tirsdag, mai 26, 2009

Me feirer skuleslutt

I går var det skuleslutt i landet, som avgangsstudentane normalt har feira med å gå ut saman, i parkane eller på restaurant. Ikkje slik lenger! Då sambuaren og eg om kvelden gjekk ut for å ta ein matbite, viste det seg at nesten alle restaurantane i sentrum var stengde. Ein kollega som var ute med kameratane sine måtte gå midt i middagen, fordi restauranten hadde fått ordre om å stengja og at alle gjestene skulle gå til eit arrangement organisert av regjeringa for å markera skuleslutt. Ei mor fortalde meg at ho hadde måtta skriva under på eit papir der ho lovte at ho skulle avstå frå privat feiring og heller ikkje tillata sonen å feira skuleslutt som vanleg. Nokre avgangsstudentar vart taua inn av politiet, truleg fordi dei gjekk tur i parken og ikkje ville gå til den offisielle markeringa. Slik er det å vera russ i marmorørkenen.

mandag, mai 04, 2009

Vi går mot ein varm sommar

Luftkondisjonering er nyttig når gradestokken kryp mot 50, men kanskje er utstyret ikkje så vakkert reint arkitektonisk. I byen min vert det no gjort noko med dette (den arkitektoniske biten), sjå link eller kommentar. Dette gjeld fyrst og fremst dei som bur langs gatene den ærverdige brukar når han skal heim om kvelden. I tillegg til at folk i dette tilfellet fekk 2 dagar på seg til å fjerna alt utstyr som kan gjera dei varme sommardagane levelege, har dei - etter sigende - også fått instruks om at alle vindauger som vender mot gata skal vera lukka mellom klokka seks og ni om kvelden, og at dei heller ikkje får lov å stå nær vindauga i denne tida. Det kan jo vera at den ærverdige kjem forbi... Om det er estetiske grunnar til at folk skal gjerast usynlege er uvisst.