torsdag, februar 28, 2008

Vakre Isoke

Isoke ligg omlag 10 mil fraa Kapoeta.


Landsbyen har ein gammal, vakker alle.

Her er det hoege fjell og groene dalar, til og med i toerketida.
Isoke har eit tuberkulosesjukehus, pensjonatskule (grunnskule og vidaregaande skule), og ein italiensk frivillig organisasjon.

Og esel...

Vegrapport

Denne veka var eg i Ikotos og til grensa med Uganda for aa vurdera veiene og om det er mogeleg aa bruka denne ruta for repatriering fraa Uganda.


Det ser kanskje ikkje saa gale ut no naar det er toerrt. Men jorda er "black cotton soil" (spoer meg ikkje om det norske ordet) og naar det regnar vert jorda klissete og slimete og sklir ut til sidene naar bilane passerer. Etterkvart vert det danna store krater i vegbanen, og lastebilar kan bli sitjande fast i dagar.

Langs denne veien var det bilar som sat fast fraa sju til ti dagar i loepet av siste regnperiode.
Konklusjonen vaar var at me kan repatriera no naar det er toerrt, men naar regntida tek til er det ikkje tilraadeleleg aa senda flyktningkonvoiar langs denne vegen.

Vatn

Broenn i Ikotos, Aust-Ekvatoria. Ca 300 familiar brukar denne broennen som er dimensjonert for ca 50 familiar. Vatn var det foerste folk her nemnde naar me diskuterte problema deira.
Kvinner og jenter hentar vatn i broenn mellon Lobira og Isoke.

Det er berre kvinner/jenter som hentar vatn. (Mannen til venstre er kollegaen min, som ser paa.) Ein mann sa til meg daa eg spourde om han henta vatn sjoelv: " Nei, det er berre kvinnene som kan henta vatn. Me menn maa naudbe dei om vatn, og saa maa me alltid vera ekstra hoeflege, elles faar me ingenting."


Ny skule i Tsertenya, Ikotos

Me byggjer ny skule i Tsertenya, grenseby til Uganda. Gamleskulen
Nyeskulen, som skal vera ferdig om tre veker. Murstein vert transport fraa Uganda.

Ventar paa ny skule.

søndag, februar 24, 2008

Paa veg heim

For tida sender me heim flyktningar til staten Jonglei. Dette er folk fraa Dinka-stammen, som har vore flyktningar i Kakuma, Kenya. Kvar konvoi tek 350-400 personar, seks-sju bussar og nesten like mange lastebilar for bagasje.

Flyktningane overnattar i Kapoeta, saa transporterer me dei til Juba der dei soev ei natt, og neste dag gaar bussane og lastebilane med bagasje til Bor, hovudstaden i Jonglei. Vegen fraa Kapoeta til Juba tek 10-12 timar, og det er godt aa strekkja leggjer og aa faa litt frisk luft innimellom.

Tissepause.


tirsdag, februar 05, 2008

Visumregime

For aa gjera ei lang historie kort; eg har paa ein maate vore utestengd fraa Sudan i fire veker fordi eg ikkje hadde sudanesisk visum. Paa fredag fekk eg det etterlengta klistremerket i passet mitt, og i dag koyrde eg inn i landet, for fyrste gong med ’skikkeleg’ visum, og presenterte det for innvandringskontoret paa grensa.

”Kva er dette? Dette er ikkje eit visum! Eit visum skal vara i tre maanader, dette gjeld berre for ein maanad???” Eg proevde aa forklara at kanskje den sudanesiske ambassaden visste kva dei dreiv med og at dette faktisk var eit visum. Eg vart fullstendig ignorert, mens den eine etter den andre fekk stempla passa sine. ”Eg treng berre eit lite innreisestempel”, kviskra eg fraa hjoerna mitt der eg var forvist.

Etter fleire innspel fraa mi side (eg er redd for tolmodet ikkje heldt og at innspela vart meir hoeglydde) triv plutseleg mannen passet mitt, finsiktar to stempel inn paa ei av passidene mine, og braatt har eg tre maanaders visum for SOER Sudan. Kva UD i Khartoum vil seia naar passet mitt skal inn til visumfornying, med to konkurrerande visum utskrivne av to konkurrerande regjeringar i same stat, skal bli spanande aa sjaa!