2 drepne og 15 skadde etter at ein granat vart kasta mot publikum på Bollywood-show i Colombo i går. Tidlegare hadde buddistiske munkar protestert mot showet fordi det vart halde på dødsdagen for ein buddistmunk som døydde i fjor. Her er buddistmunkane - bikkusane - svært så aktive politisk, og har sitt eige parti som deltek i parlamentet. Enklaste måten å karakterisera dei trur eg er med omgrepet ekstrem-nasjonalisme.
I Trincomalee markerte me menneskerettsdagen idag. Ein bråte med born frå alle etniske grupper deltok med song og drama. Mens tema for dramastykka i fjor var bortføringar, arrest og fengsling, fokuserte dei dette året på familievald,fulle fedre og born som blir slått. Me tolkar faktisk dette som eit framsteg!
Dr. G, president for Raudekrossen i Trinco fortalde meg under markeringa at folk flest trur at den norske fredsforhandlaren som kjem på vitjing til Sri Lanka i morgon, vil bli fortald at tigrane seier opp våpenkvileavtalen,og at krigen vil byrja etter Thai Pongal - ei viktig hinduistisk høgtid som vert feira 14 og 15 januar. Me får sjå....
Idag er det elles end of mission for D. Han er lukkeleg på vei til Colombo og Bergen med ny status som student og spouse - ektefelle.
2 kommentarer:
Ja, det passar fint, det, at papen skal verta student att no når eg endeleg er ferdig med mitt studenttilvære.
Det vert kjekt å sjå dykk att! Kva ynskjer de deko til jol?
Riddar B.
Me ynskjer oss snille ungar og fred i Sri Lanka. Og me gler oss noko saa skrekkeleg til aa koma heim og maatta fyra i omnen, og til aa frysa litt paa oyreflippane, men aller mest til aa sjaa deko alle, til aa prata om alt og om ingenting, til aa pynta brakjen og til aa laga pinnakjoet og kaalrabistappa! Men i tillegg til det ynskjer eg meg noko som kan lesast, eller hoyrast paa....Kva med deko?
Legg inn en kommentar