onsdag, juli 05, 2006

Ofring


Biletet er fraa overlevering av kyr fraa Boya til Toposa (meir lenger ned). Oksen vart slakta som offer til dei gamle gudane, hovudet vart drege over til den andre sida av vegen og folk og kyr trakka over blodet.

Tru ikkje at dette ritualet vert brukt berre i moete mellom stammane! Dei siste vekene har 200 splitternye lastebilar fraa Russland vore parkerte utanfor leiren vaar. Dei er kjoept inn for aa verta brukte av haeren, og paa maandag vart dei fyrste 100 sende til Juba i ein laaaang konvoi. Men kva maatte organiserast fyrst? Jaudaa, den rituelle slaktinga av oksen! Ved elva like bak leiren vaar var det reine slaktehuset, og alle bilane maatte koyra gjennom blodet fraa oksen, foer dei byrja den lange veien til Juba.

2 kommentarer:

Anonym sa...

I Noreg har me bomringar, i Sudan ofrar ein storfe. Et ein oksen etter seremonien?

brita sa...

Eg trur dei har ein heidundrande fest med grilla okse etterpaa, iallefall vonar eg det! Bompengering er no iallefall enklare, tenk deg alt bryet om ein skulle slakta storfe etter vegane i Hordaland kvar gong ein skulle til bydn!