lørdag, januar 30, 2010

Nye vener, men kvar ligg lojaliteten ?


Her ein dag var eg på vitjing hos forsvarsdepartmenetet. Temaet var kriseberedskap og kva me kan gjera for å støtta regjeringa i tilfelle flyktningekrise eller naturkatastrofar. Dett er fyrste gong me har klart å koma i dialog med dette departmentet, og det var eit konstruktivt og bra møte. Då eg gjekk fekk eg gåver: Rukhnama, og ei klokke frå 1996 med bilete av gamlepresidenten. Det er ei opptrekksklokke, og eg er ikkje heilt sikker på om eg kan stola på henne, men det ser ut til å gå bra så lenge eg hugsar å trekkja henne...Spørsmålet er likevel: Sidan den nye presidenten gjer det han kan for å fremja sin eigen person, og til og med har bestemt at den berømte 'solsikka', statua av gamleprsidenten som roterer med sola, skal fjernast, kva er grunnen til at viseforsvarsministeren deler ut gåver som hyller gamlepresidenten? Anar eg ei lita lojalitetskonflikt?