onsdag, oktober 28, 2009

Sand, brennande gass og kamelar

Det er ikkje lett aa finna tid til aa blogga, saerleg ikkje sidan internett i heimen er ein luksus som faa i dette landet har tilgang til. Men 'for the record' som det heiter paa godt norsk, maa eg leggja inn nokre bilete fraa seinsommaren/hausten (det var 4 grader i dag tidleg saa no er sanneleg hausten komen,  etter mange veker med fint ver)..Eit av hoegdepunkta i haust var vitjing fraa Noreg og turen til det brennande gasskrateret,


Paa turen koyrde me forbi mange kamelar som aat gras (eller kanskje det var sand) i oerkenen langs vegen.


Me brukte to bilar fraa jobben, for aa reisa til gasskrateret som ligg omlag 25 mil fraa Ashgabat. Slik ser gasskrateret ut i dagslys.


Krateret vart danna paa seksti eller syttitalet, ved eit uhell vart ein gassbrunn set i brann og sidan har ingen klart aa sloekkja brannen. Krateret utvidar seg visstnok framleis, ettersom sand og massar rasar ut.




Noksaa skummelt aa staa paa kanten av dette, utan noka form for sikring.




Seint paa kvelden ser det slik ut;



Campingliv med shaslik og god drikke. Sjoelv om me hadde gloymt aa ta med groen te, som ingen skikkeleg turkmenar kan klara seg utan!

 
Morgon med sauer mot synsranda




Frukost i oerkenen, etter ei natt med lite soevn. Ikkje saa mykje paa grunn av sauer eller anna, men sanden var HARD aa sova paa. 

Me fann nye krater paa vei heim, dette var fyllt med boblande gjoerme, men gassen som pipla fram vart ikkje sett i brann. Eit anna krater saag ut som om det hadde kokande vatn - iallefall bobla vatnet av gass som lek ut.



Sand, sand. sand.


Meir kamel langs vegen:



Og melonhandel paa vegkanten paa veg attende til Ashgabat.


Me feirer uavhengigheitsdagen!

Den 27 oktober feira Turkmenistan uavhengigheitsdagen sin. Det vil seia, feiringa har vart i over ei veke. Gaarsdagen starta med blomenedlegging; av ein eller annan grunn saag alle triste ut - som om dei var i sorg. Kanskje dei lengtar attende til farne dagar?

Denne karen var det mange bilete av i paraden.

Mange var utkommanderte  til aere for leiaren. Mykje fine fargar dansa forbi oss som sat paa tribunen og saag paa. Over hovudat vaare sat presidenten og tok mot all hyllinga.



 Det var mykje fargar og festivitas, og mange ballonger.



Turkmenistan er eit noytralt land, statusen er til og med anerkjent av FN. Kvifor dei likevel ser seg tente med aa visa fram soldatar, tanks, rakettar og krigsfly paa dagen sin, veit eg ikkje.






mandag, september 21, 2009

Endå ei presidentvitjing!


Jentene ventar med brød og tørka frukt

Og dei eldre er på plass med ullhuene sine.

Eg på veg med tog gjennom  ørkenen. Toget hadde ein fart mellom 20 og 30 kilometer i timen, og me brukte 6 timar for å koma fram dit me skulle, til Atamurat i Lebap-provinsen. Like lang tid tilbake etterpå. Og i tillegg reiste me ein time med fly kvar veg. Togfasilitetane var ikkje dei beste, eg trur dette er fyrste og siste gong eg skal vera med og opna jernbanebruer eller liknande...


Nokre av diplomatane nyttar høvet til å ta bilete av seg og dei vene jentene.



Nasjonsbygginga.




Fleire diplomatar og fleire vakre jenter.I bakgrunnen bilete av dei to presidentane, av ein eller annan grunn nektar blogger å leggja inn separate bilete av dei to så dette blir det einaste ser det ut for.




Høvet var opninga av ei jernbanebru, bygd av eit ukrainsk firma. Alle fekk rosettar og såg sikkert ut som om me hadde vunne fyrstepremie på dyrsku.


tirsdag, september 15, 2009

Hærverk i heisen

Eit lite a propos om kvardagen i Ashgabat. Det er melontid og husbonden kom til å kasta ei nyinnkjøpt, tung, melon inn i speglen i heisen på veg opp til ellevte etasje der me held hus. Spør ikkje kvifor og korleis. Det skjedde, og speglen knakk. Som dei lovlydige borgarane me er, tilstod me raskt og sa me sjølvsagt skulle betala for skaden. Lettare sagt enn gjort! Speglen me kjøpte (etter mål må vita) var for stor. Firmaet kom og skar av eit stykke. Speglen var framleis for stor. Eller vaktmeisteren forstod ikkje korleis han skulle få speglen på plass. Whatever. Firmaet kom attende og skar av meir, og hjelpte vaktmesteren med å montera speglen. Speglen knakk.
På dette tidspunktet hadde det gått over ei veke, resepsjonisten var truga med politianmelding (han var på vekt då det skjedde og var difor sett som ansvarleg for uhellet). Sjølv turde eg knapt  gå gjennom respesjonen der resepsjonisten og vaktmesteren sprang etter meg og snakka russisk mens dei peikte på heisen, og eg var sjeleglad då me reiste til Istanbul for eit møte. Vel heime etter nesten ei veke var speglen framleis ikkje på plass!  

Oppvaksen i Ikea-land og vane med å  skru saman ting sjølv, meiner eg bestemt at me hadde klart å få ny spegel på plass i løpet av ein dag om me hadde ordna opp sjølve. Eller iallefall om han som stod for hærverket hadde fått sleppa til!  

Silk Road Rally 2009

 

13 september starta siste etappen paa Silk Road Rally, fraa Turkmenbashi til Ashgabat. Rallyet gjekk fraa Kazan i Russland, via Kasahkstan til Turkmenistan. Me blei flydd ned til starten tidleg om morgonen, og venta i sola utan vatn. Verdspressa var der og, men dei fekk ikkje lov aa ta bilete av nokonting anna enn bilar og rallykoyrarar.

 

Dette er Turkmenistan sin rallykoyrar no 1 (aka presidenten).
  

Dei eldre, og nokre av dei yngre,  ventar i oerkensenga. Merk kamelane i bakgrunnen, dei var nok og frakta hit for aa setja farge paa dagen for alle oss gjestene.

  
Dette er meg og ein rallykoyrar fraa Ukraina, framfor den turkmenske lastebilen som deltok. Turkmenarane vann ikkje for aa seia det slik, trass i forsoek fraa turkmensk fjernsyn som melde at dei var i leiinga. Men sidan dette var fyrste gong landet deltek i rally, var det vel ingen som venta seg toppplaseringar? Ein hederleg innsats, tenkjer eg me kallar det!

  

Dette er ein av dei andre gjestene. Tre presidentar deltok med aa senda avgarde bilane paa den siste etappen.  Og eg. Og ein heil del andre.
 

Hesten deltok ikkje, han var berre til pynt.



Ei lita sandloppe paa veg ut i den store oerkenen.