torsdag, september 30, 2004

Fantastiske historiar fraa jungelen

Eg saag 53 ville elefantar paa veg heim fraa jobb i gaar ettermiddag! Ein av dei var saa naer at eg kunne nesten ta paa han. Han var grinete, vifta med oyrene og kasta gjoerme. Eg trur han var sur fordi nokon hadde stole alle halehaara hans mens han sov, han hadde ein rar hale som enda i ingenting. Kanskje det vert billegsal paa elefanthaarsmykke dei naeraste vekene? Eg sa vakre ord til han, for aa kjenna meg trygg i framtida. Ein kan aldri vita med elefantar....Sist veke angreip ein elefant eit ektepar i Tiriyai. Kona hadde snakka stygt om elefanten tidlegare, og elefanten sprang etter henne og kasta henne inn i jungelen. Og alle har vel hoyrt om politikvinna i Kandy, som rette fram ei banan til ein av elefantane i Perihera-prosesjonen, men goymde banana daa elefanten ville ta den. Neste gong elefanten saag politidama, loefa han henne hoegt oppi lufta og sette henne nedatt, uskada. Verre var det med mannen som..Nei no er det nok med elefanthistoriar. Men det er sant at dei er gule under foetene.

søndag, september 26, 2004

Myggstikk-kløe

Eg trur det må ha vore nedbørsrekord i Trinco i dag, når det ikkje ausar ned silregnar det. Og med det kjem myggen. No har eg tre nye myggstikk, og det klør! Av ein eller annan grunn er eg de einaste av alle nordmenn i Trincomalee som ikkje har fått Dengue-feber, så eg kjenner ein viss prestisje i å unngå mygg og dermed smitte. Må nok skjerpa meg og smørja betre! Det er mange teoriar for kvifor nordmenn og nesten ingen andre får Dengue. Svenskane sin teori er at nordmenn er spesielt sarte og svake. Andre hevdar at presidenten har trent dengue-myggen til å angripa nordmenn spesielt (det var ho som i si tid snakka om lakseetande nordmenn som ikkje var i stand til å skapa fred nokon stader; eg trur ho fyrst og fremst uttalte seg om Bondevik...)

tirsdag, september 21, 2004

Ei veke ferie er over

og eg er attende i Trincomalee. Alt er ved det same, meir eller mindre.Myggen bit, det er varmt, me har framleis politivern. Det nye er ein sveltestreik ved klokketårnet i sentrum i von om at det skal få tigrane til å frigje kidnappa heimevernsfolk. Og i dag har det vore hartal, singalesarar brende dekk ved 4th Mile Post og vegen til Colombo har vore stengd.

Mens Grete fann ein elefant i elva...

Og så skal teen leverast på teplantasjen

Teplukkarar i Kandapola, Nuwara Eliya.

Gjester ynskjer tillukke.

Og brura tek mot ein telefon under seremonien....

Hindubrudlaup i Vavuniya, kollega Venthini gifter seg!

torsdag, september 09, 2004

Liv og lagnad i Channel Lane

har teke ei ny vending. Torer eg seia at me har faatt politivern? (Ikkje alle her likar norske monitorar.) To kjekke unge politimenn invaderer hagen kvar kveld, med uniform, blanke sko og strittande maskingevaer. Dei er hoeflege og kjekke, men det er liksom ikkje lenger det same aa sitja ute i hagen og nyta solnedgangen med eit glas kvitvin. Me har gjest fraa Noreg, som truleg tykte fyrste kveldsseta vart litt vel eksotisk....

søndag, september 05, 2004

Lat sundag

i Channel Lane. Det er triveleg å vera heime når ein har selskap av to hyperaktige kattungar som er høgt og lågt og alle stader, ein mammadalt-kattunge som mest vil kosa, og ei kattemor som stadig innyndar seg for å få meir mat. Dei to hyperaktige har no fått namn: Leo og Lynx. Den siste liknar på ei gaupe, derav namnet. Mammadalten heiter Lemmus, fordi han liknar på eit lemen.

Men om det er relativt fredeleg i heimen, er det meir uroleg utomhus. Ikkje så gale i Trincomalee (med unntak av nokre halvgalne munkar og andre ekstremistar som okkuperte kontoret til D i slutten av veka), men talet på politiske mord i Batticaloa og i Colombo er høgare enn nokonsinne. Folk er nervøse, og er redde for ein ny krig. Politikarane pratar om nye fredsforhandlingar, men kjem aldri over pratestadiet. I Trincomalee har tigrane sendt ut propagit-grupper i landsbyane og i flyktningleirane for å rekruttera nye kadrar. I ein av leirane rekrutterte dei tre jenter sist torsdag, den yngste 12 år og den eldste 16. Offisielt har dei slutta å rekruttera barnesoldatar, i praksis.....


Ettermiddagskvild