torsdag, januar 13, 2011
Turkmenistan farvel
Uventa går det mot slutten av tida mi i Turkmenistan, eg hadde rekna med å vera her iallefall til slutten av juni. Noko vemodig faktisk, dette er eit interessant land og eg har hatt mange gode stunder her. Men eg kan ikkje seia anna enn at neste stoppestad for ein farande fant utan tvil er noko å sjå fram til: Montenegro
onsdag, november 17, 2010
Eta seg gjennom Dashoguz Velayhat
Eg har vore til Dashoguz for fyrste gong. Føremålet med turen var å vera venleg med dei lokale styresmaktene i vona om gode samarbeidsforhold i framtida. Provinsen har mange statlause innbyggjarar og me lever i vona om at den høgvelbårne snart vil godkjenna eit arbeidsprogram for samarbeidet mellom oss og regjeringa, som vonleg skal gje desse folka statsborgarskap.
Fyrste dag opna med møte med hakimlik (regionale styresmakter), deretter reiste me til ein av delsdistrikta i Nyiasov etrap (distrikt) for å møta lokale styresmakter og statslause. Lunsj. Deretter møte i neste deldistrikt. Lunsj.
Dag to: Møte i deldistrikt i Gorogly etrap. Lunsj. Deretter møte i neste deldistrikt, og lunsj. Fire lunsj på to dagar, i tillegg til frukost og middag. Gjestfridomen i dette landet er grenselaus, og det er ikkje mogeleg å seia nei. Men møta var gode, og eg trur me har klart å bli gode vener med dei lokale styresmaktene, som lover godt for framtidig arbeid mot statsloyse.
Bonus: me vitja eit lokalt museum som var fint og interessant. Og eg fekk lov å skriva meg inn i gjesteboka for høgvelbårne gjester.
| Plastikkpalme utanfor hotellet der eg budde |
| Møte |
| Karakumørkenen er vakker. Dette er langs veien mellom Ashgabat og Dashoguz |
Dag to: Møte i deldistrikt i Gorogly etrap. Lunsj. Deretter møte i neste deldistrikt, og lunsj. Fire lunsj på to dagar, i tillegg til frukost og middag. Gjestfridomen i dette landet er grenselaus, og det er ikkje mogeleg å seia nei. Men møta var gode, og eg trur me har klart å bli gode vener med dei lokale styresmaktene, som lover godt for framtidig arbeid mot statsloyse.
| Karakum tyder svart sand |
Bonus: me vitja eit lokalt museum som var fint og interessant. Og eg fekk lov å skriva meg inn i gjesteboka for høgvelbårne gjester.
| Bloggskrivaren skriv i bokji |
mandag, oktober 11, 2010
Plantesesongen har starta!
På laurdag starta plantesesongen, litt uventa for min (og andres) del sidan oppdraget denne helga var å opna ei fontene. Men kva gjer ein ikkje for miljøet! Awasa treng utan tvil tre, og med alle turistane som skal nyta ferieparadiset i framtida i tankane mine, kasta eg meg ut i plante-eventyret. Denne gongen var det utan mat og dans (det var det flust av under fonteneopninga) og me kom oss alle heim til Ashgabat som planlagd, sjølv med dette uventa programinnslaget.
| Bloggskrivaren, den einaste i korrekt planteantrekk: dongeri og strikkejakke. |
Alt var tilrettelagd, med ferdiggravd hol for kvar tre, spade, og vassbøtte for dei forste hola. 'Skal du koma attende neste år for å sjå resultatet av innsatsen din må du planta sju tre', sa ein diplomatkollega. 'Seks av sju tre vil døy på grunn av vassmangel'.
| Typisk turkmensk arbeidsantrekk for treplanting: svart dress og lakksko. |
GB Shovel-starts Tree Plantation Campaign
Turkmenbashy, 9 Oct—The autumn tree plantation campaign started 9 Oct with shoveling-in of hundreds of pine saplings in Avaza. President Berdymuhamedov planted the first sapling, followed immediately by heads of diplomatic missions and international organizations, cabinet members, and elders.
In all, 324000 saplings were planted on 9 Oct. The week-long campaign is expected to add some two million saplings to the green treasure of Turkmenistan. In addition to pine, these would include arborvitae, Arizona cypress, Turkmen juniper, mulberry, almond, ash and poplar.
Most of the sites would be irrigated through drip irrigation system. /// nCa
lørdag, oktober 09, 2010
Fontener
| Den nye fontena sekund etter at presidenten har trykt på knappen som sette alt i gang |
| Ei av dei mange fontenene på plassen framfor den store sjø-fontena. |
| Fontena om kvelden, lyssett og med hologram (som ikkje visest her). |
| Folket ventar på presidenten, bak kaskader av vatn.. |
fredag, oktober 01, 2010
Nobelprisen til president Nazarbayev
For ein gongs skuld synes eg at eg må ta eit steg ut av Turkmenistan, sjølv om nyhendet eigentleg er litt gammalt.... Eg tykkjer likevel framlegget om å gje Nobelprisen til presidenten i Kazakhstan fortener plass. Framlegget kjem frå The World Assembly of Turkic Peoples, som nyleg møttest i Astana, hovudstaden i Kazakhstan. I grunngjevinga vert det nemnt at Astana er ein åndeleg verdshovudstad, og at landet har spelt ei viktig rolle i den fredelege utviklinga av Sentral-Asia og den turkiske verda (eg er freista til å nemna døme som den fredelege utviklinga i Kyrgyzstan dei siste månadene, menneskerettssituasjonen i nærliggjande land eg ikkje skal nemna med namn). Presidenten har også bygd ein diger pyramide i Astana, Palasset for Fred og Forsoning, seier grunngjevinga for nominasjonen, som i tillegg nemner den 3 meter høge statua av presidenten som er sett opp i Ankara i takksemd for alt han har gjort for den turkiske verda.
No er eg rett nok litt stygg: reelle argument som nøytralitetspolitikken, og nedbygginga av landet sitt atomarseneal er faktisk nemnde.
Obama i fjor, ja kvifor ikkje Nazarbayev neste år, og kanskje 'min eigen' president seinare?
