lørdag, september 30, 2006

Nimule, Magwi

The Lord's Resistance Army (LRA) har i lang tid herja i baade Uganda og Soer Sudan, ogsaa i Magwi-fylket vest i Aust Ekvatoria. No forhandlar dei om fred med Uganda, og mens forhandlingane held fram, er militsiaen samla m.a. i Owinu Ki-bul i Magwi. I Mgawi hoyrer folk til Acholli-stammen. LRA er ogsaa Acholli, men fraa andre sida av grensa. Mens mange, mange i Magwi er drepne eller har flykta fraa landsbyane, har andre slutta seg til stamme-frendane sine. Dette gjer sjoelvsagt framtidige loysingar vanskelege.

Men folk flest er optimistiske, og mange har byrja aa venda heim. Fraa maandag til torsdag reiste eg rundt i fylket for aa vurdera korleis me kan hjelpa i tilbakevendingsprosessen. Me snakka med folk som hadde gaatt heim fraa leirar i Uganda, fraa fem til sju dagar langsetter veier og trakk. Andre kom heim med baat paa Nilen fraa Uganda til Nimule. Kirkens Noedhjelp tek mot dei paa grensa, registrerer og gjev litt hjelp foer dei reiser vidare.


Denne baaten er ikkje Kirken Noedhjelp sin, men vert brukt til aa frakta folk over Nilen.


I Nimule vert folk moett med dette skiltet.

Fraa Nimule reiste me til Magwi by, og til landsbyen Palataki der ein tidlegare misjonsstasjon held til, no heilt oydelagd. Men kyrkja, reine katedralen, stod. Folk brukar framleis kyrkja, men taket har byrja aa rasa saa det er ikkje lenger trygt.


Ein organisasjon hjelper folk i gang med jordbruk og husdyrhald. Me fann m.a. buskar med piri-piri, fekk lov aa plukka, og gler oss til knallsterk chilikrydra mat i Kapoeta i dei komande vekene.

søndag, september 24, 2006

Byggja ein stat

Tre dagars strategisk planleggjing i Torit er interessant, ikkje minst for aa betre skjoena korleis det er aa byggja opp ein stat fraa ingenting. Mange av politikarane og adminstratorane har mykje aa fara med, baade av kunnskap og visjonar om korleis staten skal byggjast. Men ikkje alle. Planprosessen som har starta er likevel open, demokratisk, og lovande. Meir enn hundre personar deltok aktivt i diskusjonane, lytta til kvarandre og viste kvarandre respekt uansett rank, status og bakgrunn. Eit fyrsteutkast til utviklingsplan for staten Aust-Ekvatoria vert no skrive og skal diskuterast vidare.

Om ein arbeider i ein ruin med provisorisk straatak, kan eg forstaa at fyrsteprioritet for politikarane er kontorbygningar og bilar. Men eg har problem med aa forstaa kvifor politikarar er opptekne av aa byggja eit (del-)statsteater, utan aa nemna aktivitetar for ungar og unge i byar og landsbyar.

Elles er det rart aa hoyra om alle planane om kva som skal byggjast i Torit. Sidan guvernoeren er fraa Torit, og dei har betre infrastruktur der, er all administrasjon for tida i denne byen. Men Kapoeta er i fylgje konstitusjonen faktisk hovudstaden.

tirsdag, september 19, 2006

Kongar og dronningar

Paa veg til Torit fortel kollega Patrick om monarkiet i landsbyane i omraadet. Ein landsby kan ha baade kongar og dronningar, ofte for ulike sektorar. T.d. ei dronning for fjellet, ein konge for regn, eller for skogen. "Om eg var dronning, ville eg vera dronning for fjellet", tenkjer eg - til Patrick fortel om oppgaavene hennar. Om folk er plaga med slangar og skorpionar (som kjem fraa holer i fjellet)vert dronninga smurd inn med ei spesiell olje, vert lagt framfor hola der slangane held til. Slangane kjem daa fram og slikkar olja av kroppen til dronninga. Til sist kjem den STORE slangen, som berre viser seg ein gong i aaret, og har ei fjoer paa toppen av hovudet. Naar han er mett av olje, forsvinn alle slangane og er ikkje til plage lenger.

"Eg vil heller vera regndronning", tenkjer eg, til Patrick fortel om regnkongen i hans landsby, som vart gravlagd levande i 1978 fordi han ikkje klarte aa skaffa regn i tide for vekstsesongen.

Det er nok best aa halda fram med aa vera heilt vanleg menneske (jordkongen i Torit doydde nyss, men stillinga er alt fyllt).

søndag, september 17, 2006

Strategi

I morgon reiser eg til Torit for aa delta i utviklinga av ein strategisk plan for staten Aust-Ekvatoria. Det skal visstnok vera eit storhende og Torit har alt for mange dagar sidan innfoert utgangsforbod for aa sikra kontroll over situasjonen. Fire heile dagar skal planleggjinga ta.

Paa vegen reiser eg gjennom dette landskapet


og vidare


Me maa ha vaepna eskorte for aa reisa til Torit. Grunnen er at det er militsia-grupper i omraadet som ved fleire hoeve har angripe bilar og folk. Vegen er rehabilitert og minerydda, med unntak av eit stykke der minene framleis ligg tett tett opp mot veien og visstok skal ryddast seinare. Sjaafoerane vaare har faatt grundig oopplaering om minefaren, og korleis dei skal koyra for at me skal vera trygge. Etter gjennomfoert kurs faar dei dette klistremerket paa bilsida.

lørdag, september 16, 2006

Insektliv

Tukulen min har eit rikt insektliv. Interessant, men ikkje alltid like triveleg. I dag tidleg har eg brukt tid paa aa sjaa mange, mange, pitte-oerande maur proeva aa lyfta eit stort, daudt insekt strake veien opp veggen. Det gaar ganske fort opp, men raskare ned. Ikkje saa rart naar offeret er 2 centimeter langt og maurane 2 millimeter.

Men det skjer andre ting og. T.d. ser eg ei aukande militarisering i byen; nye sjekkpunkt dukkar opp som paddehattar. Ein ny general har kanksje behov for aa visa makta si. Ikkje saa kjekt naar me braatt, utan forvarsel, finn oss sjoelve blokkerte utan sjanse til aa kom oss til eller fraa kontoret etter klokka sju.

Paa grensa mellom Sudan og Kenya har 'arabarane' teke over tollvesenet, og auka tollen fraa 10 til 40 % i lopet av ein dag, utan informasjon til nokon. Saa i gaar var det streik paa grensa, ingen kontrollerte nokonting og grenseovergangen var vid og open som ei kyrkjedoer....

lørdag, september 09, 2006

Byggjekunst


Dette er utsnitt fraa ein landsby i Torit, der me fylgde flyktningar heim to veker sidan.



Ei av hyttene (tukulane). Er ho ikkje vakker?

tirsdag, september 05, 2006

Forsoning


Sist veke organiserte Toposa-folket forsoningskonferanse. Didinga, Boya og Toposa moette for aa diskutera fred og forsoning, men det viktigaste for konferansen var aa samla dei to hovudfraksjonane innan Toposa-folket; dei som fylgde SPLA under krigen og dei som heldt med Khartoum-regjeringa.

Eg var bedd om aa helsa konferansen ved opninga, og fekk applaus - sikkert fordi eg var den einaste som heldt meg til dei tildelte 5 minutta. Dei fleste brukte baade femten og tjue minutter paa sine innlegg, og daa eg gjekk etter ein halv dag var moetet alt tre timar etter tidsplanen! Men slik er det, tid er det einaste folk her har nok av.

Paa liknande konferansar eg har vore paa, har kvinnene vore i bakgrunnen. Ikkje so her. To gonger under opninga tok dei fullstendig over moetet, dansa og song og ropte slagord. Kvinna som helste konferansen paa vegne av kvinnene, fortalde at ho tilliks med dei fleste kvinnene under krigen hadde vore heime og passa borna, mens mannen var ved fronten. Ho levde delvis av aa bryggja alkohol.

"Men no har augene mine kome ut av royken fraa alkoholproduksjonen, og no ser eg klart!" sa ho. Ho kveste augene i guvernoeren og sa: "Du Guvernoer, du snakkar om aa byggja ut undervisning saa borna kan laera aa lesa og skriva. Det er bra, men kva med meg og andre kvinner? Me vil ogsaa laera aa lesa og skriva!"

Elles melde mine informantar fraa den fire-dagar lange konferansen at diskusjonane var harde, og ikkje alle var viljuge til aa leggja bak seg usemja fraa krigstida. Men til sist vann forsoningtanken.

søndag, september 03, 2006

GOD-SUNDAG

Jan Garbarek-jazz på øyra, kaffi i kruset, Ragnar Hovland si Innside i Dag og Tid, -det er nesten så eg gløymer at eg er i Sudan og om nokre timar sit i eit lite Cessna-fly på veg til Juba for møte om tilbakevending og planar for 2007.