torsdag, juli 09, 2009

Rukhnama lever!

Alle vi som trudde den heilage boka no var teken ut av pensum og ikkje lenger var opptakskrav ved inntak til høgare utdanning i dette landet må revurdera den trua: I Nøytrale Turkmenistan (som er ei avis) frå 4 juli kan ein lesa at alle som vil søkja seg inn på universitetet må avleggja eksamen i Rukhnama (og nokre andre fag).

Vil du til dømes verta lege, må du ta eksamen i biologi, kjemi og 'the sacred Rukhnama'.

Inntakskrav til musikk-konservatoriet:
Specialization “Theartofsinging”: singing, solfeggio and music theory (in writing and orally), the Sacred Rukhnama;
Specializations “Choral conducting, Orchestral Conducting”: musical instrument playing and piano, solfeggio and harmony (in writing and orally), the Sacred Rukhnama.


Ikkje spør meg kva Theartofsinging er, eller solfeggio, og slett ikkje kvifor ein treng å kunna den heilage boka for å studera det. Kva avisartikkelen ikkje skriv er at ein i tillegg til inntakseksamenen også må betala ein inngangsbillett, men det er slikt ein ikkje snakkar om.

Om ein framleis treng å avleggja eksamen i Rukhnama for å få førarkort for bil, veit eg ikkje.

Turkmensk sommarkampanje!

På veg til jobb observerer eg at politimenn er plasserte på midtstreken langs alle sentrumsgatene, omlag ein kvar femte meter. Dette er nytt og det ser litt farleg ut (trafikken her er hasardiøs), men eg reknar jo sjølvsagt med at det er ei meining bak denne politimannplasseringa. Og det er det: det er ein kampanje for å få folk til å slutta å parkera ulovleg i sentrumsgatene. Det står ulovleg-parkering-skilt langs gatene men det er det ingen som bryr seg om. Kanskje kampanjen hjelper, kva veit eg. Det er iallefall tydeleg at det ikkje er mangel på politi i dette landet (om nokon trudde det!).