onsdag, desember 17, 2008

Fiskebilen i Ashgabat

Paa veg heim fraa nabobyen Mary siste veke, saag me dette originale skiltet langs vegen. Ikjkje vanskeleg aa forstaa kva desse folka selde.


Gamlemor som selde fisken var stor, fargerik og toeff. Eg skulle ynskje eg hadde klart aa ta eit naerbilete av henne.

Karet der fiskane symde var den rustnaste og eldste tankbilen eg nokosinne har sett. Det var rart at fiskane overlevde, men dei var tydelegvis hardfoere for tre av fiskane lever enno og sym rundt i ein vassbalje i hagen til sjaafoeren vaar.

Fiskane var karper (crap paa engelsk!) og var ikkje spesielt velsmakande. Men naar ein ikkje kan taa torsk maa ein ta det ein faar!

tirsdag, desember 09, 2008

Internasjonal standard for nasjonalsongar

Lokale media melder at presidenten har godkjent eit framlegg om å endra nasjonalsongen. Bakgrunnen for framlegget er 'numerous requests of citizens' og 'the need to align the anthem with universally recognized international standards'.

No har eg aldri hoyrt at det fins internasjonale reglar for korleis ein nasjonalsong skal skrivast. I tilfelle slikt finst, vil eg tru den franske Marseillaisen ville ha vorte forboden, blodig som han er og sikkert ikkje i samsvar med menneskerettserklæringa. Og kva med 'Ja, vi elsker'?

BBC slepp katten ut av sekken i morgonsendingane sine: songen skal endrast gjennom at alle tilvisingar til gamlepresidenten skal fjernast. Det skal bli spennande å sjå om andre vert skrivne inn i staden.

Elles kviskrar vonde tunger at det hadde vore betre om folk hadde halde seg for augo eller øyro når songen vert framført, i staden for å leggja høgrehanda over hjarta, slik alle gjer no.