onsdag, november 17, 2010

Eta seg gjennom Dashoguz Velayhat

Eg har vore til Dashoguz for fyrste gong. Føremålet med turen var å vera venleg med dei lokale styresmaktene i vona om gode samarbeidsforhold i framtida. Provinsen har mange statlause innbyggjarar og me lever i vona om at den høgvelbårne snart vil godkjenna eit arbeidsprogram for samarbeidet mellom oss og regjeringa,  som vonleg skal gje desse folka statsborgarskap.


Plastikkpalme utanfor hotellet der eg budde

Møte
Karakumørkenen er vakker. Dette er langs veien mellom Ashgabat og Dashoguz
Fyrste dag opna med møte med hakimlik (regionale styresmakter), deretter reiste me til ein av delsdistrikta i Nyiasov etrap (distrikt) for å møta lokale styresmakter og statslause. Lunsj. Deretter møte i neste deldistrikt. Lunsj.
Dag to: Møte i deldistrikt i Gorogly etrap. Lunsj. Deretter møte i  neste deldistrikt, og  lunsj. Fire lunsj på to dagar, i tillegg til frukost og middag. Gjestfridomen i dette  landet er grenselaus, og det er ikkje mogeleg å seia nei. Men møta var gode, og eg trur me har klart å bli gode vener med dei lokale styresmaktene, som lover godt for framtidig arbeid mot statsloyse.
Karakum tyder svart sand

Bonus: me vitja eit lokalt museum som var fint og interessant. Og eg fekk lov å skriva meg inn i gjesteboka for høgvelbårne gjester.

Bloggskrivaren skriv i bokji