onsdag, august 25, 2010
Endeleg kjem skianlegget eg har venta på
Det er lenge sidan ideen om innandørs skianlegg i den turkmenske ørkenen vart lansert. Var det berre eit luftslott? Kanskje ikkje. I dag melder media at Turkmenistan skal bruka 7 million dollar på å vidareutvikla Avaza tourist resort. Presidenten uttrykkjer von om at komplekset skal verta ein ny «Las Vegas»-style destinasjon. «The third phase of the project provides for the emergence of a peculiar Turkmen 'Las Vegas' with numerous casinos and other entertainment centers,» sa han. Og ikkje minst: mellom dei nye prosjekta er "an indoor ski facility, more hotels and a series of infrastructure projects". Følg med, følg med, dette blir spanande!
1 kommentar:
veldig interessant, takk
Legg inn en kommentar