tirsdag, mai 16, 2006

The Lost Boys

På slutten av 80-talet dreiv krigen meir enn 20,000 unge gutar frå heimane deira i Sør-Sudan. Etter å ha gått i veker og månader kom dei til Etiopia der dei budde i flyktningleirar til 1991 då etiopiske styresmakter dreiv dei ut. I meir enn eit år var dei på flukt igjen. Omlag halvparten døydde på vegen, drepne av ville dyr, av svolt, sjukdom, eller av kuler. Til sist enda dei fleste i Kakuma flyktningleir i Kenya, der dei fekk høve til å gå på skule og leva eit meir 'normalt' liv. Mange vart til sist busette som flyktningar i USA. Du kan finna mykje på nettet om desse gutane.

Eg kjenner ein av 'the lost boys'. 'We were never lost', seier han til meg. 'Dei fleste av oss vart tekne frå familiane våre av geriljaen, og sende i leirar for å bli soldatar.' Alle familiar måtte gje frå seg ein eller fleire gutar. Dei som var sterke vart gjevne militærtrening. Sjølv var han 7 år då han vart teken frå familien. Faren var alt borte, mora vart seinare drepen av ein av fraksjonane innan geriljaen. Sjølv valde han å forlata geriljaen, etter å ha vore barnesoldat i to år. Han fekk tilbod om å reisa til USA saman med andre 'lost boys', men takka nei. Han har to småsysken som han har ansvar for. Han leiger eit husvære for dei og betaler skulepengar så dei kan få seg ei utdanning. Framtida hans er i Sudan.

Min ven er eit av dei mest heilstøypte menneska eg har møtt på lenge. Eg har sett så mange blitt øydelagde av krig og lurer på korleis det har seg at nokre kan klara å koma ut av så mykje faenskap med så mykje godt i seg.

mandag, mai 15, 2006

Vetle verda

På veg heim frå Bergen plingar telefonen min på Voss.
"Hallo Brita, det er Luka frå Torit!" Luka er direktøren for den sudanske regjeringa sitt rehabiliteringsprogram i Ekvatoria.
"Hallo, hallo, korleis har du det?", seier eg.
Luka forklarar at han har malaria og eg klarar å mobilisera heilt ekte medkjensle, eg veit nemleg noko om malaria no.

Luka seier at han treng hjelp frå meg til å gje ei melding til FN sitt matvareprogram i Kapoeta, som han ikkje klarer å få tak i. Det kjennest absurd å stå på stasjonen på Voss og diskutera detaljproblem i Afrika, men eg innser at det vert for vanskeleg å forklara Luka at eg er på Voss og ikkje i Kapoeta.

Så no er matvareprogrammet i Kapoeta informert om at ein av lastebilane deira har køyrt av vegen 50 kilometer vest for Torit, at sjåføren er uskadd, men at maten som var på veg til flyktningar i Bor, er øydelagd.

Frå Torit i Sudan, via Voss i Noreg, til Kapoeta i Sudan.

fredag, mai 12, 2006

Barske Sudan

Sudan er ikkje snill med meg. Men kvifor skulle ho? Kvifor skal eg tru at eg skal ha det betre enn andre som bur i dette landet? Etter nokre fantasiske dagar i Paris var eg attende i den sudanske røyndomen. Lange dagar, trøytt Brita. Mangel på apetitt? Biverknader av malariamedisinen, sjølvsagt. Feber? Nei,det merkar ein ikkje når det er varmt. For å gjera ei lang soge kort, her sit eg i Nairobi, medisinsk evakuert frå Sudan med tyfus, bakteriell mageinfeksjon og altfor lågt B-vitamin-nivå, det siste sikkert grunna malariaen eg hadde for nokre veker sedan. Effektiv slankemetode, men ikkje særleg kjekt. Malarialegen min (eg bør vel kanskje kalla han tropelegen min no…) seier det er ikkje farleg. Det er berre eit resultat av levevilkåra i Sudan: kort sagt dårleg hygiene overalt der ein ferdast. Eg treng berre eit halvt tonn med medisin, og ro.

onsdag, mai 03, 2006

Kyr

Eg diskuterer kyr med to av mine lokale kollegaer. "Kor mange kyr har du?" spoer eg ein. Ojdaa, slikt spoer ein ikkje om! Det er uhoefleg og i hoegste grad upassande. Kyr er rikdom, og makt. Fortel nordmenn til kven som helst kor mykje dei har paa bankkontoane sine? Ingen her vil ut med kor mykje kyr ein har, eller kor mange kyr ein maatte gje for siste kona. Det betyr ulukke aa gje fraa seg slik informasjon.

Elles blir kyr, eller geiter, slakta for aa markera viktige hendingar, og for aa sikra at gode ting hender igjen. "Om du finn ein stor klump med gull" seier kollegaen min, "maa du slakta ei geit og dela med deg, viss ikkje vil du aldri finna meir gull." (Kapoeta har faktisk mykje gull, me ser stadig folk som vaskar gull i elvane).

Men har du ikkje kyr, er det ingen som respekterer deg i Toposaland. Med visse unntak, vonar eg, elles maa eg kanskje gaa til innkjoep av ein boeling med kyr for aa bli lytta til?