mandag, januar 29, 2007

Frå snø på Blåsenborg til sol i Kapoeta

Sola treng enno nokre veker før ho lyfter seg over fjella i søraust og sender årets fyrste solstrålar over Blåsenborg. Før det skjer er eg vonleg attende i Kapoeta, frisk og med masse ny energi. I mellomtida byrjar eg smått om senn å førebu meg mentalt på sol og varme og Ms Thompson som pustar meg i nakken når eg sit utanfor tukulen min.




fredag, januar 19, 2007

Gate E 10, Schiphol

I Kapoeta har visepresidenten vore på besøk, for å sjå på utviklinga i området(ikkje mykje å visa fram så langt skal eg vera ærleg). Og på jobben prøver me framleis å hjelpa folk heim. I går kom ein ny konvoi med tidlegare flyktningar frå Kenya til Kapoeta, i dag er dei på veg til landsbyane sine. Mi rolle i dette er p.t. lita/ikkje-eksisterande. Sudan har sparka meg på leggen att (eller heller: har sparka beina under meg). Eg er evakuert på grunn av malaria, lungebetennelse og bilharzia, har blitt behandla i Nairobi den siste veka, og har endeleg landa i Bergen etter ei stormfull ferd gjennom europeisk luftrom der overnatting på feltseng ved gate E 10 på Schiphol i Amsterdam må seiast å ha vore høgdepunktet. Dei neste to vekene skal eg sova, lata meg og verta frisk.

onsdag, januar 10, 2007

Nesten 17 mai

Mens det var nesten syttande mai i Kapotea i samband med to-aars-dagen for fredsavtalen i gaar, med dansande ungar og talar om at Kalasnikoven er bytta ut med roysteretten, krangla presidenten (nord) og visepresidenten (soer) offentleg i Juba om kven som saboterer fredsavtalen, og visepresidenten uttalte at heile avtalen er i fare.

fredag, januar 05, 2007

Smått og sakte

Me repatrierer. 28 desember opna me den nye vegstasjonen der flyktningane overnattar før dei reiser vidare til landsbyane sine. Eit team frå partnerorganisasjonen vår er her, og tek ansvar for mat, utdeling av humanitær hjelp, og vidare transport. Det er dette me har venta på i meir enn eit halvt år, før måtte me syta for alle detaljar sjølve!

Men nytt system betyr ikkje at me er gjerandslause. Me gjev råd, syter for at einslege mindreårige og funksjonshemma vert tatt vel vare på, står for lokalkunnskapen, lagar planane for vidare transport, samordnar med styresmaktene og ikkje minst, leier konvoiane ut i landsbyane. Det siste tek normalt to dagar for kvar konvoi - vegane er ofte berre trakk, og om avstanden er ikkje er så stor går det likevel seint.

Og det er mange skjær i sjøen. T.d. at det er få flyktningar som vil heim frå Kenya! Me vel å tru at jul- og nyttårsfeiring har lagt ein dempar på vende-heim-lysta, men eg er ikkje heilt overtydd om at det er heile forklaringa. Kanskje trua på ei fredeleg utvikling i Sudan ikkje er godt røtt mellom flyktningane. Kanskje mangelen på helsevesen og skule på heimstaden gjer sitt. I mellomtida gje me så godt me kan, og er glade når me ser folk i landsbyane helsa flykningane velkomne heim.

mandag, januar 01, 2007

Grand Malaria

Etter tre netter med 40 pluss i feber, og sveittebad etter sveittebad fylgd av frysetokter, trass i malariamedisin, naadde eg natt til laurdag det punktet der svartsynet tek over. Eg var overtydd om at eg hadde celebral malaria og saag svart paa framtida, for aa seia det slik. Spoersmaal som "kor hoeg er overlevingsprosenten, kor fort maa ein kom seg til sjukehus for aa ha ein sjanse" flaug gjennom hvudet.

Men etter fire timar var feberkurva paa veg ned, optimismen auka og eg bestemte meg for at det var tid aa vitja legen att.

Legen foreslo ein dag kvile, og ny test. "Eg kan koma innom paa veg til arbeid", sa eg. Legen saag paa meg og sa: "Arbeid? ARBEID?". Sjaafoeren min hadde alt to gonger sagt eg burde vera heime og kvila om eg hadde 40 i feber, og legen var heilt samd i dette.

Eg let meg difor bli koyrd heim, utan laptop og arbeidsdokument for lesing. Istaden har eg lege paa senga i tukulen og lese Floegstadboka Grand Manila.

Kjaere Kjartan F: Boka di har klart aa halda meg borte fraa arbeid i to dagar, og no er eg feberfri. Takk.

Min nyttaarslovnad er aa aldri meir jobba med 40 i feber, og aa gjera det eg kan for aldri meir aa faa malaria. Godt nytt aar til alle.