søndag, oktober 16, 2005

Cool eller hot?

Cool eller hot mat; spørsmålet gjeld ikkje kryddertilsetjing, eller temperatur. I samtalar med kollegaer byrjar eg få innblikk i (for meg) komplisert kunnskap om kategorisering av mat. Spørsmålet om kald eller varm bestemmer tydelegvis når du et kva mat, både med omsyn til morgon/kveld, og sesong. T.d., det meste av frukt er kald, og skal derfor ikkje etast under regntida. Men ananas er varm, og kan etast når det regnar. Bananer er nøytrale, men ikkje alle typar bananer. Forvirra? Det er eg, men eg prøver å skjøna meir.

Spørsmålet om å verta våt når det regnar er også viktig. I følgje kollegaer må ein ikkje bli våt i håret, då blir ein sjuk. Min teori om at folk har ein plastikkpose på hovudet når det regnar fordi dei er redde for at hårolja skal bli vaska vekk, må forkastast. Eg blir fortalt at om ein blir våt i håret av regnet, pleier folk å ta ein dusj. Då blir heile kroppen våt, og ein vert ikkje sjuk. Å bada er også greitt, for då blir heile kroppen våt. Påstandar om at sjukdom grunna (varmt) regn i håret ikkje gjeld for skandinavar blir sett på med stor skepsis, og deretter avvist.

Alt dette har med balanse å gjera, blir eg fortalt. Regn ("kaldt"): hot mat. Varmt ver: cool mat. Delvis våt kropp: fare for sjukdom. Heilvåt kropp: væta er balansert, ikkje farleg.

Eg prøver framleis å forstå meir av desse levereglane og ber om orsaking om eg framsteller dei på ein kunnskapslaus måte.

Ingen kommentarer: