mandag, desember 25, 2006

Juleverkstad og julegjestebod

Det blei jul likevel. Annsleis, men likevel jul.

Juleverkstad: legen brukar skalpellen for aa laga stjerne til juletreet.


Ferdigpynta juletre, kanskje ikkje det flottaste i verda men likevel eit juletre




Alle skrytte av maten og tykte det var ein gild julekveld.


I kveld, fyrste juledag, skal me ha brus og grilla geit saman med alle dei tilsette i leiren vaar. Dette er maten:

lørdag, desember 23, 2006

God jol

Vetlejolaftan morgon. Eg ligg med lukka auger og lyttar til Tomm Kristiansen lesa fraa den nye Afrika-boka si, fylgd av Zagreb Filharmoniske Orkester sin julekonsert fraa 1995, proever aa koma i jolestemning og ein augneblink kjennest det nesten som om eg ligg i senga mi paa Blaasenborg. Men naar eg gaar ut i den skinande morgonen er eg attende i min afrikanske kvardag: gaseller, sol og varme, jobb.

Dagen er likevel annsleis, Kapoeta er relativt stille, det er lite trafikk og lite folk i sentrum. Dei fleste humanitaere organisasjonane har reist sin vei, for aa feira jol med familie og vener utanfor Sudan. Min muslimske kollega og eg gaar rundt og inviterer gjester til jolemiddagen vaar i morgon. Me er innom sjukehuset, og til politiet, og helsar god jol til dei. Snart skal me attende til Well Water og pynta for morgondagen.

Eg helsar alle med bilete fraa Down Town Kapoeta, teke fraa flyet daa eg kom fraa Juba for nokre veker sidan. Kapoeta ser stoerre ut fraa lufta enn fraa bakken.

GOD JOL!

torsdag, desember 21, 2006

Kalkun paa veg (ikkje flyktningar)

Er det noko ein laerer seg i dette spelet, er det at planar er ein ting, realitetar noko anna. I to dagar foerebudde me mottak av flyktningar i morgon og komande dagar, no er alt utsett til neste veke.

Det betyr at me kan konsentrera oss om foerebuing av jol, og eg er svaert noegd med at ei kalkun er paa veg fraa Kenya til Kapoeta, til stor glede for oss faa som skal feira jolaftan her. Sidan eg ikkje er sikker paa at vaare lokale kokkar har peiling paa korleis ein kalkun kan gjerast lekker, har me planar om aa overta kjoekenet i leiren paa sundag. Kanskje me tilogmed kan finna ein piggete busk som kan tena som joletre, og gasellen vaar, Ms Thompson, kan vera Rudolf. Nisse er det verre med....

tirsdag, desember 19, 2006

Heim til jul

Mens dei fleste kontora vaare toemest for medarbeidarar paa veg heim til jul, legg me no inn femte gear for aa proeva aa hjelpa flyktningar heim dei neste to vekene. Fem lastebilar og eit team som skal organisera overnatting og transport for flyktningane er paa veg for aa setja i gang operasjonen i lag med oss. Om alt gaar som planlagt, kjem dei fyrste 150 flyktnkingane hit paa fredag. Vetlejolaftan og jolaftan maa difor brukast til aa koyra dei ut til landsbyane. Saa naar de pyntar joletreet i helga, legg pinnekjoetet i vatn og legg pakkane under treet, tenk paa meg som truleg sit i eit varmt telt og lyttar paa radio for aa vera sikker paa at flyktningane kjem vel heim til jul.

søndag, desember 17, 2006

Gult for sundag


Eg har dei flottaste skoa i heile Kapoeta, dei lyser opp naar eg gaar rundt i graset paa ein sundagsfoeremiddag!

lørdag, desember 16, 2006

Blaasenborg-jul



Saa klarte eg det likevel. Her er eit utsnitt av jolabrakjen paa Blaasenborg, 2006. No historie.

fredag, desember 15, 2006

Jula er over

og her skulle vera eit bilete av Blaasenborgs 2006 juletre. Men internett i Kapoeta ser ut til aa liggja paa sotteseng, og gaar saa seint at det ikkje er raad aa leggja inn bilete.

Jolaftan-pinnekjoet er like godt 9 som 24 desember, pakkane er like kjekke og er no under lesing/lytting til i Kapoeta. Berre ein er framleis innpakka og skal sparast til jolaftan. Og saa har eg kjoept ein ekstra som er fraa meg til meg, til glede for meg sjoelv i joledagane. Men innhaldet er hemmeleg.

onsdag, november 22, 2006

Tamil i Kapoeta

Bu-leiren vaar er rett saa internasjonal, med folk fraa Sudan, Kenya, Nepal, USA, Tyskland, Irak, Armenia, Norge. Det siste tilskotet er ein tamil! Han kjem heilt fraa India for aa driva den nye boreriggen til Bruce, verten vaar. Eg har alt byrja aa oeva meg paa aa nikka hovudet sidelengs for aa visa at eg lyttar...

torsdag, november 16, 2006

Naar vegen forsvinn...

Regnet er ikkje berre ubehageleg naar ein jobbar i telt, endaa verre er det naar ein skal heim fraa arbeid. Slik var vegen paa veg fraa moete i Lokichoggio i gaar:


Denne karen ville visa at han var sterkare enn vaar Landcruiser. Det var han. Han kasta av seg alle klede, og vassa att og fram to gonger. Men me kom oss ogsaa over til sist!



Fire elver maatte me kryssa paa vegen heim. Dette var den tredje, her hadde folk venta i meir enn seks timar foer det var mogeleg aa koma seg over.

tirsdag, november 14, 2006

Regn

Ikkje kjekt aa jobba i telt i dag!



Slik ser det ut utanfor kontorteltet mitt akkurat no.

torsdag, november 09, 2006

Fjoer i hatten


Ven fraa den nye vegstasjonen for flyktningar me byggjer vestom byen. Flott, eller kva?

Paa leit etter gode raad

Det byrjar aa demra for meg at eg skal feira jol i Sudan. Til no har det vore helt okay. Men etterkvart som eg ser av norske aviser at jolebordsesongen snart er i gang, og eg skjoenar at min tradisjonelle peparkakebakedag med bulldzr og riddarb er historie, sig alvoret innpaa og viktige spoesmaal krev svar: skal eg proeva aa fortrengja jola dette aaret? Eller skal eg byrja aa leita etter eit hoeveleg sudanesisk joletre? Gode raad vert mottekne med takk.

lørdag, november 04, 2006

Raatt og rote fraa Soer Sudan

Samstundes som eg kjenner det som om eg har ingenting aa melda, saa skjer det mangt og mykje.

Drepinga langs vegane held fram, nesten kvar dag er det eit eller to angrep. For nokre dagar sidan vart t.d. ein sjukebil paa veg fraa Torit til Juba angripen og ein person i ambulansen vart skoten og drepen. Under forsoeket paa aa berga bilen, vart bergingsmannskapet angripne, og endaa ein person drepen. Det vert ogsaa sagt at 10 vart drepne i angrep paa ein minibuss dagen foer. Slik er Soer Sudan i desse dagar, men desse hendingane skapar ikkje eingong overskrifter i media.

Elles har me repatriert flyktningar igjen, og denne gongen var det toeffare enn nokon gong. Sidemannen paa den innhyrde lastebilen vart biten av ein slange, lastebilen braut saman, all bagasjen maatte setjast att i bushen mens flyktningane vart koyrde til naeraste landsby, osv. Kollegane mine og hjelparane sleit og gjorde ein kjempejobb; flyktningar og bagasje er vel framme og alle andre er heile attende i Kapoeta.

Etter krigen slutta i januar 2005 har ikkje berre flyktningar starta aa venda tilbake, ogsaa ville dyr. Sist sundag vart det sett elefantar i Narus, like soer for oss. Fraa tidlegare tider gjekk det eit elefanttrakk gjennom dette omraadet, og no er elefantane paa vei tilbake. Det triste er at folk i omraadet skaut og drap elefantane. Nokre seier at tre elefantar vart drepne, andre seier to. Den eine elefanten var visstnok kjempestor, han oydelag gjerde og avlingar, folk vart redde og skaut. Det er trist, men vonleg vil folk etterkvart forstaa at elefantar ogsaa har ein plass her.

torsdag, oktober 26, 2006

Landet bortom papayatreet

Det er kanskje paa tide aa sjaa utover papayatretoppen paa verandaen min, og der er det ikkje saa idyllisk. Dei siste to vekene har 38 menneske, 41 seier nokre, blitt drepne paa veiene vest i staten vaar, og naer Juba.

Samstundes har fredsforhandlingane med Herrens Fridomshaer gaatt i staa, utan at det noedvendigvis har alt aa gjera med aataka paa bilar langsetter vegane. Tilbakevendinga fraa Uganda har mellombels stoppa opp, og alle bur seg paa strengare sikkerheitstiltak. T.d. maa me no ha to eskortebilar og minimum 12 soldatar med oss om me skal reisa rundt i Magwi, der eg var for nokre veker sidan.

I Kapoeta er det heldigvis rolegare, og me putlar framleis paa med repatriering fraa Kenya. I gaar tok me imot 30 flyktningar som skal vidare til Chukudum og Torit. Dei har med seg utruleg mykje; boelgeblikkplater, store og smaa plastiktunner, madrasser og bord. Det er kaotisk naar me proever aa stua ting og tang inn i bilane utan aa ta plassen fraa folk sjoelve; eg tenkjer heile tida DETTE GAAR IKKJE - men tilsist gaar det alltid!

mandag, oktober 23, 2006

Nytt kjæledyr

Min kollega i nabotukulen har katt, men etter treumatisk avskjed med kattane våre i Sri Lanka bestemte eg meg for aldri meir å skaffa meg katt så lenge eg er på flyttefot. No har eg likevel fått meg eit nytt 'kjæledyr'. Her er det:


Insektet har flytta inn i toppen av papayaplanta eg har på verandaen min. Her har det halde hus alt i fleire veker. Eg trudde ei stund det var ein del av bladverket. Insektet er reinsleg, enkelt å halda, og interessant å sjå på. På laurdag fanga det eit stort insekt (biletet nedom er frå festmåltidet) og no har det ein kjempekul på halen, som tydelegvis er ikkje berre hale men også mage. Eg reknar med at matbehovet no er stetta for fleire veker!

Eg trur insektet er ein KNELAR, og at det er ei ho. Dei som er gamle nok til å hugsa ein viss likestillingsdebatt i Klassekampen sist på syttitalet(?), veit kva dramatisk hending eg kan koma til å måtta vera vitne til i nær framtid!

torsdag, oktober 19, 2006

Toposa spelar ikkje golf, eller?

For den som ikkje har vore i Kapoeta, er det kanskje vanskeleg å forstå kvifor mine lokale kollegaer gapskratta då eg refererte til påstandar frå hovudkontoret i Juba om at det er ein bankfilial i byen vår. "Her fins jo ikkje eingong eit heilt hus til å plassera ein safe for pengane", var ein av kommentarane (no må eg leggja til at banken i Torit opererer frå eit telt, med store setelbunkar i ein koffert på ein stol ved sidan av kasseraren,så i teorien burde ein bank i Kapoeta kunna gjera det same)

Då eg fortalde dei same kollegaene om planane eg høyrde nyleg om å byggja ein golfbane langs vegen like sørom leiren vår, nikka dei interessert og lo ikkje i det hele. EG derimot, tykkjer denne ideen er spinnvill, - men samstundes herleg optimistisk. Eg ser for meg toposa-mennene ruslande rundt på golfbanen, med den vesle krakken i ei hand og den vanlege stokken bytta ut med ei golfkølle, og med kona ruslande bak som caddy. Konene er vane med å bera for mennene, så for dei ville det ikkje vera stor skilnad, tenkjer eg.

søndag, oktober 15, 2006

Den heilage månaden

Eg les at Ramadan ikkje var rette tida å vitja land og byar der islam dominerer, etter seiande fordi lite skjedde i denne tida; det kunne tilogmed vera vanskeleg å finna plasser å eta. Men dette gjeld iallefall ikkje Istanbul!



I halvsjutida startar livet; utanfor alle restaurantar står folk i lange køar og ventar på startsignalet frå imamen, at no er tida komen for å bryta fasten. No overtek dei lokale byen, turistane vert berre statistar. Langs fortauskantane sit gamle damer med skaut og buksekjolar og kviler seg mot murkanten, menn pussar sko for å tena seg nokre ekstraslantar, familiar med små born trippar av garde, små jentene med rosa sukkerspinn og nye kjolar, smågutane som miniatyrmenn i mørke dressar og med ein plastikpistol veivande i handa. Framfor den blå moskeen kryr det med buer der ein kan kjøpa Koranen, religiøs litteratur og kriminalromanar av Agatha Christie omsett til tyrkisk. Langs hippodromen er det endå fleire buer der ein kan kjøpa alt ein ikkje finn utanfor moskeen; turka frukt og lokum/Turkish Delight, sjal til å dekka seg når ein går i moskeeen, opptrekkbare dokker som dansar magedans, krydder og snop, kebab og salat, og ikkje minst tyrkisk kaffi og te i ulike variantar. Det er bergensk syttande mai og stockholmsk vattenfestival på same tid.

Sjølv klarar me til ein viss grad å blanda oss med dei lokale utan å verta tekne for turistar heile tida; slik er det når ein er velsigna med ein sambuar som lett kan verta teken for å vera både tyrkar og grekar.


Dette er det siste biletet eg tok i Istanbul. Det vart mykje trakking langs hard gatestein. No er eg attende til graset og jorda i Kapoeta.

søndag, oktober 08, 2006

Den blå moskeen


Nairobi fredag morgon, Kairo om ettermiddagen, og så endeleg Istanbul om kvelden. Istanbul er staden å møtast for ein Afrika-farar med husbond på Balkan. No er eg turist, og lever eit hektisk liv i Sultanahmet mellom moskear og syngjande imamar.

lørdag, september 30, 2006

Nimule, Magwi

The Lord's Resistance Army (LRA) har i lang tid herja i baade Uganda og Soer Sudan, ogsaa i Magwi-fylket vest i Aust Ekvatoria. No forhandlar dei om fred med Uganda, og mens forhandlingane held fram, er militsiaen samla m.a. i Owinu Ki-bul i Magwi. I Mgawi hoyrer folk til Acholli-stammen. LRA er ogsaa Acholli, men fraa andre sida av grensa. Mens mange, mange i Magwi er drepne eller har flykta fraa landsbyane, har andre slutta seg til stamme-frendane sine. Dette gjer sjoelvsagt framtidige loysingar vanskelege.

Men folk flest er optimistiske, og mange har byrja aa venda heim. Fraa maandag til torsdag reiste eg rundt i fylket for aa vurdera korleis me kan hjelpa i tilbakevendingsprosessen. Me snakka med folk som hadde gaatt heim fraa leirar i Uganda, fraa fem til sju dagar langsetter veier og trakk. Andre kom heim med baat paa Nilen fraa Uganda til Nimule. Kirkens Noedhjelp tek mot dei paa grensa, registrerer og gjev litt hjelp foer dei reiser vidare.


Denne baaten er ikkje Kirken Noedhjelp sin, men vert brukt til aa frakta folk over Nilen.


I Nimule vert folk moett med dette skiltet.

Fraa Nimule reiste me til Magwi by, og til landsbyen Palataki der ein tidlegare misjonsstasjon held til, no heilt oydelagd. Men kyrkja, reine katedralen, stod. Folk brukar framleis kyrkja, men taket har byrja aa rasa saa det er ikkje lenger trygt.


Ein organisasjon hjelper folk i gang med jordbruk og husdyrhald. Me fann m.a. buskar med piri-piri, fekk lov aa plukka, og gler oss til knallsterk chilikrydra mat i Kapoeta i dei komande vekene.

søndag, september 24, 2006

Byggja ein stat

Tre dagars strategisk planleggjing i Torit er interessant, ikkje minst for aa betre skjoena korleis det er aa byggja opp ein stat fraa ingenting. Mange av politikarane og adminstratorane har mykje aa fara med, baade av kunnskap og visjonar om korleis staten skal byggjast. Men ikkje alle. Planprosessen som har starta er likevel open, demokratisk, og lovande. Meir enn hundre personar deltok aktivt i diskusjonane, lytta til kvarandre og viste kvarandre respekt uansett rank, status og bakgrunn. Eit fyrsteutkast til utviklingsplan for staten Aust-Ekvatoria vert no skrive og skal diskuterast vidare.

Om ein arbeider i ein ruin med provisorisk straatak, kan eg forstaa at fyrsteprioritet for politikarane er kontorbygningar og bilar. Men eg har problem med aa forstaa kvifor politikarar er opptekne av aa byggja eit (del-)statsteater, utan aa nemna aktivitetar for ungar og unge i byar og landsbyar.

Elles er det rart aa hoyra om alle planane om kva som skal byggjast i Torit. Sidan guvernoeren er fraa Torit, og dei har betre infrastruktur der, er all administrasjon for tida i denne byen. Men Kapoeta er i fylgje konstitusjonen faktisk hovudstaden.

tirsdag, september 19, 2006

Kongar og dronningar

Paa veg til Torit fortel kollega Patrick om monarkiet i landsbyane i omraadet. Ein landsby kan ha baade kongar og dronningar, ofte for ulike sektorar. T.d. ei dronning for fjellet, ein konge for regn, eller for skogen. "Om eg var dronning, ville eg vera dronning for fjellet", tenkjer eg - til Patrick fortel om oppgaavene hennar. Om folk er plaga med slangar og skorpionar (som kjem fraa holer i fjellet)vert dronninga smurd inn med ei spesiell olje, vert lagt framfor hola der slangane held til. Slangane kjem daa fram og slikkar olja av kroppen til dronninga. Til sist kjem den STORE slangen, som berre viser seg ein gong i aaret, og har ei fjoer paa toppen av hovudet. Naar han er mett av olje, forsvinn alle slangane og er ikkje til plage lenger.

"Eg vil heller vera regndronning", tenkjer eg, til Patrick fortel om regnkongen i hans landsby, som vart gravlagd levande i 1978 fordi han ikkje klarte aa skaffa regn i tide for vekstsesongen.

Det er nok best aa halda fram med aa vera heilt vanleg menneske (jordkongen i Torit doydde nyss, men stillinga er alt fyllt).

søndag, september 17, 2006

Strategi

I morgon reiser eg til Torit for aa delta i utviklinga av ein strategisk plan for staten Aust-Ekvatoria. Det skal visstnok vera eit storhende og Torit har alt for mange dagar sidan innfoert utgangsforbod for aa sikra kontroll over situasjonen. Fire heile dagar skal planleggjinga ta.

Paa vegen reiser eg gjennom dette landskapet


og vidare


Me maa ha vaepna eskorte for aa reisa til Torit. Grunnen er at det er militsia-grupper i omraadet som ved fleire hoeve har angripe bilar og folk. Vegen er rehabilitert og minerydda, med unntak av eit stykke der minene framleis ligg tett tett opp mot veien og visstok skal ryddast seinare. Sjaafoerane vaare har faatt grundig oopplaering om minefaren, og korleis dei skal koyra for at me skal vera trygge. Etter gjennomfoert kurs faar dei dette klistremerket paa bilsida.

lørdag, september 16, 2006

Insektliv

Tukulen min har eit rikt insektliv. Interessant, men ikkje alltid like triveleg. I dag tidleg har eg brukt tid paa aa sjaa mange, mange, pitte-oerande maur proeva aa lyfta eit stort, daudt insekt strake veien opp veggen. Det gaar ganske fort opp, men raskare ned. Ikkje saa rart naar offeret er 2 centimeter langt og maurane 2 millimeter.

Men det skjer andre ting og. T.d. ser eg ei aukande militarisering i byen; nye sjekkpunkt dukkar opp som paddehattar. Ein ny general har kanksje behov for aa visa makta si. Ikkje saa kjekt naar me braatt, utan forvarsel, finn oss sjoelve blokkerte utan sjanse til aa kom oss til eller fraa kontoret etter klokka sju.

Paa grensa mellom Sudan og Kenya har 'arabarane' teke over tollvesenet, og auka tollen fraa 10 til 40 % i lopet av ein dag, utan informasjon til nokon. Saa i gaar var det streik paa grensa, ingen kontrollerte nokonting og grenseovergangen var vid og open som ei kyrkjedoer....

lørdag, september 09, 2006

Byggjekunst


Dette er utsnitt fraa ein landsby i Torit, der me fylgde flyktningar heim to veker sidan.



Ei av hyttene (tukulane). Er ho ikkje vakker?

tirsdag, september 05, 2006

Forsoning


Sist veke organiserte Toposa-folket forsoningskonferanse. Didinga, Boya og Toposa moette for aa diskutera fred og forsoning, men det viktigaste for konferansen var aa samla dei to hovudfraksjonane innan Toposa-folket; dei som fylgde SPLA under krigen og dei som heldt med Khartoum-regjeringa.

Eg var bedd om aa helsa konferansen ved opninga, og fekk applaus - sikkert fordi eg var den einaste som heldt meg til dei tildelte 5 minutta. Dei fleste brukte baade femten og tjue minutter paa sine innlegg, og daa eg gjekk etter ein halv dag var moetet alt tre timar etter tidsplanen! Men slik er det, tid er det einaste folk her har nok av.

Paa liknande konferansar eg har vore paa, har kvinnene vore i bakgrunnen. Ikkje so her. To gonger under opninga tok dei fullstendig over moetet, dansa og song og ropte slagord. Kvinna som helste konferansen paa vegne av kvinnene, fortalde at ho tilliks med dei fleste kvinnene under krigen hadde vore heime og passa borna, mens mannen var ved fronten. Ho levde delvis av aa bryggja alkohol.

"Men no har augene mine kome ut av royken fraa alkoholproduksjonen, og no ser eg klart!" sa ho. Ho kveste augene i guvernoeren og sa: "Du Guvernoer, du snakkar om aa byggja ut undervisning saa borna kan laera aa lesa og skriva. Det er bra, men kva med meg og andre kvinner? Me vil ogsaa laera aa lesa og skriva!"

Elles melde mine informantar fraa den fire-dagar lange konferansen at diskusjonane var harde, og ikkje alle var viljuge til aa leggja bak seg usemja fraa krigstida. Men til sist vann forsoningtanken.

søndag, september 03, 2006

GOD-SUNDAG

Jan Garbarek-jazz på øyra, kaffi i kruset, Ragnar Hovland si Innside i Dag og Tid, -det er nesten så eg gløymer at eg er i Sudan og om nokre timar sit i eit lite Cessna-fly på veg til Juba for møte om tilbakevending og planar for 2007.

torsdag, august 31, 2006

10873 skritt

I Sudan har me tjuvstarta HVERT-SKRITT-TELLER-kampanjen, som eg trur startar i morgon. Maalet er aa faa folk til aa gaa minst titusen skritt kvar dag, for helsa si skuld. Eg kjoepte lydig skritt-teljar paa apoteket paa Bystasjonen i Bergen foer eg reiste, og no har eg gaatt, og telt skritt, i fjorten dagar.

Eg har vore godt paa veg fleire dagar, no klokka halv seks ligg eg t.d. paa 6219 skritt, men i gaar naadde eg titusen-merket for fyrste gong! Det rare var berre at eg sat i ein stor landcruiser nesten heile dagen! Saa no lurer eg paa on skritt-teljaren tel hjulomdreiingar like godt som skritt.

lørdag, august 26, 2006

Me repatrierer igjen

Atter er det flest unge gutar, den yngste er 13 år. Nokre vaksne reiser heim for å førebu tilhøva for resten av familien som planlegg å reisa seinare.

I flyktningleiren vert dei samla i eit transitt-område to dagar før avreise. Her får dei opplæring om miner, og dei vert sjekka av helsepersonale. Så går turen med buss til grensebyen Lokichoggio, der reisepapira vert stempla. Ingen har pass, så UNHCR skriv ut eit reisedoument der flyktningen også stadfester at han/ho reiser heim frivillig.


På grensa ventar kollegaer frå kontoret vårt, og no er det ny stempling - denne gongen av sudanesiske styresmakter - før bussen held fram til Kapoeta.

I Kapoeta vert flyktningane innkvarterte i telt. Dei får mat, og om nokon er sjuke ser legen vår etter dei. Før dei reiser vidare får dei litt meir informasjon om miner, dei får turrmat for 3 månader, nokre landbruksreiskap, såkorn og grønnsaksfrø.

Neste morgon held reisa fram, no med firehjulsdrivne landcruisarar elle pickupar, og med militær eskorte. Denne delen av repatrieringa er den vanskelegaste; dei fleste har meir bagasje enn me har rekna med, og det er eit under at me klarer å festa alle kanner og kar på bilane. Vegane er dårlege og om det regnar risikerer me å fastna i gjørma. Og når elvene fyllest av regnvatn, kjem me ikkje over (bruer er eit ukjent omgrep i min del av verda, her går vegane tvers gjennom elvefara).

Akkurat no har kollegane mine komne att frå Imehejek, der me fylgde 23 flyktningar heim i går. Turen var strabasiøs, mange gonger sette konvoien seg fast og to gonger punkterte ein av bilane. Det var såvidt dei rakk fram til overnattingsplassen før mørket kom.

No er det oppsummering og klargjering av bilane for morgondagens tur, denne gongen med 6 flyktningar til Torit.

tirsdag, august 22, 2006

Paa veg

Soga om ungane paa veg til sjukehuset var ikkje over. Paa vegen fastna ambulansen i gjoerma i ei av elvane. Me fekk melding om kvelden, etter fem timar, sende ein bil for aa berga dei, saman med tre soldatar for vern. Dei fann ungane, som begge laag med drypp, mor og sjukepersonale i buskane ved sida av elva, der dei hadde goymt seg i regnet med det eine ullteppet dei hadde. Berginga av ambulansen tok heile natta og neste morgon klokka halv aatte kunne dei halda fram til sjukehuset der dei kom klokka 10, sytten timar etter avreisa fraa Kapoeta. Ungane lever, dei maa ha vore sterkare enn me trudde!

Om dette hadde skjedd heime, hadde saka kanskje vore framsidestoff i alle aviser. Her er dette berre ei av mange hendingar, folk har sa mange problem aa bry seg med.

søndag, august 20, 2006

Uro-sundag

Attende til Kapoeta og til ei ikkje så velkomen påminnning om at dramaet aldri er langt borte. At alle omskiftingar som følgjer ein krig ikkje er lette å handskast med for enkeltmennesket. Ein fredeleg sundagsettermiddag vert uroa av ein eksplosjon, som viser seg å vera ein handgranat sprengt av ein soldat, inne i huset der familien er samla. Resultat: mor og fire, kanskje fem born skada, to alvorleg. Far død, bestemor i sjokk. Ikkje spør meg korleis, men ein kollega er fyrst på plass, får tak i lege, hjelper å bera borna til sjukehuset eit steinkast unna. Den minste er ein månad gammal og har ei stor flenge i overarmen. Ein eittåring har fått ein splint i hovudet. Eg er takksam for at me har fått i gang helseprosjektet vårt og at Kapoeta endeleg har kvalifisert medisinsk personell og ein ambulanse. No vert skadane prioriterte, dei to mest skada borna vert stabiliserte og sende til næraste fungerande sjukehus, som ligg 3-4 timars køyring vestover.

Nokon spurde meg her ein dag om det er eventyrlyst som driv meg til dette arbeidet. Eg har tenkt på det, og konkluderer med at det IKKJE er eventyrlyst. Det er heller at arbeidet, å sjå resultatet av det eg gjer, er så enormt tilfredsstillande. Dei to borna som i ettermiddag er på veg til sjukehus i Chukudum er eitt eksempel. Hadde dette skjedd for nokre månader sidan, utan lege og utan ambulanse, hadde sjansane deira til å overleva vore minimale. No har dei iallefall ein sjanse.

søndag, august 06, 2006

Ferie-sysler

Sova til ni. Planleggja å gjera ingenting. Eta frukost, lunsj og middag i hagen kvar dag. Bada på Kyrkjeneset. Plukka ville bringebær. Sylta kirsebær frå eige tre. Lesa norske aviser. Og bekymra seg over utviklinga i Sri Lanka.

fredag, august 04, 2006

Heime


For fyrste gong i soga har me meir enn fem kirsebær på treet vårt i hagen på Blåsenborg! Me har byrja med morellestein-spytting og har tenkt å stilla på neste noregsmeisterskap i juli 2007(er det lov å spytta kirsebær-stein,tru?).

Epla kjem seinare men er vakre å sjå alt no!

fredag, juli 21, 2006

HEIM

Me repatrierer fraa Kakuma-leiren i Kenya. 35 flyktningar kom til Kapoeta paa onsdag, dei fleste unge menn som skal heim til Lopa-distriktet vest for Kapoeta.



Lasting av bagasje



Alle tykkjer det er gildt aa bli fotografert



Stempling av innreisepapir paa grensa



Sjekking av namn i Kapoeta



Mat for tre maanader og jordbruksreiskap for aa hjelpa i etableringsfasen



Velkomne til Nye Sudan!

onsdag, juli 12, 2006

Jok, Deng.

Sjå spalte nedom om Toposa-namn.

Menn frå Dinka-stammen har kortnamn som Deng, Jok, Biar, Leek. Eg likar Jok best, men Deng er også bra!

Dinka-jenter/damer har namn som byrjar på NY, men dei namna har som oftast to stavingar.

lørdag, juli 08, 2006

Kapoeta vegstasjon

I går starta me oppmåling av den nye vegstasjonen vår, og rydding av grunnen. No høyres det kanskje ut som eg er tilsett i Statens Vegvesen (som sikkert heiter noko anna og meir fancy no). Men vegstasjonane me byggjer her steller ikkje med vegar, men med flyktningar som vender heim. Me hyser dei, gjev dei mat og helsetilbod, i tillegg til opplæring om miner og om HIV/AIDS, før dei reiser heim til landsbyane sine.


Denne mannen var ein av mange frå landsbyen som hjelpte oss med å hogga vekk underskog med machete.




Kollega F måler opp.



Gamlefar på minst 80 var også med.

Om ca 2 månader skal stasjonen stå ferdig til å ta mot flyktningar som vil heim.

E-e-e-e-æ!

Her ein dag oppdaga eg brått at eg ikkje lenger nikkar hovudet sidelengs, frå skulder til skulder, for å markera ”ja, eg høyrer, eg er samd”. På tamilsk vis vart dette ein del av kroppspråket mitt gjennom nesten fire år i Sri Lanka. No er det borte.

I Toposa-land seier folk ”e-e-e-e-æ, e-e-e-e-æ” for å visa at dei lyttar og ikkje er usamde i det som vert sagt. Ikkje le når eg kjem heim på ferie om nokre veker, om eg går rundt og seier ”e-e-e-e-æ, e-e-e-e-æ”.

onsdag, juli 05, 2006

Ofring


Biletet er fraa overlevering av kyr fraa Boya til Toposa (meir lenger ned). Oksen vart slakta som offer til dei gamle gudane, hovudet vart drege over til den andre sida av vegen og folk og kyr trakka over blodet.

Tru ikkje at dette ritualet vert brukt berre i moete mellom stammane! Dei siste vekene har 200 splitternye lastebilar fraa Russland vore parkerte utanfor leiren vaar. Dei er kjoept inn for aa verta brukte av haeren, og paa maandag vart dei fyrste 100 sende til Juba i ein laaaang konvoi. Men kva maatte organiserast fyrst? Jaudaa, den rituelle slaktinga av oksen! Ved elva like bak leiren vaar var det reine slaktehuset, og alle bilane maatte koyra gjennom blodet fraa oksen, foer dei byrja den lange veien til Juba.

mandag, juni 26, 2006

Lokidor, Lokolong, Lokonyen, Loremo

Det har forundra meg at saa mange menn har namn som byrjar paa L. Til doemes min ven Lopate, eller kollega Lokal, eller Lokidor og Lola som eg moette i dag. Forklaringa: dei er alle fraa Toposa-stammen. Dette fortalde Lola og Lokidor. "Kvifor?" spoer dumme meg. "Tradisjon!"er svaret. Det har alltid vore slik, og namnet kan ogsaa fortelja om barnet er foedd i loepet av regntida, eller toerketida. I tillegg kan namnet fortelja noko om plassen barnet er foedd. Lokidor fortel at namnet hans betyr doer. Han flirer og seier at kanskje foedde mor hans han mens ho var pa veg inn doera. Lola seier at hans namn betyr vindauge. Ingen kommenterer den foedselen, men eg ser at dei tenkjer sitt. Jentene? Jenter har namn som byrjar paa N.

Neste utforskingsoppgave er kvifor somme menn heiter Jok, Bior, Thon, Biar, Leek.

torsdag, juni 22, 2006

onsdag, juni 14, 2006

Slange i paradis

I gaar drepte me ein STOR kobra like bak telt-kontoret mitt. "Me" er kanskje overdrive, eg heldt meg paa trygg avstand mens nokre av dei lokaltilsette gjorde jobben. Det var ei brutal gjerning, fyrst mange slag med jarnstenger, saa toemde dei diesel over han. Slangen doydde liksom gradvis fraa hovudet bakover til halen. Det var trist aa sjaa. Men eg er sliten mellom behovet for tryggleik i kvardagen, og relativt positive kjensler for ein slange som burde ha sin plass her, han og.

Me saag tilsaman tre slangar denne dagen, to i kontor-leiren, ein i bu-leiren. Regnet faar dei til aa koma fram, og no har me toemt ei tunn strime med diesel rundt tukulane vaare for aa halda dei vekke.

Kapoeta=paradis? Litt overdrive, kanskje....

lørdag, juni 10, 2006

Sterke kvinner

Etter at partane hadde skrive under fredsprotokollen i Machi (sjaa nedom), kasta kvinnene moeteleiaren opp i lufta og bar han gjennom landsbyen.



Men fyrst song dei for dei frammoette kyrne. Eller kanskje det var for mennene.

tirsdag, juni 06, 2006

Fred mellom Boya og Toposa

I gaar hadde eg ein kjekk dag! Eg deltok i overlevering av stole kveg fraa Boya-stammen til Toposa-stammen. Dette er lekk i arbeidet regjeringa gjer for aa gjera opp med gamle synder og verta kvitt gammalt vondt mellom stammane.

Her sit Toposa-eigarane, og dei Eldste, og ventar paa at Boya-folket skal koma med det stolne kveget.

Daa Boya-folket kom langsetter vegen mot Toposa-folket, slakta Toposaene ein kvit okse for aa helsa Boya-folket velkomne til landsbyen. Dei delte hovudet fraa kroppen, og la ein del paa kvar side av vegen slik at folk og kveg skulle gaa midt mellom oksedelane (kveget var litt motvillig til aa passera, igrunnen ikkje saa rart...)

Kveget paa veg


Saa var det talar i tre timar. Boya-leiaren hadde med eit spyd som var meir enn hundre aar gammalt. Han sa at det hadde tilhoyrt ein fredsforkjempar, og at spydet skulle verna freden ogsaa no. Han lovte at alle som heretter ville gjera noko som skada freden, ville doy! Etterpaa velsigna han alle, lovte at alle leiarane ville verta velsigna med tvillingar, og la til at alle skulle verta rike, tilogmed me kvite som deltok i denne fredshendinga.

I tillegg maa eg leggja til at kommisaeren kalla meg syster, viste meg fram til alle dei frammoette saman med dei to legane vaare, sa at me var her for aa hjelpa, og baud alle dei Eldste om aa sikra at me vert vel tekne vare paa og at ingen gjer oss noko vondt!

fredag, juni 02, 2006

Sudan igjen...

etter ei veke i Noreg med m.a. ei fantastisk kjaerleiks-ferjereise mellom Kinsarvik og Utne, som fylgde ein vakker hoegtid i heradshuset i Kinsarvik, med to lukkelege hovudpersonar og mange hoegtidsstemde gjester. Stor takk til alle som bidrog til feststunda, og til dei som gjorde det mogeleg for underskrivne aa moeta i bunad!

Skulle gjerne ha markert dette med vakre bilete, men sidan eg pakka for ein tre dagars tur til Nairobi daa eg forlot Kapoeta meir enn tre veker sidan, var ikkje kamera fyrste-valet. Det laag trygt i Sudan mens eg var i Hardanger.

Sudan er som foer, men mykje har heldigvis skjedd mens eg var borte. Vaart medisinske hjelpeprosjekt er i gang, roynd helse-personell er paa veg og me planlegg aa starta ambulerande helsearbeid i landsbyane, fraa telt i fyrste omgang. Det er kjempekjekt aa sjaa at det skjer positive ting! Og det var kjekt aa sjaa at folk var glade for aa sjaa meg tilbake i Kapoeta. Eg trur det var like foer kommisaeren gav meg ein klem...

I dag har me skrive kontrakt for aa byggja vaar eigen ’compound’ (manglar framleis eit godt norsk uttrykk), og om nokre maanader vil me ha vaare eigne kontor, husvaere, kjoeken og matsal, moeterom, og treningssal. Me planlegg tilogmed aa byggja eit lite ’fjell’, som ingenioren forebels kallar Brita-haugen. Men imens flytter me kontoret til ein tryggare stad enn der me er no. Ulempen er at me maa jobba fraa telt dei naeraste maanadene.

Det gaar det og.

tirsdag, mai 16, 2006

The Lost Boys

På slutten av 80-talet dreiv krigen meir enn 20,000 unge gutar frå heimane deira i Sør-Sudan. Etter å ha gått i veker og månader kom dei til Etiopia der dei budde i flyktningleirar til 1991 då etiopiske styresmakter dreiv dei ut. I meir enn eit år var dei på flukt igjen. Omlag halvparten døydde på vegen, drepne av ville dyr, av svolt, sjukdom, eller av kuler. Til sist enda dei fleste i Kakuma flyktningleir i Kenya, der dei fekk høve til å gå på skule og leva eit meir 'normalt' liv. Mange vart til sist busette som flyktningar i USA. Du kan finna mykje på nettet om desse gutane.

Eg kjenner ein av 'the lost boys'. 'We were never lost', seier han til meg. 'Dei fleste av oss vart tekne frå familiane våre av geriljaen, og sende i leirar for å bli soldatar.' Alle familiar måtte gje frå seg ein eller fleire gutar. Dei som var sterke vart gjevne militærtrening. Sjølv var han 7 år då han vart teken frå familien. Faren var alt borte, mora vart seinare drepen av ein av fraksjonane innan geriljaen. Sjølv valde han å forlata geriljaen, etter å ha vore barnesoldat i to år. Han fekk tilbod om å reisa til USA saman med andre 'lost boys', men takka nei. Han har to småsysken som han har ansvar for. Han leiger eit husvære for dei og betaler skulepengar så dei kan få seg ei utdanning. Framtida hans er i Sudan.

Min ven er eit av dei mest heilstøypte menneska eg har møtt på lenge. Eg har sett så mange blitt øydelagde av krig og lurer på korleis det har seg at nokre kan klara å koma ut av så mykje faenskap med så mykje godt i seg.

mandag, mai 15, 2006

Vetle verda

På veg heim frå Bergen plingar telefonen min på Voss.
"Hallo Brita, det er Luka frå Torit!" Luka er direktøren for den sudanske regjeringa sitt rehabiliteringsprogram i Ekvatoria.
"Hallo, hallo, korleis har du det?", seier eg.
Luka forklarar at han har malaria og eg klarar å mobilisera heilt ekte medkjensle, eg veit nemleg noko om malaria no.

Luka seier at han treng hjelp frå meg til å gje ei melding til FN sitt matvareprogram i Kapoeta, som han ikkje klarer å få tak i. Det kjennest absurd å stå på stasjonen på Voss og diskutera detaljproblem i Afrika, men eg innser at det vert for vanskeleg å forklara Luka at eg er på Voss og ikkje i Kapoeta.

Så no er matvareprogrammet i Kapoeta informert om at ein av lastebilane deira har køyrt av vegen 50 kilometer vest for Torit, at sjåføren er uskadd, men at maten som var på veg til flyktningar i Bor, er øydelagd.

Frå Torit i Sudan, via Voss i Noreg, til Kapoeta i Sudan.

fredag, mai 12, 2006

Barske Sudan

Sudan er ikkje snill med meg. Men kvifor skulle ho? Kvifor skal eg tru at eg skal ha det betre enn andre som bur i dette landet? Etter nokre fantasiske dagar i Paris var eg attende i den sudanske røyndomen. Lange dagar, trøytt Brita. Mangel på apetitt? Biverknader av malariamedisinen, sjølvsagt. Feber? Nei,det merkar ein ikkje når det er varmt. For å gjera ei lang soge kort, her sit eg i Nairobi, medisinsk evakuert frå Sudan med tyfus, bakteriell mageinfeksjon og altfor lågt B-vitamin-nivå, det siste sikkert grunna malariaen eg hadde for nokre veker sedan. Effektiv slankemetode, men ikkje særleg kjekt. Malarialegen min (eg bør vel kanskje kalla han tropelegen min no…) seier det er ikkje farleg. Det er berre eit resultat av levevilkåra i Sudan: kort sagt dårleg hygiene overalt der ein ferdast. Eg treng berre eit halvt tonn med medisin, og ro.

onsdag, mai 03, 2006

Kyr

Eg diskuterer kyr med to av mine lokale kollegaer. "Kor mange kyr har du?" spoer eg ein. Ojdaa, slikt spoer ein ikkje om! Det er uhoefleg og i hoegste grad upassande. Kyr er rikdom, og makt. Fortel nordmenn til kven som helst kor mykje dei har paa bankkontoane sine? Ingen her vil ut med kor mykje kyr ein har, eller kor mange kyr ein maatte gje for siste kona. Det betyr ulukke aa gje fraa seg slik informasjon.

Elles blir kyr, eller geiter, slakta for aa markera viktige hendingar, og for aa sikra at gode ting hender igjen. "Om du finn ein stor klump med gull" seier kollegaen min, "maa du slakta ei geit og dela med deg, viss ikkje vil du aldri finna meir gull." (Kapoeta har faktisk mykje gull, me ser stadig folk som vaskar gull i elvane).

Men har du ikkje kyr, er det ingen som respekterer deg i Toposaland. Med visse unntak, vonar eg, elles maa eg kanskje gaa til innkjoep av ein boeling med kyr for aa bli lytta til?

søndag, april 30, 2006

Vassmaskiner og ferjer

Lat sundag i Mango Camp, frukost ilag med ein kenyansk-russisk-arabisk forretningsmann som er her for aa selja maskiner som lagar reint vatn av luft, og ferjer som kan trafikkera Nilen fraa Juba til Khartoum. Her er behovet for ferjer heller daarleg, elva renn berre nokre timar no og daa naar det regnar.

I tillegg har han fortalt oss masse om korleis me skal unngaa aa verta rundstolne paa gata i Nairobi. Kapoeta kjennes tusen gonger tryggare enn den byen!

I bushen gler me oss over smaa ting: I dag fekk eg lov aa klappa fru Thompson (ein av dei to gasellene vaare) for fyrste gong, foer har ho aldri gitt meg lov til aa ta henne paa nakken eller ryggen. Og saa har eg teke i bruk nye klesklyper, rett fraa Paris! No slepp eg aa leita etter vekkblesne plagg over heile leiren.

I morgon reiser eg med fly til Torit, der regjeringa for Aust-Ekvatoria held til, for aa moeta guvernoeren og snakka om tiltak for auka tilbakevending til staten. Saa langt er det fleire som forlet omraadet og vert flyktningar i Kenya, enn det er folk som kjem attende. Trist. Men sant.

tirsdag, april 25, 2006

Malaria

Som den perfekte arbeidstakar eg er, fekk eg sjoelvsagt malaria akkurat daa eg skulle reisa paa ferie til eventyret: Paris. Sidan eg ikkje fekk tak i malarialegen min (ja, sjoelvsagt har eg det!), reiste eg avgarde, i tillitt til at eg er sterk og frisk og toler det meste, iallefall naar eg kan nyta fransk ost og godt broed og ikkje minst selskapet til kjekke folk. Og saa hadde eg god orsak for ikkje aa bruka tida mi til aa sjaa Versailles og andre gigantomane bisn, men kunne kosa meg med Eiffel-taarnet, Notre Dame, metroen, god mat og ikkje minst godt selskap.

No er eg attende i Nairobi, malarialegen seier eg har klart aa kvitta meg med alle malariaparasittane. Men han la til at det ser ut som om eg har lett for aa faa malaria. Det siste likar eg lite. Men eg faar investera i stendig meir myggmiddel og vona det beste for framtida.

lørdag, april 15, 2006

Juba, Juba

Lanfredag i Juba, overnatting paa mitt favoritt-hotell der ein betaler 100 dollar natta for ei seng, utan saape og handkle. Juba er ingenting aa skriva om, mi von er aa koma meg 'heim' til Kapoeta foer paaskeaftan set inn. Me har to fly som flaksar att og fram mellom fjell og oerken i Soer Sudan (SS), turen fraa Juba til Kapoeta tek 40-50 minutter. Gitte koordinerer flya, ho er dansk, hyggeleg, og gjer jobben sin. Det er det ikkje alle her som gjer....Eg har vore her for aa diskutera arbeidet i maanadene framover, har vonleg vorte litt klokare, og brukar elles tida til aa jaga etter underskrifter, vedtak og dokument som eg treng i jobben. Det er ingenting som kjem av seg sjoelv i SS. Og om verda er snill med meg og lukka ikkje har forlete meg, reiser eg til Nairobi og Paris paa tysdag/onsdag. Insh Allah.

tirsdag, april 11, 2006

God paaske?

Det kjennest merkeleg ut aa seia god paaske her eg sit i moerket i graset utanfor min rosa tukul, i kanskje 35 graders varme, maaneskin, med ei karlsvogn som staar opp-ned paa himmelen. Eg kan droyma om skitur i hundremeter-skogen, appelsiner i kald sno, og heimebaka bollar fraa vedkomfyr i Viveli, men eg er like fullt i Kapoeta. I dag har kvinnene i landsbyen naer kontoret dansa regndans utanfor porten vaar, det var eit voldsomt leven i mange timar, men regn vart det ingenting av. Sola skin like fullt over uttoerka toposalandsbyar og sletteland. Eg har hatt moete med politiske leiarar om helsetiltak, og er framleis den grusaste av alle - fordi me faktisk proever aa gjera noko for aa betra vilkaara her. Skiftesvis kallar dei meg Angela eller Beatrice, og tilogmed Brita, men det er like greitt.

onsdag, april 05, 2006

Koleraland

Braatt finn eg meg sjoelv i rolla som medisinsk samordnar, koleraen er komen til Kapoeta og han forsvinn ikkje over natta. Det doyr nokon nesten kvar dag, dei fleste er barn, og sjukehuset er ein gamal ruin utan doerer og skikkeleg tak. Fraa aa vera nesten som eit haar i supen, er UNHCR den kjekkaste i klassen - fordi me faar tak i hjelp via andre. Og litt har mee aa by paa sjoelv ogsaa, t.d. presenning til aa tetta tak, laga skilje mellom sjukesengene (senger er forresten overdrive, folk ligg rett paa steingolvet). Her er ingen lege for dei 600,000 menneska som bur her, saa det er berre aa trakka til for den som kan!

torsdag, mars 30, 2006

Barn i Kapoeta Nord

Me vitja Kapoeta Nord, der 425,000 menneske bur, utan lege/helsesenter, ein skule, 40 planlagde skular "under eit tre". Biletet er fraa eit moete i ein av landsbyane ('boma') der borna maatte sitja i utkanten mens mennene deltok i moetet. Fylkesmannen hadde ogsaa kontoret sitt under eit tre, fire stolar i skuggen. Han fortalde meg at far hans hadde tolv koner, 33 doetre, 24 soener. Og han la til at ein av hovdingane i naboomraadet ('payam') hadde 49 koner. Dei rikaste mennene i omraadet har mellom 3 og 4 millionar kyr kvar, mens gjennomsnittsfmilien eig 2-3 tusen. Ein flokk med kyr me koyrde forbi, karakteriserte han som 'lommepengar'. Me moette kvinner som gjekk ti timar kvar dag for aa finna vatn. No er det turrt, og mange drikk elvevatn som er ureint. Difor er det mykje sjukdom og me har nett faatt vita at det er utbrot av kolera i Kapoeta.
Meir seinare....

onsdag, mars 29, 2006

Tukulen min inni



Myggtelt er viktig, det kryr av smaa beist on nettene. Eit nytt insekt, for meg, er Nairobi Eye, ein slags maur som er full av syre og som faar huda til aa brenna om han kryp over deg. Eg har heldigvis ikkje hatt naerkontakt med uvesent enno...

Trist dag

I gaar kveld doydde kollega Nabil, som vart skoten under angrepet paa kontoret vaart i Jei for snart to veker sidan. Me reiste i lag til Sudan for tre veker sidan, han snakka om kona og ungane sine i Baghdad og kor mykje han sakna dei. Han var ein triveleg kar, med stor integritet, alltid ferdig til aa hjelpa andre. No er han ein av tjueto kollegaer som har mist livet i teneste for UNHCR dei siste 15 aara.

torsdag, mars 23, 2006

Nesten heime


I gaar tok me mot dei fyrste flyktningane som me hjelper heim til Aust Ekvatoria dette aaret. Her er ein familie utanfor teltet i Kapoeta, der dei overnatta foer me fylgde dei heim i dag tidleg. Andre er no paa veg med lastebil og traktor langs nesten uframkomelege veier nord og vest for Kapoeta.

Og dette er det fyrste biletet eg har klart aa faa inn i bloggen! Det er nesten umogeleg aa faa sendt bilete, men kanskje det vert fleire heretter...