søndag, august 20, 2006

Uro-sundag

Attende til Kapoeta og til ei ikkje så velkomen påminnning om at dramaet aldri er langt borte. At alle omskiftingar som følgjer ein krig ikkje er lette å handskast med for enkeltmennesket. Ein fredeleg sundagsettermiddag vert uroa av ein eksplosjon, som viser seg å vera ein handgranat sprengt av ein soldat, inne i huset der familien er samla. Resultat: mor og fire, kanskje fem born skada, to alvorleg. Far død, bestemor i sjokk. Ikkje spør meg korleis, men ein kollega er fyrst på plass, får tak i lege, hjelper å bera borna til sjukehuset eit steinkast unna. Den minste er ein månad gammal og har ei stor flenge i overarmen. Ein eittåring har fått ein splint i hovudet. Eg er takksam for at me har fått i gang helseprosjektet vårt og at Kapoeta endeleg har kvalifisert medisinsk personell og ein ambulanse. No vert skadane prioriterte, dei to mest skada borna vert stabiliserte og sende til næraste fungerande sjukehus, som ligg 3-4 timars køyring vestover.

Nokon spurde meg her ein dag om det er eventyrlyst som driv meg til dette arbeidet. Eg har tenkt på det, og konkluderer med at det IKKJE er eventyrlyst. Det er heller at arbeidet, å sjå resultatet av det eg gjer, er så enormt tilfredsstillande. Dei to borna som i ettermiddag er på veg til sjukehus i Chukudum er eitt eksempel. Hadde dette skjedd for nokre månader sidan, utan lege og utan ambulanse, hadde sjansane deira til å overleva vore minimale. No har dei iallefall ein sjanse.

Ingen kommentarer: