fredag, mars 20, 2009

Treplanting

I dette landet er treplanting ei viktig nasjonal oppgaave. Kvar verksemd har ansvar for sin teig, og kvar vaar er heile folket i sving med aa planta vintergroene tre. Saa ogsaa det diplomatiske samfunnet. Sist laurdag vart me alle kalla ut for aa planta. Verten er 'the esteemed', som leiaren ifoelgje protokollen skal tiltalast.
No er miljoet rundt plantinga litt annsleis enn slik det var daa eg gjekk i grunnskulen og klassen min vart send opp i lia for aa planta gran eller furu. Dansarar av dette slaget hadde me t.d. ikkje!


Nokon hadde lagt vel til rette foer me starta arbeidet. Det var ikkje naudsynt aa grava hol, og spaden var lagt paa plass slik at me lett kunne starta arbeidet. Verten opna med aa planta sitt tre. Han hadde litt finare spade enn oss andre, men de faar ikkje sjaa bilete av gullspaden eller sjoelve arbeidet hans.


Ferdig! Mine to medarbeidarar i treplanting beundrar resultatet. Det var mange tree aa planta, og ryktet seier at ein av ambaasadorerane planta heile tjue tre denne dagen.


Mat og drikke er viktig etter saa mykje hardt arbeid. I mi skuletid hadde me med matpakke. Det var ikkje naudsynt her. Kokken hadde det travelt og laga mykje god mat!


Noko av maten vart laga i tamdyr-ovn; tradisjonell leireovn som ein finn i dei fleste hagar pa landsbygda, og ofte ogssa i byane.


Handvask etter plantinga, foer ein tek til aa eta, er viktig! Her ventar gutane med vaskeutstyr verdig ein president. Men me andre fekk ogsaa vaska oss i gullkaret.


Deretter vart 'matpakken' servert.


Under maten var det synging og dansing av dei beste artistane landet kan moenstra. Me treplantarar dansa og, men det kan eg heller ikkje visa bilete av. Eg kan derimot avsloera at dansekunstene mine vart beloenna med floyelsmateriale i finaste kvalitet, nok til aa laga meg tre turkmenske kjolar i tradisjonell fasong. Eg maa berre setja i gang med aa brodera pynten...

tirsdag, februar 17, 2009

Advarsel!

Eg lærer stadig nytt: Som de kanskje veit, er dette landet fullt av kamelar. Det fins eit kamelmarked der ein kan gå om ein treng ny kamel. I butikken sel dei kamelmjølk, og sikkert også kamelkjøt. I går fekk eg vita at gravide kvinner blir advart mot å eta kamelkjøt. Om dei likevel gjer det, vil graviditeten vara i tolv månader i motsetnad til dei vanlege ni. Berre så de veit!

mandag, februar 02, 2009

Nytt akademi

Presidenten har gitt ordre om at alle ministrane i regjeringa hans maa studera ved det nye akademiet for offentleg tenesteyting som opnar neste maanad. Om dei stryk til eksamen etter kurset, vil dei faa sparken.

Presidenten trur, ifoelgje media, at laag kunnskap er grunnen til den trege reformprosessen i landet. Mnja, tru det er einaste grunnen? Han vil personleg foelgja opp arbeidet til det nye akademiet. Sidan fire ministrar og ein braate med hoegare tenestemenn fekk sparken i januar, og mange fleire fekk kjeft, er det grunn til aa tru at statsleiaren meiner alvor.


Sidan akademiet sitt hovudkurs tek 2 aar, og det kortaste kurset 2 maanader, lurer eg paa kven som skal styra departmenta mens ministrane gaar paa kurs. Men svaret er kanskje ikkje saa vanskeleg i eit land der autokratiet staar sterkt og stoett.

torsdag, januar 15, 2009

Framskritt

I dag tidleg saag eg ein ung gut som oevde seg paa rullebrett i parken nedom husvaeret mitt. Det gjorde meg glad. Det fortalde meg at turkmenske unggutar er heilt normale, trass dei svarte dressane og dei broderte hovudkalottane dei gaar med til vanleg.

onsdag, januar 14, 2009

Hallo?

I dag fekk eg telefonrekning for desember, 1342 manat. Det er litt mindre enn 70 øre. No var eg sjølvsagt ikkje i Turkmenistan heile desember, men eg klagar likevel ikkje over kostnadsnivaaet.