lørdag, januar 29, 2005

Samordning

er framleis ikkje greitt. Når regjeringa hoppar bukk over samordningsorgan dei sjølv har etablert, og det eine nivået ikkje veit kva det andre vedtek og gjer (og omvendt), kjem tilogmed røynsla frå Ullensvang herad til kort. Eg vil heller skriva om noko anna: Babyskilpadda har forsvunne, ho har truleg rømt ut i naturen der ho høyrer heime, og det er kanskje like greitt! Dertil: eg har kjøpt min fyrste sari som er blå med gull og raudt, eg har vore til skreddaren for å få sydd sariblusen, og på måndag skal han brukast!

torsdag, januar 27, 2005

Strategi, påfuglar og skilpadder

Eg har vore i Vavuniya på møte for å drøfta vidare arbeid og strategi. Mellom andre kollegaer møtte eg S. , kollega som den siste månaden har leia arbeidet vårt i Ampara. I Ampara er umåteleg mange døde, mange er sakna, og mange hus knust (eg har ikkje statistikken i hovudet og no er eg heime i stova). S. skil seg frå oss andre ved at han sjølv er frå området der han arbeider. 2,000 menneske døydde i bygda han kjem frå. Han kjenner alle han skal hjelpa. Eg tenkjer at eg er heldig som framleis har ei form for avstand frå tragedien, og at eg kan gå heim og leva (nesten) normalt nokre timar kvar kveld.

På vei heim frå Vavuniya i føremiddag såg eg påfuglspel. Det har eg berre sett på fjernsyn før. Det var flott.

Dessmeir fann me ei bittelita babyskilpadde på vegen. No har ho flytta inn Channel Lane 23, til stor interesse for fem kattar før ho rømde inn i blomejungelen ved terrassen.

tirsdag, januar 25, 2005

Thaipusam

I kveld har Jeyakanth (vakten vår, som nesten er som del av familien etter alt som har hendt) feira Thaipusam. Han og fiskarane i Back Bay har tilbede sjøen, som dei plar gjera kvart år. I år er denne markeringa litt spesiell, seier Jeyakanth. Ingen av fiskarane eller familiane deira i Back Bay mista livet under tsunamien, og han trur dette er fordi dei kvart år passar på å markera Thaipusam. Og såleis kjennest heller ikkje sjøen som farleg for fiskarane i Back Bay, trass i det som har hendt.

mandag, januar 24, 2005

Samordning

e'kje greitt. Best som ein har fått nokre organisajonar til å verta samde om kvar dei skal konsentrera husbyggjearbeidet sitt, landar det ein ny organisasjon som vil byggja i same område. Når den siste samstundes får velsigning frå lokale styresmakter, som før har gitt same velsigninga til ein eller to andre organisasjonar, blir det problem. Og så sit det ein stakkars harding midt imellom og prøver å samordna, med røynsle frå byråkratiet i Ullensvang herad, og som i sitt einfald trur at styresmakter har ei slags orden på ting. Ikkje her so, iallefall er det avogtil vanskeleg å sjå ordenen. Men det er berre å bretta opp skjortearmane, sputta i nevane og hiva seg innatt i kaoset i morgon. Hus skal bli, til sist!

søndag, januar 23, 2005

Blackie, Lynx, Lemmus, Gråpus og Brunost

Ein heilt normal dag, som starta med Friele Frukost kaffi og sveitsarost. Restane etter ferie i Noreg. Nam nam.

Tid til å betrakta kattane våre, som har innteke familien utan plan (frå vår side). Plutseleg var dei berre her. Blackie er mor, Lynx og Lemmus er jenteungane hennar, og dei to minste er førebels Gråpus og "den gule" (eller "Brunost"). Lemmus er den moderlege, som passar småkattane og kosar med dei når mor ikkje har tid. Lynx har aldri tid til slikt, men lærer derimot kjetlingane opp i ugagn, som t.d. akkurat no når ho ligg ved sida mi og riv sund søndagsavisene mens Gråpus ser beundrande på (og sikkert kjem til å gjera likeins neste søndag). Om tre veker er Gråpus og Brunost store nok til å skiljast frå mor (og systrene). Men kva gjer me om ingen vil ha dei? Det er det store spørsmålet...

lørdag, januar 22, 2005

Regn , regn over tsunamileirane i Trinco

Har vitja stadig fleire leirar. Og sett stadig fleire område der bylgja har slått. Men det er rart, ein stad er alt øydelagd, like nedom kan ein finna stader der nesten ingenting er skada. Det må vera sjøbotnen utanfor som har ført til så ulike fylgjer.

Mange bur under plastikkpresenning (sjå bilete nedom) og dei siste dagane har det hølja ned natt og dag. Nokre har fått nok, og flytter til vener og kjende for ei stund (og geitene flytter inn under presenningen). Andre fortel ope at dei søv heime om natta, og held seg i leiren om dagen, slik at dei kan få sin del om nokon kjem for å dela ut hjelp. Men mange, mange har ingen stad å gjera av seg, husa er knuste, båten og levebrødet er borte. Og alle er fattige uansett kva Tsunamien gjorde med dei, så til sist kjem nok hjelpa til nytte anten det er slik eller slik....

fredag, januar 21, 2005

Det som skjer, skjer

Er de redde for å flytta attende, spurde eg i leiren i Jaya Nagar. Det som skjer, det skjer, sa mannen og nikka hovudet på lankesisk vis. Landsbybuarane her bur i telt og under plastpresenningar, ikkje langt frå stranda der bølgjene slår og lagar mykje lyd. Eg ville tru lyden var skræmande etter det dei har opplevd. 18 døydde, og murhus er knuste til småbitar.

Langs vegen sør mot Trinco ligg den eine leiren etter den andre. Dei fleste bur i telt, ein del under presenning. Striregn dei siste tre dagane har jaga mange inn til mellombels opphald hos slektningar og vener. Men ingen klagar. Dei har fått mat og vatn, "tak" over hovudet, det mest naudsynte av ting dei treng for å klara seg, helsetenestene fungerer.

Kystveien inne i bysentrum er også vorten internflyktningleir.Langs fortauskanten og på kvar ein liten open plass langs gata ligg det eine teltet etter det andre. Her bur fiskarane som før budde på stranda i Back Bay. Det er uvisst om dei kan flytta attende, eit framlegg til nye forskrifter forbyr gjenoppbygging i ei sone på 200 eller 300 meter langs kysten. Ikkje lett å få forståelse for mellom fiskarane som tradisjonelt bur i havkanten.

Jaya Nagar Tsunami-leir

Tsunami-leir, Kuchchaveli

torsdag, januar 20, 2005

Kvar er folk?

I morgon har eg lovt meg sjoelv at eg skal ut or kontoret! Saa mange moete, saa mykje papir, prosjektframlegg, tidsfristar - folk me arbeider for aa hjelpa vert statistikk og tal. Det er paa tide aa kasta seg ut i royndomen att. I morgon vil eg til Veloor, Kumpurupiddy, Gopalapuram, Valaiyoothu eller Veerancholai, for aa snakka med dei som har mista heimane sine, for aa faa eit betre inntrykk av situasjonen.

onsdag, januar 19, 2005

Vandrehistoriar

Om nokon trudde på soga om havfrua i Chennai, må eg skuffa dei. Denne soga har vore sirkulert dei siste åra, og seiest å vera om ei havfrue som vart funnen på Filippinane. Men skal ein tru informasjon frå nettet, fins ikkje havfruer. Derimot har det vore vanleg i hundreår at folk har laga ein slags dokker av apekattar og fisk, for å visa fram til folk. Denne havfrua er truleg ei slik ei.

Elles kjem ulukker sjeldan aleine: onkelen til vakten vår kolta på sykkel for tre dagar sidan. Han er ein av fiskarane som budde langs stranda her i byen. Idag døydde han på sjukehuset av skadane. Att sit enkja med fem born frå 14 år og ned.

tirsdag, januar 18, 2005


Her er ho (han)! Litt skrukkete..

Havfruer

Den som har sett den lille havfrue i København, veit at havfruer er vakre og feminine. Ikkje slik i det indiske hav. Ifølgje media har tsunamien kasta på land ei havfrue i India. Denne "havfrua" har hovud som ein gammal mann, grått hår, stor munn og mange tenner, antydning til bart og skjegg, armar. Resten er fisk. Eg har sett bilete av frua (oldingen) som no, ifølgje soga, er tatt vare på i eit museum i Chennai.Eg hadde tenkt å visa bilete av fenomenet, men av tekniske grunnar gjekk ikkje det. Kanskje i morgon?

Elles meldest det både frå Thailand og Sri Lanka om Tsunami-spøkje. T.d. om leik og lått frå turistar på stranda, men når folk ser etter, er stranda tom! Eller drosjar som tek opp turistar som skal til flyplassen, men når sjåføren snur seg for å snakka til passasjerane, er det ingen der.....

mandag, januar 17, 2005

Dagen i dag

Møte med ny FN-sikkerheitsoffiser, briefing av innkomande frivillig organisasjon, intervju med tsjekkisk fjernsyn, møte med FN-logistikar, møte om distribuering i byen, møte i regjeringa sin Task Force, koordineringsmøte med internasjonale organisasjonar (hjelp, dei vert fleire dag for dag), skriving av dagsrapport, køyra folk heim som ikkje har bil, få kjeft fordi ein har skrive noko feil i dagsrapporten, trøysta folk som er utslitne, diskutera lagerproblem med sambuaren. Takk for i dag og god natt!

søndag, januar 16, 2005

Do not trust a Greek carrying a gift

Me har omskrive dette fyndordet til "Do not trust an American carrying a rub hall". I dag har me venta 9 timar paa flyplaasen paa eit amerikansk fly som skulle koma med ein rubhall til oss (nytt lager). Hallen kom til sist, og han er raud. Det er alt eg har aa seia. No vil eg heim og kvila.

lørdag, januar 15, 2005

Pause

Etter snart tre veker post-Tsunami er det godt med ein dag heilt aleina paa kontoret. Alle har fri, med melding om at det er forbode aa koma paa jobb idag. Me har gaatt tom for hjelp, ventar forsyningar fraa Colombo, og eit fly med tre rub-hallar i morgon. Det vert nok aa gjera for alle seinare.

I dag har eg hatt vitjing av skjell-seljaren fraa hotellet i Nilaveli. Han har fire ungar som gaar paa universitet/hoegskular (svaert uvanleg i denne delen av landet), noko han er enormt stolt over. No har han mista baade hus og levebroed, og veit ikkje korleis han skal klara aa halda ungane paa skule. Eg har lova aa ta opp saka med regjeringa sin representant her; kanskje ei form for stipend for Tsunami-raaka studentar kunne vera mogeleg.

Dei faa skjella han klarte aa berga fraa bylgja ligg no framfor meg paa kontorpulten. Eg er nok den fyrste kunden hans dette aaret, og den siste for lang tid.

fredag, januar 14, 2005

Ladies' Items

Me har ein omfattande utveksling av e-postar om underklede; det er snakk om aa "feminisera" pakken med ting og tang som vert delt ut til Tsunami-offera. "Alle" spoer etter "ladies' items", som me reknar med betyr menstruasjonsbind. Elles diskuterer me om hjelpepakken boer innehalda dameunderbukser, eller ogsaa underskjoert for sarien, og kva med bh? Slike saker er vanlegvis ikkje prioriterte og ikkje del av standard-hjelpepakkane (som inneheld presenning, kokekar, myggnett, vasskrukke, tallerkar, kniv, saape, sarong, sovematter, og faktisk menstruasjonsbind men det har me gaatt tomt for...).



onsdag, januar 12, 2005

Mitt favoritt-tema elefantar

Eg har sett bilete av elefantar som hjelper i oppryddinga i Thailand, og i gaar hoyrde eg om ein elefant som redda livet til eit barn som leika i vatnet. Elefant-hjelpearbeidar, eg likar tanken!

I Trincomalee er det berre ville elefantar, og ingen av dei har saa langt meldt seg som frivillege i hjelpearbeidet. Men eg er overtydd om at dei har samlast, utan at me veit det, og bestemt seg for fylgjande - i solidaritet med tsunami-offera:
- ikkje lenger springa raskt gjennom markene naer landsbyar og skraema folk
- ikkje lenger trakka paa skoyre palmebladhytter
- ikkje lenger oydeleggja risavlingane til folk

tirsdag, januar 11, 2005

Suttekoppar og teddybjoernar

Det er mange rare dyr i Arken, for aa sitera ein gammal bekjend. Og det er somme hjelpeorganisajonar som er noko underlege. Ein moette me her om dagen, dei ville selja souvenirar til hjelpearbeidarar i Trinco til minne om tsunamien i Sri Lanka, og dessutan ville dei dela ut suttekoppar til ungar (slike med lok med hol). Ikkje har eg skjoent at det er eit brennande behov for slike koppar mellom ungane her, men ein veit aldri. Ein annan organisajon vil ha hjelp til aa samla inn teddybjoernar og dela ut til ungar for aa faa dei til aa smila. Ein edel tanke, men kanskje ikkje heller fyrsteprioritet.

Me andre putlar med planar om aa byggja nye hus til ungane. Modellar av mellombels loysingar for dei som er raaka er betre enn dei husa mange budde i foer tsunamien. Saa kanskje foerer denne bylgja til noko godt; folk som levde i elendigheit vil endeleg faa hjelp til aa bu i eit skikkeleg hus.

mandag, januar 10, 2005

Skulane startar

i dag, og mange Tsunami-flyktningar må finna seg ny plass å bu etter å ha budd i skular dei siste 15 dagane. Vanleg pensum-undervisning startar andre veke, den første veka er det bøn, og leik. Dette er lankesarane sin måte å bearbeida treumatiske opplevingar.

Helsestyremaktene seier dei har kontroll over helsesituasjonen i Trinco, på Task Force-møte idag kom det fram at dei er takknemlege for hjelp frå utanlandske medisinke organisasjonar men ber om at alle som vil hjelpa samordnar med dei. To tilfelle av overdoseforgiftning er kjende; folk går først til den lokale legen, deretter til den utanlandske, og så et dei medisinen dei får frå begge legane.

Eg har blitt utpeikt som leiar for regjeringa sin "shelter"-komite i Trincomalee. Det skal bli utfordrande og spennande.

D reiser rundt i Kuchchaveli nord og leverer ut naudhjelp. Han er dårleg betalt: to små sjokoladar er alt han har fått dei siste fire dagane.Men han får mykje godvilje frå kono, når ho ikkje er for trøytt...

søndag, januar 09, 2005

Hotell langs kysten

Etter lunsj i dag vitja me strendene nord for Trinco. French Garden var borte, alt var knust, men dei har alt starta å byggja nytt. Club Oceanic er delvis øydelagd, men har fiksa mykje og hadde alt mange gjester (hjelpearbeidarar).

Strandhotellet i Nilaveli var eit sjokk. Alle bungalowane på stranda er heilt borte, bassenget fylt med sand og skrot. Me snakka med hotellsjefen som sa "Tsunami, what to do, no?" Han rekna med å vera i gang att om fire månader. Ein av dei andre tilsette fortalde at det var 300 gjester og tilsette i hotellet då bylgja kom, mange barn. Dei tilsette klarde å få nesten alle ut av området, før dei sprang sjølv. Åtte turistar døydde, og resepsjonisten. Då me vitja i dag, sorterte personalet personlege eignedeler som låg att; pass, medisin, sololje, bøker.

Det var skræmande å sjå kva krefter som har vore i sving.

Hotellet sett fraa strandbaren.

lørdag, januar 08, 2005

fredag, januar 07, 2005

torsdag, januar 06, 2005

Ransel og sjokolade

Idag fekk ungane som bur paa skulen i Main Street (men som eigentleg bur paa stranda i Back Bay der alle husa er borte) skriveboeker, ranslar og sjokolade fraa den israelske organisajonen som er her. Eg saag ikkje ungane idag, men kollegaene mine som var med paa utdelinga, og israelarane, gaar rundt og ser lukkelege ut. Det var visst stor stas. I ettermiddag er dei i Nilaveli, m.a. i Veloor (sjaa nedom). Min frivillige husbond har vore i Kuchchaveli nord, er skrekkeleg effektiv og faar gjort mykje!

I natt sov eg minst 6 timar, for fyrste gong paa ei tid. Det var godt.

onsdag, januar 05, 2005

Kofi

kjem på vitjing på laurdag. Det er bra, fordi vitjinga set fokus på situasjonen i Trincomalee, ikkje så bra fordi det tek mykje tid som kunne brukast til å hjelpa folk. Men eg trur at hovudsida er bra, for å bruka eit kjend uttrykk frå syttitalet. Kofi veit det ikkje enno, men han skal få sjå situasjonen i Kinniya. Til dømes sjukehuset som de kan sjå litt lenger ned på denne sida. Og kanskje internflyktningleiren i Faizal Nagar, der folk i mange år har vore fordrivne frå bygda si lenger sør, var fordrivne igjen i fjor på grunn av ny etnisk konflikt, og atter ein gong vart fordrivne på grunn av tsunamien.

tirsdag, januar 04, 2005

Veloor

Veloor landsby i Kuchchaveli: meir eller mindre viska av kartet sist sundag. 400 familiar, nokre og sytti personar doydde, av dei 40 ungar. 130 familiar bur no i telt paa ei hoegd ovanfor landsbyen. Me er i Kuchchaveli kvar dag og deler ut presenning, sovematter og handklede. Me har med oss frivillige fraa Raude Krossen i Trincomalee, kollegaer fraa UNDP, vakten vaar og nokre av venene hans. Det er hardt arbeid. Kollegaene mine er troytte, og eg er redd for aa slita dei ut. Ein maatte sendast heim i dag med feber og hovudverk. Me har bedd om meir personale, men foerebels veit eg ingenting. Men idag er sambuaren paa plass, og fraa i morgon blir han ogsaa sendt i felt som frivillig. Me treng alle gode krefter for aa faa dette til aa gaa rundt.

mandag, januar 03, 2005


Meir sjukehus

Sjukehuset i Kinniya

Sjukehuset i Kinniya

Idag: vitjing til Kinniya, like sør for Trincomalee by. Ein hjelpeorganisasjon frå Israel kjem inn med hjelp på onsdag og me ser kvar det kan vera aktuelt å senda hjelpa.

Sjukehuset i Kinniya hadde 100 senger og er no knust. Ca 50 pasientar og personale omkom. No arbeider helsepersonalet i eit mellombels sjukehus i det lokale biblioteket, med seks senger. I går hadde dei 1,000 pasientar. Dei fleste pasientane har psykiske problem, men diare i leirane ser ut til å vera eit aukande problem..

Men no kjem hjelpa inn. I Kinniya er det fleire organisasjonar som arbeider med helseproblema, og samordning med helsestyresmaktene er i gang.



lørdag, januar 01, 2005

Godt nyttår

til alle. Me hadde faktisk ei form for nyttårsfeiring i går kveld, folk frå ICRC, USAID, UNICEF, UNHCR, GTZ, VSO, og to flasker champagne. Men det var mykje snakk om bølgjer,ikkje så mykje om nyttårslovnader og slikt. Det vert elles mykje jobbing, idag 13 timar før eg kom meg heim. Men ein får mykje energi når det trengs.

Eg snakka med Anandi, hushjelpen vår, i dag. Huset hennar vart fylt av vatn (mellom 1 og 1,5 meter) og alt er øydelagt.Men alle lever.

Ein partnerorganisajon seier at sjølvmord meir og meir blir eit problem; folk er treumatiserte og det er lite hjelp.I heile aust-provinsen skal det vera to personar som har psykiatrisk utdanning/bakgrunn.

Men me byrjar å få inn hjelp! I dag fekk me inn tre lastebilar med presenning og sovematter. Ein israelsk organisasjon har gitt oss ei stor mengde med NFRIs (Non-Food-Relief-Items i UNHCRsk språkdrakt) inkludert medisin, som me planlegg å gje til sjukehuset i Kinniya. Sjukehuset ligg på stranda, er kraftig øydelagt og 60 pasientar og personale blei feia på sjøen. Norsk Røde Kors kjem her måndag og skal visstnok setja opp eit feltsjukehus i Eachchilampattu (sør i Trinco). Flyktningrådet kjem på tysdag for å sjå på bustadsituasjonen for dei som er råka.

For dei som har vore her: Nilaveli hotel (vårt pustehol på søndagar, med den finaste stranda i heile Sri Lanka) skal vera heilt øydelagt. French Garden, kjend frå Lonely Planet, mange hjelpearbeidarar sin andre heim i Trinco, er jevna med jorda. Men bestefar og bestefar Pragash, Raj som driv gjestehuset og heile familien hans overlevde.

Tsunami

Kvar skal eg byrja? Trincomalee har 925 doede som fylgje av boelgja som slo inn over distriktet sundag morgon, relativt lite samanlikna med omraada lenger soer. 327 er sakna, og 93,400 er heimlause. Ein av dei er Jeyakanth, vakten min. Familien hans har budd i hagen min sidan boelgja feia over stranda der dei bur, knuste huset og alt dei eigde til pinneved. Baaten, som er grunnlaget for levebroedet til faren, er ogsaa knust. Men dei er i live.

I dag reiser me til Kinniya, den verst raaka divisjonen i Trinco. Her er meir enn 400 doede. Ein av vaare intern-flyktningleirar laag paa stranda, me veit ikkje kva som har skjedd med innbyggjarane. Sjukehuset laag ogsaa paa stranda, det er heilt oydelagt, og mange av pasientane vart feia paa havet.

Situasjonen er ganske kaotisk, og samordninga haltar. Men i gaar vart det etablert ein "task force" i Trincomalee med medlemmer fraa tigrane, regjeringa, sikkerheitsstyrkane, og internasjonale organisajonar. Eg vonar den blir eit effektiv reiskap for aa hjelpa folk, og ikkje endar opp som eit supperaad.

Elles er mediafokus paa Galle, og byane i soer. Dei har ogsaa lidd mykje, men samfunna der etter mi vurdering mykje sterkare enn samfunna i aust og vil raskare klara aa koma seg paa fote att. Her er dei aller svakaste raaka, svaert mange av laagkaste eller folk som har vore internflyktningar i lang tid. Eg er redd for at hjelpa som kjem inn vert prioritert til omraada i soer. I Trincomalee er det ingen journalistar fraa Europa eller USA, eller fraa nasjonale TV-stasjonar i Colombo. Det er lettare aa ta ein bil til Galle, reisa attende om ettermiddagen og nyta solnedgangen fraa terassen paa eit av hotella i hovudstaden.

Meir seinare.