onsdag, desember 17, 2008

Fiskebilen i Ashgabat

Paa veg heim fraa nabobyen Mary siste veke, saag me dette originale skiltet langs vegen. Ikjkje vanskeleg aa forstaa kva desse folka selde.


Gamlemor som selde fisken var stor, fargerik og toeff. Eg skulle ynskje eg hadde klart aa ta eit naerbilete av henne.

Karet der fiskane symde var den rustnaste og eldste tankbilen eg nokosinne har sett. Det var rart at fiskane overlevde, men dei var tydelegvis hardfoere for tre av fiskane lever enno og sym rundt i ein vassbalje i hagen til sjaafoeren vaar.

Fiskane var karper (crap paa engelsk!) og var ikkje spesielt velsmakande. Men naar ein ikkje kan taa torsk maa ein ta det ein faar!

tirsdag, desember 09, 2008

Internasjonal standard for nasjonalsongar

Lokale media melder at presidenten har godkjent eit framlegg om å endra nasjonalsongen. Bakgrunnen for framlegget er 'numerous requests of citizens' og 'the need to align the anthem with universally recognized international standards'.

No har eg aldri hoyrt at det fins internasjonale reglar for korleis ein nasjonalsong skal skrivast. I tilfelle slikt finst, vil eg tru den franske Marseillaisen ville ha vorte forboden, blodig som han er og sikkert ikkje i samsvar med menneskerettserklæringa. Og kva med 'Ja, vi elsker'?

BBC slepp katten ut av sekken i morgonsendingane sine: songen skal endrast gjennom at alle tilvisingar til gamlepresidenten skal fjernast. Det skal bli spennande å sjå om andre vert skrivne inn i staden.

Elles kviskrar vonde tunger at det hadde vore betre om folk hadde halde seg for augo eller øyro når songen vert framført, i staden for å leggja høgrehanda over hjarta, slik alle gjer no.

fredag, november 07, 2008

Skuleuniformar

Eg lever i eit land der statsleiaren eigenhendig godkjenner forslaget til design av nye skuleuniformar.

Utdrag fraa gaarsdagens referat fraa siste kabinettmoete:
"The samples of a school uniform including those for the labour and physical culture lessons designed by the specialists of the Ministry of Textile Industry were presented to G.B. (namn utelete, for aa unngaa gugling). The President approved the design of a school uniform".

onsdag, november 05, 2008

Helsestien i Ashgabat

Like utanfor byen har gamlepresidenten (ja, det var han som gjorde alt..) bygd ein helsesti. Han gaar langs og oppi grensefjella mot Iran og om ein skal gaa heile stien maa ein truleg bruka minst ein dag. Sist sundag gjekk me tur langs stien til ein av toppane, der det turkmenske flagget markerer at dette er hoegste punkt. Det var mange trappetrinn fraa parken der stien startar! Som de ser i bakgrunnen gaar det ein sti i motsett retning ogsaa.


Paa vei mot toppen, med flagget i bakgrunnen...


Plaketten seier at presidenten sjoelv bar flaggstonga heilt til topps og sette henne paa plass paa sokkelen, foer han heiste flagget for fyrste gong. Eller kanskje ikkje, eg er ikkje saa stiv i turkmensk....

Stien held fram i bakgrunnen. Kanskje han liknar litt paa den kinesiske muren, men i mindre og meir moderne maalestokk?

Takk til fotografen, D.Aa!

mandag, november 03, 2008

Hønseføter og gulerøter...

song me i ein barnesong. På laurdag kom me oss endeleg til teppemuseet i Ashgabat. Ei hyggeleg ungjente guida oss og viste oss m.a. ein sau og fortalde at få dette dyret kom ulla. Vårulla blir brukt til å veva teppe, fordi den er sterkast og blankast. Ho fortalde og om korleis kvar provins har sitt spesielle symbol. I Balkan (som ligg ved det kaspiske hav), vev dei inn anker og bølgjer i teppa sine, i Lebap fuglehovud og i Ahal hønseføter. Symbola frå dei to andre provinsane hugsar eg ikkje.

I museet såg me verdas største handvovne teppe, 301 kvadratmeter. Det er eit typisk Teke-teppe, og har presidenten sin handvovne signatur. Nei, det var ikkje han som vov det! Det vart vove i løpet av eitt aar, av 39 kvinner og ein mann. Sidan det er uvanleg at menn vev i dette landet, ville det sjølvsagt vera interessant å vita kvifor denne mannen var involvert. Men guiden skjønte ikkje spørsmålet, så det får vera til ein annan gong.

Sidan det ikkje var lov å fotografera inne i museet, må eg nøya meg med å visa teppedetaljar frå heimen. Dette er eit hønsefot-teppe, eit Teke-teppe frå Ahal, som ligg på gjesterommet vårt. Dette er noko uvanleg i fargen, dei fleste er djupraude.

Dette må vera frå Mary, trur eg, det har eit av dei symbola eg ikkje hugsar. Men det ligg i stova vår, er kjempestort og ville truleg ha kosta ei formue i Norge. (Eg må leggja til at det høyrer til heimen og ikkje til meg...)

Turkmen-teppe er rekna mellom dei beste og vakraste i verda. Nokre av dei me såg denne helga hadde meir enn ein million knutar per kvadratmeter, og er så tette at dei kan brukast til å halda ute regn (tidlegare vart teppa brukte til å dekka jurten, ein slags teltstruktur som turkmenn tradisjonelt har budd i).

torsdag, oktober 30, 2008

Fyrverkeri

Fyrverkeriet paa maandag, som avslutta feiringa av sjoelvstendedagen, varte i ein halv time og var kjempeflott. Det skal ha kosta 2 millionar dollar. Prisen er saann cirka 10 gonger det me brukar for aa rusta opp skular og sjukestover for flyktningar i dette landet i loepet av eitt aar.

mandag, oktober 27, 2008

Syttande mai

Sjoelvstendedagen blei feira idag. Etter blomenedlegging paa sjoelvstendemonumentet enda eg paa orkesterplass framfor palasset for aa sjaa prosesjonen. Beste plass for aa ta bilete! Men det varte ikkje lenge. Ein iransk delegasjon var viktigare, og eg og to ambassadoerar vart forviste til fjerde benk. Difor alle hovuda paa biletet nedom, som eigentleg skulle visa ein av mange vaapengreiner som marsjerte forbi:
Forsoek paa aa fotografera katusjkabatteri og diverse rakettar var mislykka, og til sist var teppet under stolen min det enklaste motivet; typisk turkmensk Teke-teppe:
Daa luftvaapenet fauk forbi, vart det litt lettare - ingen var saa hoege at dei skygga for desse jagarflya:
Etter alle vaapna kom det folkelege innslaget; dette viser presidenten, ballonger, ein globus og mange flagg for aa markera landet sin kontakt med omverda. FN-flagget var der sjoelvsagt, og eg saag flagget til Kenya, Sri Lanka, Makedonia og Bosnia, tilogmed Danmark og Island - men ikkje Noreg.
Det kjekkaste var daa hestane kom. Det var flott! Menn som reid paa to hestar, straalande! Eg vart diverre saa oppgloedd at det vart ingen brukande bilete.

Mange, veldig mange, slike banner paraderte forbi, alle med bilete av statsleiaren i ulike funksjonar: som racarbilkoyrar, paa sykkel, framfor den nye baaten, mens han hausta bomull, mens han hausta korn, saman med kamelboender, paa fabrikkbesoek osv. Her er han paa banneret som viser flyselskapet: Og alle var samde om at det var ein gild dag. Det var tilogmed ein som paastod at nokon hadde orden paa aa hindra det varsla regnet, visstnok ved bruk av kjemikaliar. Ikkje saa godt for miljoet kanskje, men kva gjer ein ikkje for aa sikra ein vellykka syttande-mai-feriring!

lørdag, oktober 04, 2008

Laurdagsmorgon

Opp tidleg, paa jobb! I dag er jobben aa vera gjest. Eg stiller lydig opp saman med alle diplomatane, me faar paa oss sloyfe (nesten som 17 mai), nokre tusen born staar langs veien og veiver med ballonger, turkmenske og tyrkiske flagg. Framfor bygningen dekker arbeidarane marka med handvovne teppe, frynsene vert lagt med retning fraa porten til bygningen og kjemde med ein stor kam for aa liggja fint og rett. Ungane oever paa musikk og dans, to smaattingar staar klar med gullsaks paa groen floyel. Dei vaksne rettar paa haldninga hos ungane, viser korleis dei skal staa paa rekkje og rad, og daskar litt her og der for aa sikra disiplin.

Etter meir en ein time kjem endeleg dei svarte bilane, det yrer med menn med solbriller og oyrepropp og bulk paa venstre jakkeside. Og saa er dei der, statsministeren paa besoek, og presidenten som er vert. Me handhelsar, ungane dansar, dei talar, dei klipper over silkebandet i doera, og saa er den nye barnehagen offisielt opna!

Paa veg ut ser eg at teppa har blitt omflytta, no er frynsene kjemde og lagt med retning fraa barnehagen og mot porten. Her vert ingen detaljar gloymde.

mandag, september 29, 2008

Typisk turkmannsk?

Typisk turkmannsk hatt, som berre mennene har lov aa bruka. Biletet er difor tatt paa hemmeleg plass, utan tilskodarar. Den kvite varianten er for finare hoeve, mens den brune eller svarte er for kvardagsbruk.

Kvardagshatten.


Ogsaa typisk, dette fins sikkert ikkje nokon andre stader i verda:
Opninga av Folkets Raad sist fredag, som vedtok ny grunnlov (utan diskusjon). 2,487 av dei 2,507 medlemene var tilstade. Den nye grunnlova opployser raadet og foerer lovgjevande makt over til parlamentet, kanskje ikkje saa dumt? Biletet er teke foer leiaren for raadet kom (han paa biletet paa bakveggen), han sat i gullstolen paa midten av dirigentbordet. Daa alt var over, handhelste alle paa han og overleverte blomar. Minst 2,500 handtrykk, og like mange bukettar...

fredag, august 29, 2008

Felt

Eg har vore i felt for aa sjaa paa prosjekt me har i gang for aa hjelpa integrering av flyktningar/tidlegare flyktningar. Eg var langt ute i oerkenen, i grenseomraada, og moette mange hardtarbeidande folk som byggjer hus, skular, sjukestover og arbeidsstover som skal gjera livet deira betre. Eg plukka elles vassmeloner i ein stor aaker, og har laert meg korleis eg kan sjaa om ei vassmelon er mogen eller ikkje. Kanskje ein laerdom eg ikkje faar nytta saa mykje seinare...
Langs vegen var det mange gamle, vakre og interessante fortidsminnesmerke, men lite er tilrettelagt for turisme. Mykje av desse omraada har vore heilt stengde inntil nyleg, og deler er framleis utilgjengelege for dei fleste utlendingar. Dette er eit gammalt vassreservoir, truleg fraa 1200 talet.

Dette mausoleet inneheld og ein moske, og er bygd i fire eller fem ulike tidsperiodar. Ein av avdelingane vart opprinneleg brukt til aa lenkja fast galne folk. Etter ei natt i kvelvet vart dei friske, vart det sagt. Ein eldre mann (kanskje imamen?) viste meg rundt og gave meg broed i eit blomstrete klede som niste paa vegen vidare.

fredag, august 22, 2008

Kjend person observert like utanfor byen

Eg meiner han i hjoerna oppe til venstre, i berg-veggen.

Eg veit ikkje mykje om bakgrunnen for dette relieffet som er hogd inn i fjellet nokre mil utanfor hovudstaden, men det er utan tvil ikkje fraa 'the post-independence period'.

Det er den draumen me ber paa....

Draumen om eit bryllaup og eit lukkeleg samliv, slik han vert framstilt i ein bryllaupssalong i Mary (by i Turkmenistan), og kanskje ogsaa i resten av landet.

Men om ein vil starta livet som gift paa litt meir tradisjonelt vis, er det raad med det og.

Om nokon lurer paa kva eg gjer i ein turkmensk bryllaupssalong, saa var det heilt tilfeldig og del av ein aldri saa liten sightseeing innimellom vitjing til skular og sjukestover me rehabiliterer....

mandag, august 11, 2008

Den store melondagen

Turkmenistan er det einaste landet i verda som har ein eigen dag for meloner. Kvart aar, andre soendag i august, vert dagen markert. Landet er kjempegode i aa dyrka meloner, og det skal visstnok finnast meir enn tusen sortar. For ein nordmann som kjenner to sortar (vannmelon og honningmelon) er det spennande aa proeva seg gjennom nokre av sortane!
Paa fredag fekk kontoret ei korg full med meloner og melonprodukt, pluss eit melonatlas! No veit eg at det vert produsert melonolje, kjempegod i salatar. At det fins vintermeloner. Og eg har ete meloner med ein smak som ikkje liknar noko eg har faatt heime. Kjempesote og saa saftige at det er nesten uraad aa eta paa skikkeleg vis!



Melondagen vart feira i ein av parkane i byen, med utstillingar fraa kvar av dei fem provinsane, smakebitar fraa ulike melonsortar, og med dans og song.

fredag, august 08, 2008

Russisk eller turkmensk?

Engelsk kjem ein ikkje langt med i Ashgabat. Difor strevar eg med aa laera nytt spraak. Turkmen er lite brukt i offentleg samanhang, men med russisk kjem ein langt. Difor er det ikkje Sag Bol (takk paa turkmensk) eg oever paa aa seia, men Spa-si-ba. Desverre er dei russiske kyrilliske bokstavane annsleis enn dei serbiske, og trass i at store mengder med serbiske/makedonske ord (som eg trudde eg hadde gloymt) trillar fram paa tunga, er det vanskeleg. Grammatikk, og dei fleste orda, er likevel saa ulike at her maa det pugging til!



Sambuaren er alt flinkare enn meg. Han klarar aa skilja mellom aa tinga groen og svart te naar me gaar paa kafe, og spoer damene paa markedet om vareprisar, lett som ein plett! For aa hjelpa hugsen har han no fyllt heimen med rosa lappar med namn og uttale paa ulike saker og ting.


Og eg er lukkeleg naar eg oppdagar at vasskran heiter kran paa russisk, og kommode heiter kommode!

mandag, august 04, 2008

Bensinprisar

For tida tenkjer eg paa aa kjoepa bil, og er difor interessert baade i bil- og bensinprisar i mitt nye ‘heimland’. Og tenk deko, her i Turkmenistan faar alle som eig ein bil 120 liter bensin utlevert av staten kvar maanad, gratis! Vilkaaret er at alle dokumenta for bilen maa vera i orden. Det gjeld rettnok ikkje for oss utlendingar, me maa betala full pris for bensinen. Full pris betyr likevel mindre enn 1,50 per liter maalt i norske kroner. Ikkje rart at det er faa som syklar her....

fredag, juli 11, 2008

Rekordar og anna

Eg er framleis litt matt etter aa ha blitt rykkt ut av ein konteiner i Kapoeta og plassert i eit marmorpalass i Kjaerleikens By. Ikkje minst etter ei lita veke med feber og allmenn utmatting, noko eg trudde var etterdoenningar etter tropiske tilhoeve i Afrika men som viste seg aa vera eit vanleg fenomen for nykomingar som skal tilpassa seg klima, mat og vatn i dette landet.

Eg proever ogsaa aa venja meg til valutaen. Naar ein faar 1.4 millionar manat for 100 dollar (ca 500 kroner), forstaar eg kvifor bankautomatar ikkje er vanlege her (alle setlane vil utan tvil korka til sprekken i automaten, automaten maa fyllast att etter to eller tre uttak), og kvifor turkmenske menn framleis brukar smaa nette handvesker (det ein kan fylla i ei lomme eller ei setlabok er berre nok til aa kjoepa seg ein groen salat om ein gaar ut til lunsj).


Elles maa eg dela med meg den siste markante utviklinga i landet: verdas hoegste flaggstang (og sikkert ogsaa verdas stoerste flagg). Flaggstonga vart offisielt lansert sist veke, og ein representant for Guinness rekordbok var til stades og dokumenterte rekorden. Dette er visstnok den andre verdsrekorden som er notert her; fraa foer har landet det stoerste handknytte teppet i verda, det heng i teppemuseet i sentrum og eg har ennaa til gode aa sjaa det.

tirsdag, juli 01, 2008

Ashgabat!

8 dagar i Ashgabat, kjaerleikens by. Eller kanskje heller marmorbyen, her riv ein nemleg alle eldre bygg og byggjer hus dekka med marmor i staden. Mange inntrykk, dei fleste ganske positive. Saa langt er det kanskje arkitekturen som gjer sterkast inntrykk, ikkje berre positivt maa eg seia. Men jamen er dette ein overgang fraa Sudan!Presidenten sitt kontor, eller palass heiter det kanskje? Til venstre og bak, 'solsikka', sjaa forklaring lenger ned. Eg er framleis ikkje heilt sikker paa om det er lovleg aa fotografera, difor saa mykje gate i forgrunnen - har ikkje tid til aa 'sikta' foer eg trykkjer av.
Eit langt steg fraa konteineren min i Kapoeta til dette huset. Fraa i dag bur eg her, nesten oevst til venstre, med ein fantastisk utsikt over sentrum av byen.

Universitetet, tvers over gata fraa hotellet der eg har budd til no. Like ved riv dei eit gammalt, godt hus med husvaere, sikkert for aa gje plass til fleire marmorpalass med gullkuplar.


Den beroemte, eller berykta, statua der gamlepresidenten i gull paa toppen snur seg med sola. Paa folkemunne kalla 'solsikka'. Ein liten kabelbane gaar fraa gata og halvveis opp, deretter kan ein gaa opp til taerne hans. Statua skal visstnok flyttast, men ingen skjoenar korleis det skal gjerast reint teknisk. Saa kanskje ho blir staande...

tirsdag, mai 13, 2008

Minerotter

I Soer Sudan skal ein no bruka rotter for aa leita etter landminer, melder media i dag. Ikkje for aa sprengja minene men for aa finna dei. Ei rotte kan undersoekja 100 kvadratmeter i loepet av 20 minutter, mens ein (menneske-) mineekspert brukar 2 dagar for aa gjera same arbeidet, vert det hevda i artikkelen. Dei spesielle rottene vert trent i Tanzania, og kan verta opp til ein meter lange. Fleip eller fakta? Ikkje veit eg, men her er eit eksempel av arten....

fredag, mai 09, 2008

Å byggja eit tårn

Yao byggjer nytt radiotårn.Montering.
Liten mann i toppen av høg mast.Forankring av tårnetFerdig!

torsdag, mai 01, 2008

Tillukke med dagen!

I Kapoeta er det ingen 1 mai-tog, og det er ikkje fordi folk her ikkje har saker dei kjemper for eller mot! Eg lyttar til 'De brennende hjerter' med Jon Arne Correll paa NRK og tenkjer paa kva parole eg ville ha gaatt under om eg var ein annan stad. Truleg kamp mot all politisk undertrykking, mot korrupsjon, mot all krig, eller for internasjonal solidaritet.

Eg helsar alle paa dagen med bilete av ein liten ven som representerer Nye Sudan; bokleg interessert alt i to-aarsalderen, i eit omraade der analfabetismen kanskje ligg paa 90%.

onsdag, april 23, 2008

Tald!

Endeleg tald! Som einaste nordmann er eg no registrert som heimehoyrande i Kapoeta, Sudan, gjennom folketeljinga 2008. Registreringa betyr at eg vil bli tildelt min del av landet sine oljeressursar (og andre ressursar), som sjoelvsagt ikkje gaar i mi lomme men i (nei eg sa ikkje lomma til kommissaeren) pengebingen til fylket.

Det troeblete var at det var obligatorisk aa oppgje 3 namn. Eg fekk ingen dispensasjon for mine 2 namn, men fekk instruks om aa oppgje namnet til far min (ikkje mor), eller mannen min. Saa kjaere saerbu, for fyrste gong i soga har eg offisielt eit boemlanamn! I Sudan.

tirsdag, april 22, 2008

"Han teller meg"...

Ja, hadde han no endaa gjort det! Folketeljinga i Sudan er i gang etter oerten forsinkingar. Vi har blitt instruerte om aa halda oss heime til vi har blitt talde, og her sit eg klar men ingen kjem for aa telja meg! Styresmaktene her meiner alvor naar dei ber oss aa halda oss i ro; fleire har blitt arresterte fordi dei har vore ute paa veiene i dag og eg vil absolutt ikkje riskera a aa havna i eit sudanesisk fengsel. Saa her sit eg.

torsdag, april 17, 2008

Tjueri

To av lossarane stal fraa lasset i gaar, daa flyktningane/heimvendingane fraa Kakuma i Kenya stoppa for overnatting paa vegstasjonen vaar paa veg heim til staten Jonglei.

Slikt blir det braak av. I gaar kveld hasta eg rundt i moerket i Kapoeta by og leita etter politi som kunne roa ned situasjonen og etterforska tjueriet, foer partane braka saman i etnisk slaasskamp. Men aa finna ein politimann i Kapoeta etter det er moerkt, det er ikkje lett! Tilslutt fekk me heldigvis tak i fem soldatar som me fekk paa plass i vegstasjonen.

Uniform og vaapen verkar avskrekkande paa hotte hovud. Natta vart saaleis roleg og i dag reiste heimvendingane vidare til Juba.

søndag, april 13, 2008

Rapport fraa no-man's-land


T-skjorta fraa fredags-vasken vaar er fraa ein av dei mange kampanjane for aa faa slutt paa kveg-raidinga. Men kveg-raiding er djupt roett i folk sitt levesett her. Det er ein maate aa visa at ein er kar, og kva stamme som er sterkast. I tillegg er kveg 'gull', meir verdifullt enn baade kone og pengar i banken. Ofte tenkjer eg at det er ikkje striden med Nord (Khartoum) som vil hindra utvikling i Soer Sudan, men striden mellom stammane, der kveg-raiding er ein viktig ingrediens.

Daa eg koyrde til Torit sist sundag, saag eg at Toposa-menn dreiv store flokkar med kveg inn i 'no-man's-land' mellom dei to stammene Boya og Toposa, 30 kilometer vest for Kapoeta. Dette omraadet har hatt regn i det siste, og er godt beiteland. Me stoppa og snakka med nokre av dei; alle hadde vaapen.

Paa tysdag angrep Boya-stammen Toposaene, ein vart drepen, nokre andre saara, og 40 kyr vart stolne. Onsdag kom hevnangrepet fraa Toposa-stammen, seks Boya skotne og drepne (nokre seier sju, det er sjeldan mogeleg aa faa sikre tal paa slikt her). Fire av bilane vaare passerte staden i denne perioden. Dei saag ingenting (og visste ikkje daa kva som hende), men fortalde meg at dei koyrde forbi ei stor gruppe med vaepna Toposa-menn som vinka og smilte til kollegane mine daa dei passerte.

tirsdag, april 01, 2008

Turkmenistan

Sidan Turkmenistan om tree maanader vil vera mitt nye heimland, presenterer eg her ein liten videosnutt som eg fann paa nettet:

mandag, mars 31, 2008

Lamu, Kenya

Min siste R&R foer eg reiser fraa Sudan: Lamu, kysten av Kenya. Ein liten by, hovudsakleg muslimsk, med ein bil, traktor og elles mange esel som staar for transporten paa land. Gatene er saa smale at det ikkje er mykje anna som faar plass.

Elles brukar folk baatar, spesielt dhow, og seglar stille og roleg mellom oyar og landsbyar. Det gjorder me og (saerbuen var med).

Baateigaren Abdallah Bob sin livsfilosifi er nedteikna i stamnen:

Baaten er av typen jahazi, og slik ser ein jahazi ut under segl:

Langs den 12 kilometer lange stranda som starta ved hotellet vaart i landsbyen Shela var det lite folk, men mykje krabbar. Denne har funne seg eit hoensehovud som han meskar seg med:

Ja, me bada ogsaa, mest i havet men og i symjebassenget som ser slik ut (det indiske hav i bakgrunnen):

Kenya har mista det meste av turistane sine i aar paa grunn av uroa etter valet i desember 2007. I Lamu var det aldri vald og uro, og fredeleg er det over alt i Kenya no. Ferie ved Kenya-kysten kan anbefalast!

torsdag, mars 13, 2008

Ny vegstasjon i Torit - spenning i Kapoeta

I gaar opna me ny vegstasjon i Torit, for flyktningar som kjem fraa Uganda. Den fyrste konvoien tok heim 215 sudanesarar. Vegstasjonen er lagt til den gamle tekniske skulen, som etter dette bruket skal opprustast og snart ta mot nye studentar. Dei heimvende flyktningane roa seg ikkje lenge paa vegstasjonen, dei fleste fann i loepet av ettermiddagen heim til familiane sine. Dei hadde ikkje eingong tid til aa ta del i den rituelle slaktinga av ein okse, som vart gjeven av kommisaeren i Torit til aere for flyktningane.
Og godt var det, for 315 flyktningar som kom fraa Kenya og skulle overnatta paa vegstasjonen vaar i Kapoeta maatte sendast vidare til Torit same kveld paa grunn av uro. I loepet av 12 timar vart 8 drepne i Kapoeta, resultatet av ein konflikt som starta med krangel om vatn fraa ein broenn i byen, med sterke etniske undertonar. Ingen kunne garantera sikkerheita for flyktningane i dene situasjonen. Saaleis hadde me to konvoiar til same vegstasjon i loepet av ein ettermiddag/kveld. Det vart ei spennande natt for oss som sat att i Kapoeta, men heldigvis har ingen fleire blitt drepne det siste doegnet og me byrjar aa pusta lettare.