søndag, oktober 30, 2005

Jarlsberg

Ja, me har vore i Colombo for møte, og for å feira sambuaren sin fødedag på fredag. Stor middag på thairestaurant, godt byte etter veker med rice and curry!

Etterpå var det ostehamstring på supermarknaden (ost får ein ikkje i Trinco). Der fann me Jarlsberg, og Riddarost - med norske flagg! Pris: godt over 200 kroner kiloet. Det er meir enn ein tredjedel av månadsløna til ein sikkerheitsvakt i Trincomalee.

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg vil gjerne få lov å gratulera bursdagsbarnet på etterskot. De må ikkje tru at eg gløymte det! Eg sendte i det minste ein gratulasjon på sms, uvitande om at telefonen er kassert til fordel for ein Sri Lankisk ein. Ikkje har eg det nye nummeret heller.

No høyrdest dette berre ut som surmuling, det var det ikkje meint å vera.

Gratulerer med vel overstått 55årsdag, kjære far!