fredag, mars 30, 2007

Er menn late?

I Dagbladet i dag er ei ny bok om Afrika omtala, "Hvorfor er det saa sveart for Afrika?". Boka handlar om kvifor det går dårleg i Afrika (det er faktisk mykje som gaar bra og!). Manglande innsats fraa mennene er eit av problema forfattaren peikar paa. Han seier at nær 80 prosent av afrikanarane sør for Sahara har tilknytning til landbruket, og kvinnene står for opp mot 80 prosent av arbeidet i landbruket. Mens kvinnene jobbar opp til 18 timar i doegeret, er mannen sin innsats noksaa laber :«Det ser ut til at mange menn har benyttet seg av sin maktposisjon - og muligheten til å ha flere koner til å arbeide for seg, til å skaffe seg mer fritid enn kvinnene.»

Det er nok vanskeleg aa finna sanninga om Afrika, som er kjempedigert, og som har saa mange ulike folkeslag og kulturar. Men det slaar meg at eg hoyrde dei same synspunkta fraa mine turkana-kollegaer i Lokichoggio, Nord-Kenya, i gaar ettermiddag daa me droeste om eitt og hitt mens eg venta paa flyet til Nairobi. "Menn", sa min mannlege kollega, " altfor mange av dei startar dagen med aa gaa og sova!".

lørdag, mars 24, 2007

Attende til Torit

I mange veker har vi ikkje kunna køyra til Torit, - på grunn av miner seier sikkerheitsfolka våre. Men vi veit kvar minene er og korleis vi skal takla dette. Nå har vi endeleg fått løyve til å koyra denne vegen igjen, og i går var vi attende med flykningar frå Kenya.
Klargjering for lossing av plastikk-kanner, madrasser, kjøkenutstyr, jordbruksreiskap, mat og mykje anna.

Flyktningane ventar på tinga sine
Men det er ikkje enkelt å flytta seg rundt i Sør Sudan. På denne turen hadde vi tre punkteringar, i tillegg braut lastebilen saman seks gonger . Då endar vi opp slik: i vegkanten mens vi håpar på at mekanikaren får sving på motoren igjen.....




tirsdag, mars 20, 2007

Diplomati

I fylgje repatrieringsavtalen me arbeider etter, har alle flyktningar rett til aa reisa kvar dei vil naar dei kjem heim fraa asyllandet. Men i praksis er det ikkje saa lett. Kultur- og spraakskilje er ein realitet, framandfrykt og fordommar lever her som i andre land. Sidan i gaar har eg brukt alle min visdom og diplomatiske evner for aa fremja forstaaing for at nokre einslege kvinner med smaa barn ikkje vil foera til ny ufred og slaassing om dei kjem hit, sjoelv om dei kjem fraa ein annan stamme. I morgon kjem flyktningane, og daa vil det visa seg om synspunkta mine om aa leva saman som systrer og broer har slaatt gjennom.

I mellomtida troystar eg meg med norsk grov leverpostei, som eg har goymt i fleire maanader til eit spesiell hoeve. Eg tykkjer eg fortener leverposteien i dag, etter timelange forhandlingar med alt fraa parlamentarikarar fraa Khartoum, president-raadgjevarar fraa Juba, sikkerheitsfolk og lokale politikarar.

tirsdag, mars 13, 2007

Regntid


Regntida
har starta, to månader for tidleg, og alle er fortvila. Stengde veier, byggeprosjekt stoppar opp og repatriering blir vanskeleg.

Denne dig-digen var så våt at han truleg ikkje hadde overlevd om han ikkje hadde blitt tørka og varma i kjøkenet.



Madame Thompson og son (Thompson-gasellene våre) likar heller ikkje regnet.

onsdag, mars 07, 2007

Aarsdag

I dag markerer eg eitt-aarsdagen for mitt fyrste moete med Sudan, og det er tid for aa sjaa attende og gjera opp status for det fyrste aaret i Kapoeta.

Om eg samanliknar ambisjonane eg hadde daa eg kom med kva eg faktisk har faatt utretta, er eg redd det er ein viss ubalanse. No kjenner eg betre Sudan, og Afrika, og ser at eg var altfor optimistisk og urealistisk daa eg koyrde over grensa mellom Kenya og Sudan den 7 mars 2006. Eg har laert at ting tar tid uansett kor mykje ein pressar paa for aa faa ting gjort. Og eg har laert meg ikkje aa stressa (for mykje), t.d. naar ein kontrakt seier at eit arbeid skal gjerast i loepet av to maanader og framleis ikkje er ferdig etter aatte.

Men ting gaar seg til, smaatt og sakte, og det er meir som peikar i positiv lei enn i negativ, trur eg. Vonar eg. Insh Allah.