torsdag, august 31, 2006

10873 skritt

I Sudan har me tjuvstarta HVERT-SKRITT-TELLER-kampanjen, som eg trur startar i morgon. Maalet er aa faa folk til aa gaa minst titusen skritt kvar dag, for helsa si skuld. Eg kjoepte lydig skritt-teljar paa apoteket paa Bystasjonen i Bergen foer eg reiste, og no har eg gaatt, og telt skritt, i fjorten dagar.

Eg har vore godt paa veg fleire dagar, no klokka halv seks ligg eg t.d. paa 6219 skritt, men i gaar naadde eg titusen-merket for fyrste gong! Det rare var berre at eg sat i ein stor landcruiser nesten heile dagen! Saa no lurer eg paa on skritt-teljaren tel hjulomdreiingar like godt som skritt.

lørdag, august 26, 2006

Me repatrierer igjen

Atter er det flest unge gutar, den yngste er 13 år. Nokre vaksne reiser heim for å førebu tilhøva for resten av familien som planlegg å reisa seinare.

I flyktningleiren vert dei samla i eit transitt-område to dagar før avreise. Her får dei opplæring om miner, og dei vert sjekka av helsepersonale. Så går turen med buss til grensebyen Lokichoggio, der reisepapira vert stempla. Ingen har pass, så UNHCR skriv ut eit reisedoument der flyktningen også stadfester at han/ho reiser heim frivillig.


På grensa ventar kollegaer frå kontoret vårt, og no er det ny stempling - denne gongen av sudanesiske styresmakter - før bussen held fram til Kapoeta.

I Kapoeta vert flyktningane innkvarterte i telt. Dei får mat, og om nokon er sjuke ser legen vår etter dei. Før dei reiser vidare får dei litt meir informasjon om miner, dei får turrmat for 3 månader, nokre landbruksreiskap, såkorn og grønnsaksfrø.

Neste morgon held reisa fram, no med firehjulsdrivne landcruisarar elle pickupar, og med militær eskorte. Denne delen av repatrieringa er den vanskelegaste; dei fleste har meir bagasje enn me har rekna med, og det er eit under at me klarer å festa alle kanner og kar på bilane. Vegane er dårlege og om det regnar risikerer me å fastna i gjørma. Og når elvene fyllest av regnvatn, kjem me ikkje over (bruer er eit ukjent omgrep i min del av verda, her går vegane tvers gjennom elvefara).

Akkurat no har kollegane mine komne att frå Imehejek, der me fylgde 23 flyktningar heim i går. Turen var strabasiøs, mange gonger sette konvoien seg fast og to gonger punkterte ein av bilane. Det var såvidt dei rakk fram til overnattingsplassen før mørket kom.

No er det oppsummering og klargjering av bilane for morgondagens tur, denne gongen med 6 flyktningar til Torit.

tirsdag, august 22, 2006

Paa veg

Soga om ungane paa veg til sjukehuset var ikkje over. Paa vegen fastna ambulansen i gjoerma i ei av elvane. Me fekk melding om kvelden, etter fem timar, sende ein bil for aa berga dei, saman med tre soldatar for vern. Dei fann ungane, som begge laag med drypp, mor og sjukepersonale i buskane ved sida av elva, der dei hadde goymt seg i regnet med det eine ullteppet dei hadde. Berginga av ambulansen tok heile natta og neste morgon klokka halv aatte kunne dei halda fram til sjukehuset der dei kom klokka 10, sytten timar etter avreisa fraa Kapoeta. Ungane lever, dei maa ha vore sterkare enn me trudde!

Om dette hadde skjedd heime, hadde saka kanskje vore framsidestoff i alle aviser. Her er dette berre ei av mange hendingar, folk har sa mange problem aa bry seg med.

søndag, august 20, 2006

Uro-sundag

Attende til Kapoeta og til ei ikkje så velkomen påminnning om at dramaet aldri er langt borte. At alle omskiftingar som følgjer ein krig ikkje er lette å handskast med for enkeltmennesket. Ein fredeleg sundagsettermiddag vert uroa av ein eksplosjon, som viser seg å vera ein handgranat sprengt av ein soldat, inne i huset der familien er samla. Resultat: mor og fire, kanskje fem born skada, to alvorleg. Far død, bestemor i sjokk. Ikkje spør meg korleis, men ein kollega er fyrst på plass, får tak i lege, hjelper å bera borna til sjukehuset eit steinkast unna. Den minste er ein månad gammal og har ei stor flenge i overarmen. Ein eittåring har fått ein splint i hovudet. Eg er takksam for at me har fått i gang helseprosjektet vårt og at Kapoeta endeleg har kvalifisert medisinsk personell og ein ambulanse. No vert skadane prioriterte, dei to mest skada borna vert stabiliserte og sende til næraste fungerande sjukehus, som ligg 3-4 timars køyring vestover.

Nokon spurde meg her ein dag om det er eventyrlyst som driv meg til dette arbeidet. Eg har tenkt på det, og konkluderer med at det IKKJE er eventyrlyst. Det er heller at arbeidet, å sjå resultatet av det eg gjer, er så enormt tilfredsstillande. Dei to borna som i ettermiddag er på veg til sjukehus i Chukudum er eitt eksempel. Hadde dette skjedd for nokre månader sidan, utan lege og utan ambulanse, hadde sjansane deira til å overleva vore minimale. No har dei iallefall ein sjanse.

søndag, august 06, 2006

Ferie-sysler

Sova til ni. Planleggja å gjera ingenting. Eta frukost, lunsj og middag i hagen kvar dag. Bada på Kyrkjeneset. Plukka ville bringebær. Sylta kirsebær frå eige tre. Lesa norske aviser. Og bekymra seg over utviklinga i Sri Lanka.

fredag, august 04, 2006

Heime


For fyrste gong i soga har me meir enn fem kirsebær på treet vårt i hagen på Blåsenborg! Me har byrja med morellestein-spytting og har tenkt å stilla på neste noregsmeisterskap i juli 2007(er det lov å spytta kirsebær-stein,tru?).

Epla kjem seinare men er vakre å sjå alt no!