaipusam

I kveld har Jeyakanth (vakten vår, som nesten er som del av familien etter alt som har hendt) feira Thaipusam. Han og fiskarane i Back Bay har tilbede sjøen, som dei plar gjera kvart år. I år er denne markeringa litt spesiell, seier Jeyakanth. Ingen av fiskarane eller familiane deira i Back Bay mista livet under tsunamien, og han trur dette er fordi dei kvart år passar på å markera Thaipusam. Og såleis kjennest heller ikkje sjøen som farleg for fiskarane i Back Bay, trass i det som har hendt.