torsdag, april 08, 2004

Skjærtorsdagaftan

høyrer me framleis på roma-musikk, avløyst no og då av fjernsynsendingar med avhøyr av Ms. Rice, Bush sin trugne allierte i alt som har med krig-mot- terrorisme å gjera. Temperaturen har slite seg under 30 grader, og det har vore mørkt i mange timar. Det er lite å rapportera frå Trincomalee, trass i alle pessimistiske prognosar om slåssing i sør og potensielle (intern)flyktningstraumar er det stille og roleg. Det mest spanande står husbonden for, som har funne ein - til no - ukjend geriljaleir i jungelen. Han frydar seg framleis over andleta til krigarane som ikkje hadde venta vitjing. Eit godt opplegg for ny reklame for Gevalia kaffi ('når noen kommer uanmeldt på besøk')?

Langfredag skal markerast med bading i Bengalbukta/det Indiske hav. Den tradisjonelle turen i hundremeterskogen (i tilfelle dårleg ver), til Sinsenkrysset (om me er litt late), eller til Langedalen via Finnabu (om formen er brukande), er berre ein draum. Kanskje neste år....

mandag, april 05, 2004

Balkansk Roma-musikk i Trincomalee, Sri Lanka

Det er langt fraa Balkan til Trincomalee, men med god tilgang på roma-musikk frå Makedonia kan ein nesten kjenna seg heime - sjølv om temperaturen held seg jamt over 30 sjølv seint på kvelden. Bregovic er favoritten, og tillaup til å smugla inn ungarsk-inspirert musikk vert for mykje for ektemannen, som er stolt av statusen som æresmedlem av romakommunen Suto Orizari i Skopje. Roma-musikken får oss begge til å lengta til Makedonia - etter fire år er Skopje nesten som heim å rekna. Men kven veit, etter to år i Channel Lane, Trincomalee har me kanskje grodd nokre røter her og? Farande fant kjenner seg heime i kvar ein busk, trur eg, og slik er det det nok for oss og. Channel Lane er slett ikkje verst, ei god blanding av tamilar og muslimar i ein by som speglar den etniske røra i Sri Lanka. Her kjenner alle alle, og ikkje minst veit alle kven me er, framandfolk som me er. I så måte er alle lokalsamfunn likeins, anten dei heiter Trincomalee eller Kinsarvik.