tirsdag, mai 16, 2006

The Lost Boys

På slutten av 80-talet dreiv krigen meir enn 20,000 unge gutar frå heimane deira i Sør-Sudan. Etter å ha gått i veker og månader kom dei til Etiopia der dei budde i flyktningleirar til 1991 då etiopiske styresmakter dreiv dei ut. I meir enn eit år var dei på flukt igjen. Omlag halvparten døydde på vegen, drepne av ville dyr, av svolt, sjukdom, eller av kuler. Til sist enda dei fleste i Kakuma flyktningleir i Kenya, der dei fekk høve til å gå på skule og leva eit meir 'normalt' liv. Mange vart til sist busette som flyktningar i USA. Du kan finna mykje på nettet om desse gutane.

Eg kjenner ein av 'the lost boys'. 'We were never lost', seier han til meg. 'Dei fleste av oss vart tekne frå familiane våre av geriljaen, og sende i leirar for å bli soldatar.' Alle familiar måtte gje frå seg ein eller fleire gutar. Dei som var sterke vart gjevne militærtrening. Sjølv var han 7 år då han vart teken frå familien. Faren var alt borte, mora vart seinare drepen av ein av fraksjonane innan geriljaen. Sjølv valde han å forlata geriljaen, etter å ha vore barnesoldat i to år. Han fekk tilbod om å reisa til USA saman med andre 'lost boys', men takka nei. Han har to småsysken som han har ansvar for. Han leiger eit husvære for dei og betaler skulepengar så dei kan få seg ei utdanning. Framtida hans er i Sudan.

Min ven er eit av dei mest heilstøypte menneska eg har møtt på lenge. Eg har sett så mange blitt øydelagde av krig og lurer på korleis det har seg at nokre kan klara å koma ut av så mykje faenskap med så mykje godt i seg.

Ingen kommentarer: