mandag, desember 20, 2004

Heim til Blåsenborg

Eg tek attende det der om å lengta etter å frysa på nasetippen. Ein frys over heile seg, og det er ikkje kjekt.

Men Blåsenborg står. Det er vakkert med svarte fjell og kvite toppar, stålgrå Samlafjord. Eit rosa skin på himmelen over Husedalen; sola er på veg over fjellet i retning Lofthus, men når ikkje Huse før i februar.

onsdag, desember 15, 2004

Mental omstilling

frå flaum, potensiell syklon, krigsredsle og 30 varmegrader pågår! No skal eg finna fram skorne mine som eg ikkje har brukt sidan eg var i Noreg sist, venja meg til sokkar (om eg finn nokon) og fundera på korleis det vert å koma til Flesland i lett sommarskjorte. Om 24 timar sit eg på flyet til Amsterdam,og så er det berre eit steinkast til Bergen. Eg gler meg til å frysa på hendene, til å sleppa myggoljesmøring to gonger om dagen, til grovbrød og sveitserost, til å lesa aviser, men allermest til å møta ein nyklekt kulturvitar, ein skribent/forfattar, og to filosofar - held på å verta.

tirsdag, desember 14, 2004

Krigshissing og flaum

Alle venta syklon, men saa langt har me berre faatt regn. I boetter og spann. Ein kollega paa vei til Batti melder om vatn opptil rutene paa bilen.

Men det folk fryktar mest no, er ny krig. I nabolaget gaar tigerpusane rundt og mobiliserer fjortenaaringane til to vekers vaapentrening. Folk pakkar sakene sine. Og propagandakrigen held fram.

søndag, desember 12, 2004

Bollywood og menneskerettar

2 drepne og 15 skadde etter at ein granat vart kasta mot publikum på Bollywood-show i Colombo i går. Tidlegare hadde buddistiske munkar protestert mot showet fordi det vart halde på dødsdagen for ein buddistmunk som døydde i fjor. Her er buddistmunkane - bikkusane - svært så aktive politisk, og har sitt eige parti som deltek i parlamentet. Enklaste måten å karakterisera dei trur eg er med omgrepet ekstrem-nasjonalisme.

I Trincomalee markerte me menneskerettsdagen idag. Ein bråte med born frå alle etniske grupper deltok med song og drama. Mens tema for dramastykka i fjor var bortføringar, arrest og fengsling, fokuserte dei dette året på familievald,fulle fedre og born som blir slått. Me tolkar faktisk dette som eit framsteg!

Dr. G, president for Raudekrossen i Trinco fortalde meg under markeringa at folk flest trur at den norske fredsforhandlaren som kjem på vitjing til Sri Lanka i morgon, vil bli fortald at tigrane seier opp våpenkvileavtalen,og at krigen vil byrja etter Thai Pongal - ei viktig hinduistisk høgtid som vert feira 14 og 15 januar. Me får sjå....

Idag er det elles end of mission for D. Han er lukkeleg på vei til Colombo og Bergen med ny status som student og spouse - ektefelle.

fredag, desember 10, 2004

What to do, no?

Har hatt sikkerheitsmoete og diskutert stoda. Me er svaert saa klare over at rykteflaumen er stri, og at me ikkje skal tru alt me hoyrer. Likevel er rapportane om vaapenutdeling, rekruttering av nye kadrar, barnerekruttering osb litt for mange og litt for detaljerte til at dei kan avfeiast. Propagandamaskina er i gang: "me trur ikkje lenger paa fredsprosessen, me treng di stoette om det vert ny krig, ver klar til aa reisa paa kort varsel". Positiv utvikling gjennom dei siste to-tre aara verkar vera gloymd, det folk hugsar er krigen paa 80 og 90-talet. Kollektiv post-treumatisk stress-syndrom, var karakteristikken fraa ein kollega. Likevel er det for tidleg aa seia noko om kva veg dette tek. Me er for tida paa det nivaaet som enklast kan summerast med eit typisk lankesisk-engelsk uttrykk: What to do, no?

onsdag, desember 08, 2004

Stille?

Merka meg paa veg attende from hovudstaden i gaar at barrikadar, og soldatar med vaapen klare, er svaert saa tilstades langs vegen inn mot Trinco. Vel attende paa arbeid faar eg inn den eine meldinga etter den andre om nyrekruttering av tigerkadrar, barnerekruttering, tvangsrekruttering, utdeling av vaapen til sivile, osv, osv. Sjoelv om rykteflaumen her kan vera stri og ein ikkje skal tru alt ein hoyrer, er det mykje som tyder paa at ei opptrapping av eit eller anna er i gang. Saa kanskje er det ikkje syklonen me skal frykta i dei naeraste vekene, men heller andre katastrofar.

tirsdag, desember 07, 2004

Reinsdyr, jolanissar og palmar

Eg har vore i Colombo. Der hang det plastikk-jolanissar i palmane og i hotellhagen var det fullt av kvite reinsdyr. Inne på hotellet selde dei peparkakehus og det var fullt av kvite jolatre. Snåle greier i eit land der buddhismen er største religionen nest etter hinduismen. Men vesterlandske handelstriks verkar vel her og.

Det viktigaste med turen var at eg fekk tak i billett heim! Landar på Flesland fredag 17 klokka kvart på elleve. Ta mot meg vel.

D har vore i avskjedsmiddag med Tigerpusane ikveld og har fått avskjedgåve. Notatblokk med Praba som glansbilete på innsida, kamuflert med kvite duer på framsida. Eg er skrekkeleg misunneleg. Eg og vil ha!

torsdag, desember 02, 2004

Stille

Plutseleg vart alt fredeleg og roleg. Fullt av folk i gatene, hektisk trafikk, butikkane fyllest med matvarer igjen (og prisane søkk). Ingen alarmerande telefonar om uro og bråk, og forventningar om nattesøvn utan avbrot. Ein av grunnane til roen er skildra her . Mr.Aadnesis gjer jobben sin...

Pust ut, slapp av.

Kvelden var hektisk med ein straum av meldingar om etnisk motiverte personaatak, knivstikking, brenning av hus, og mange tamilar flykta fraa heimane sine i to stroek av byen. Smaaprovokasjonar fraa sinhalesarar starta rykteboersen og panikken breidde seg. Men heldigvis var det ingen alvorlege episodar. Idag har alle gaatt heim fraa kyrkjer, kovils og skular der dei fann ein trygg soveplass for natta, byen er roleg og me kryssar fingrane for at det skal halda. Igjen.

onsdag, desember 01, 2004

Krise med stil?

Under internkrigen i Makedonia i 2001 innfoerte me omgrepet "krise med stil" med alt det innebar (utan aa gaa i detaljar..). Her er slikt vanskelegare aa innfoera, det er saa lite "med stil" aa finna! I gaar steig prisen paa egg med 40 %, for dei som klarte aa faa tak i slike luksurioese godsaker. Sjoelv slappa eg av med broedbaking og vindrikking i heimen etter ein lang dag. Eg er sikkerheitsansvarleg for FN og det er ei arbeidskrevjande oppgaave for tida.....

I dag er det gravferd (sjaa nedom). Gravferdsfylgjet ville gaa til buss-stasjonen med liket, saa rundt i byen og til kontoret til D. Det har politiet hindra ved aa setja opp vegsperringar. No vonar dei gravfylgjet vil halda seg i sinhalesiske omraade foer dei gaar til gravplassen, og at konfrontasjonar kan unngaast. Dei fleste ventar likevel braak, og byen held paa aa toema seg igjen. Bensinkoear, ingen busstransport, kontor og bankar stengjer. Me held kontoret ope saa lenge me kan, me er ikkje part i denne konflikten og ser ingen grunn til aa vera urolege.