søndag, oktober 30, 2005

Jarlsberg

Ja, me har vore i Colombo for møte, og for å feira sambuaren sin fødedag på fredag. Stor middag på thairestaurant, godt byte etter veker med rice and curry!

Etterpå var det ostehamstring på supermarknaden (ost får ein ikkje i Trinco). Der fann me Jarlsberg, og Riddarost - med norske flagg! Pris: godt over 200 kroner kiloet. Det er meir enn ein tredjedel av månadsløna til ein sikkerheitsvakt i Trincomalee.

Fargespel

På vei tilbake frå Colombo i går, passerte me kafeeen ovom Kandy-krysset. Kafeen er måla i gult, oransje og lilla, og den er flott! Seinare køyrde me forbi eit nytt hus langs A-6; halve huset var sjokkrosa, resten var knall oransje. Kjempeflott var det også.

Om eg hadde sett desse fargekombinasjonane på hus langs veien mellom Kinsarvik og Odda, hadde eg meint det var så vakkert då? Kanskje ikkje. No undrar eg meg over korleis det kan ha seg at eg tek inn fargar på ein annan måte her enn i Noreg.

onsdag, oktober 26, 2005

Telt i monsunregnet

Skrekk og gru! I gaar fann me 18 familiar som framleis bur i telt, og som ikkje visste nokonting om dei ville kunna flytta til betre hus med det foerste. Og dette skjer etter at me har hatt moete paa moete med lokale styrsmakter og frivillige organisasjonar for aa vera sikker paa at alle som treng hjelp er fanga opp av hjelpeapparatet!

torsdag, oktober 20, 2005

Tjueni nye hus

Etter tsunamien lovde presidenten at folk skulle vera i nye hus etter tre månader. Etter ei stund modererte ho dette til seks månader. No er tjueni permanente hus ferdigstilte her i Trincomalee, av dei ca 6,500 som skal byggjast. At folk kvir seg for å flytta inn i dei nye husa er ei anna sak. Ikkje så rart sidan styresmaktene ikkje har klart å planleggja vatntilførsel som skal vera ferdig samstundes med husa.

Men kanskje det er like godt at så få hus er bygde? På søndag kom meldinga om at forbodet mot flytta tilbake til områda som ligg inntil 200 meter frå havet, er endra. No er det 50 meter som gjeld. I dag kom dei fyrste meldingane om at folk tek (dei mellombelse) husa sine på ryggen og flytter heim til strandsona. Det hadde vore vanskelegare å flytta permanente hus.

tirsdag, oktober 18, 2005

Norsk politikk

Forbausande stor interesse for den nye norske regjeringa her i Sri Lanka. Men sidan dei fleste her kjenner Solheim er det kanskje ikkje saa rart.

søndag, oktober 16, 2005

Cool eller hot?

Cool eller hot mat; spørsmålet gjeld ikkje kryddertilsetjing, eller temperatur. I samtalar med kollegaer byrjar eg få innblikk i (for meg) komplisert kunnskap om kategorisering av mat. Spørsmålet om kald eller varm bestemmer tydelegvis når du et kva mat, både med omsyn til morgon/kveld, og sesong. T.d., det meste av frukt er kald, og skal derfor ikkje etast under regntida. Men ananas er varm, og kan etast når det regnar. Bananer er nøytrale, men ikkje alle typar bananer. Forvirra? Det er eg, men eg prøver å skjøna meir.

Spørsmålet om å verta våt når det regnar er også viktig. I følgje kollegaer må ein ikkje bli våt i håret, då blir ein sjuk. Min teori om at folk har ein plastikkpose på hovudet når det regnar fordi dei er redde for at hårolja skal bli vaska vekk, må forkastast. Eg blir fortalt at om ein blir våt i håret av regnet, pleier folk å ta ein dusj. Då blir heile kroppen våt, og ein vert ikkje sjuk. Å bada er også greitt, for då blir heile kroppen våt. Påstandar om at sjukdom grunna (varmt) regn i håret ikkje gjeld for skandinavar blir sett på med stor skepsis, og deretter avvist.

Alt dette har med balanse å gjera, blir eg fortalt. Regn ("kaldt"): hot mat. Varmt ver: cool mat. Delvis våt kropp: fare for sjukdom. Heilvåt kropp: væta er balansert, ikkje farleg.

Eg prøver framleis å forstå meir av desse levereglane og ber om orsaking om eg framsteller dei på ein kunnskapslaus måte.

tirsdag, oktober 11, 2005

Lesetrening



Eg tykte bloggen fortente eit bilete. Dette er vinnarbiletet fraa fjoraarets fototevling i samband med markeringa av aarets flyktningdag. Internflyktningar fekk utdelt kamera og vart bedne om aa ta bilete av kvardagen sin. Her laerer ungane i Nilaveli internflyktningleir i Kuchchaveli aa lesa.

lørdag, oktober 08, 2005

Boom

Eit djupt drønn i kveldsmørket. Nært. Kunne det vera hjå naboen? Nei, ingen skriking og roping, så det var kanskje ein rask trommekvervel frå templet borti gata. Eg held fram med lesinga. Men kvifor i allverda kjem ikkje vakten? Han skulle ut for å henta maten sin, og no har det gått meir enn ein time. Når han tilsist kjem inn porten nesten utan pust, fortel han at heile kvartalet vårt er avsperra av soldatar, han blei kroppsvisitert og sjekka på kvart gatehjørne før han endeleg klarte å koma seg attende til huset. Det smell igjen. Og igjen. Me vert samde om at dette er ein kveld for heimeliv.

Seinare visar det seg at drønnet var ein handgranat mot politiposten oppi gata, dei neste smella kom seg reportedly, som det heiter på rapportspråket mitt, av at ein nervøs soldat mista skytevåpenet sitt, skaut seg sjølv i foten og deretter ei dame i foten. Granaten er visstinok den 46te kasta mot politi/arme-postar sidan sist i august. Me vert meir og meir sitjande inne om kveldane, ingen vits å risikera å koma i vegen for nervøse soldatar eller granatkastande sivilistar.

søndag, oktober 02, 2005

Proctor

Proctor Ismail er grannen vår. Proctor er eit spesielt menneske. Han er advokat, den eldste i byen, ferdig utdanna jurist i 1945! Han er ein humanitær aktivist og arbeider for ein frivillig organisasjon. Då tamilar i nabolaget fekk brent ned husa sine, opna Ismail huset sitt og delte med seg det han hadde. Han samlar folk frå dei ulike etniske samfunna i moskeen for å snakka om samhald.

Kvar morgon går Proctor tur på stranda for å sjå på soloppgangen. Deretter går han i retten, der han er om føremiddagen, seinare arbeider han med å ta mot klientar til 7-8 on kvelden. Seks dagar i veka, eller sju. Typisk nok var han hos ein klient nær stranda då tsunamien kom, og måtte springa for livet for å koma seg bort. Kontoret hans er som eit museum, fylt av lukten av gammalt, gulnande papir. Proctor sjølv er og som eit museumstykke der han sit mellom kontoristane sine og dikterer mens dei skriv på maskin. Med blåkopi. Innimellom kjem ein kontorist inn og går bort til skapet i hjørna. Der ligg alle sakene arkivert, tilsynelatande i ein stor haug utan system. Men berre tilsynelatande: elegant dreg kontoristen fingeren nedover langs ryggen på alle mappene, og fiskar ut den eine han leitar etter.

Eg har stor respekt for Ismail, han er eit heilstøypt menneske som brukar livet sitt for å tena folket han lever mellom. I dag ser eg på nettet at andre også har syn for Proctor sine kvalitetar.