onsdag, november 25, 2009

Undervisningsmateriale

 

For nokre veker sidan var eg i Mary for aa sjaa paa eit prosjekt me har, der prevensjon, graviditet og det aa bli foreldre er  viktig. Det var artig aa sjaa korleis folk ordna med undervisningmateriale etter kva som var tilgjengeleg. Det fyrste biletet viser helsepersonale som har kurs i 'reproductive health', og oever seg paa aa setja kondom paa ei gulerot. 


 

Unge jenter blir informerte om graviditet, foedsel og amming. Merk dei hekla brysta i tre storleikar i bakgrunnen. 


Og her er heklearbeidet paa naert hald.

onsdag, oktober 28, 2009

Sand, brennande gass og kamelar

Det er ikkje lett aa finna tid til aa blogga, saerleg ikkje sidan internett i heimen er ein luksus som faa i dette landet har tilgang til. Men 'for the record' som det heiter paa godt norsk, maa eg leggja inn nokre bilete fraa seinsommaren/hausten (det var 4 grader i dag tidleg saa no er sanneleg hausten komen,  etter mange veker med fint ver)..Eit av hoegdepunkta i haust var vitjing fraa Noreg og turen til det brennande gasskrateret,


Paa turen koyrde me forbi mange kamelar som aat gras (eller kanskje det var sand) i oerkenen langs vegen.


Me brukte to bilar fraa jobben, for aa reisa til gasskrateret som ligg omlag 25 mil fraa Ashgabat. Slik ser gasskrateret ut i dagslys.


Krateret vart danna paa seksti eller syttitalet, ved eit uhell vart ein gassbrunn set i brann og sidan har ingen klart aa sloekkja brannen. Krateret utvidar seg visstnok framleis, ettersom sand og massar rasar ut.




Noksaa skummelt aa staa paa kanten av dette, utan noka form for sikring.




Seint paa kvelden ser det slik ut;



Campingliv med shaslik og god drikke. Sjoelv om me hadde gloymt aa ta med groen te, som ingen skikkeleg turkmenar kan klara seg utan!

 
Morgon med sauer mot synsranda




Frukost i oerkenen, etter ei natt med lite soevn. Ikkje saa mykje paa grunn av sauer eller anna, men sanden var HARD aa sova paa. 

Me fann nye krater paa vei heim, dette var fyllt med boblande gjoerme, men gassen som pipla fram vart ikkje sett i brann. Eit anna krater saag ut som om det hadde kokande vatn - iallefall bobla vatnet av gass som lek ut.



Sand, sand. sand.


Meir kamel langs vegen:



Og melonhandel paa vegkanten paa veg attende til Ashgabat.


Me feirer uavhengigheitsdagen!

Den 27 oktober feira Turkmenistan uavhengigheitsdagen sin. Det vil seia, feiringa har vart i over ei veke. Gaarsdagen starta med blomenedlegging; av ein eller annan grunn saag alle triste ut - som om dei var i sorg. Kanskje dei lengtar attende til farne dagar?

Denne karen var det mange bilete av i paraden.

Mange var utkommanderte  til aere for leiaren. Mykje fine fargar dansa forbi oss som sat paa tribunen og saag paa. Over hovudat vaare sat presidenten og tok mot all hyllinga.



 Det var mykje fargar og festivitas, og mange ballonger.



Turkmenistan er eit noytralt land, statusen er til og med anerkjent av FN. Kvifor dei likevel ser seg tente med aa visa fram soldatar, tanks, rakettar og krigsfly paa dagen sin, veit eg ikkje.






mandag, september 21, 2009

Endå ei presidentvitjing!


Jentene ventar med brød og tørka frukt

Og dei eldre er på plass med ullhuene sine.

Eg på veg med tog gjennom  ørkenen. Toget hadde ein fart mellom 20 og 30 kilometer i timen, og me brukte 6 timar for å koma fram dit me skulle, til Atamurat i Lebap-provinsen. Like lang tid tilbake etterpå. Og i tillegg reiste me ein time med fly kvar veg. Togfasilitetane var ikkje dei beste, eg trur dette er fyrste og siste gong eg skal vera med og opna jernbanebruer eller liknande...


Nokre av diplomatane nyttar høvet til å ta bilete av seg og dei vene jentene.



Nasjonsbygginga.




Fleire diplomatar og fleire vakre jenter.I bakgrunnen bilete av dei to presidentane, av ein eller annan grunn nektar blogger å leggja inn separate bilete av dei to så dette blir det einaste ser det ut for.




Høvet var opninga av ei jernbanebru, bygd av eit ukrainsk firma. Alle fekk rosettar og såg sikkert ut som om me hadde vunne fyrstepremie på dyrsku.


tirsdag, september 15, 2009

Hærverk i heisen

Eit lite a propos om kvardagen i Ashgabat. Det er melontid og husbonden kom til å kasta ei nyinnkjøpt, tung, melon inn i speglen i heisen på veg opp til ellevte etasje der me held hus. Spør ikkje kvifor og korleis. Det skjedde, og speglen knakk. Som dei lovlydige borgarane me er, tilstod me raskt og sa me sjølvsagt skulle betala for skaden. Lettare sagt enn gjort! Speglen me kjøpte (etter mål må vita) var for stor. Firmaet kom og skar av eit stykke. Speglen var framleis for stor. Eller vaktmeisteren forstod ikkje korleis han skulle få speglen på plass. Whatever. Firmaet kom attende og skar av meir, og hjelpte vaktmesteren med å montera speglen. Speglen knakk.
På dette tidspunktet hadde det gått over ei veke, resepsjonisten var truga med politianmelding (han var på vekt då det skjedde og var difor sett som ansvarleg for uhellet). Sjølv turde eg knapt  gå gjennom respesjonen der resepsjonisten og vaktmesteren sprang etter meg og snakka russisk mens dei peikte på heisen, og eg var sjeleglad då me reiste til Istanbul for eit møte. Vel heime etter nesten ei veke var speglen framleis ikkje på plass!  

Oppvaksen i Ikea-land og vane med å  skru saman ting sjølv, meiner eg bestemt at me hadde klart å få ny spegel på plass i løpet av ein dag om me hadde ordna opp sjølve. Eller iallefall om han som stod for hærverket hadde fått sleppa til!  

Silk Road Rally 2009

 

13 september starta siste etappen paa Silk Road Rally, fraa Turkmenbashi til Ashgabat. Rallyet gjekk fraa Kazan i Russland, via Kasahkstan til Turkmenistan. Me blei flydd ned til starten tidleg om morgonen, og venta i sola utan vatn. Verdspressa var der og, men dei fekk ikkje lov aa ta bilete av nokonting anna enn bilar og rallykoyrarar.

 

Dette er Turkmenistan sin rallykoyrar no 1 (aka presidenten).
  

Dei eldre, og nokre av dei yngre,  ventar i oerkensenga. Merk kamelane i bakgrunnen, dei var nok og frakta hit for aa setja farge paa dagen for alle oss gjestene.

  
Dette er meg og ein rallykoyrar fraa Ukraina, framfor den turkmenske lastebilen som deltok. Turkmenarane vann ikkje for aa seia det slik, trass i forsoek fraa turkmensk fjernsyn som melde at dei var i leiinga. Men sidan dette var fyrste gong landet deltek i rally, var det vel ingen som venta seg toppplaseringar? Ein hederleg innsats, tenkjer eg me kallar det!

  

Dette er ein av dei andre gjestene. Tre presidentar deltok med aa senda avgarde bilane paa den siste etappen.  Og eg. Og ein heil del andre.
 

Hesten deltok ikkje, han var berre til pynt.



Ei lita sandloppe paa veg ut i den store oerkenen.

torsdag, september 10, 2009

Bryllaup

Me har vore i bryllaup, den niende i niende totusenogni.



Kollega B gifte seg med L. Dette er eit blanda ekteskap, og ikkje alle innan familien var like glade.



Som alltid er presidenten med! Han heng paa veggen bak brurparet for aa sikra lydnad (trur eg, men eg er ikkje saa sikker paa om det virkar).



Dette er syngjedamene som medverka til mykje lyd og etterkvart mykje lausdans.



Brurejenter er like soete kvar i verda ein finn dei!



Gjestene vart meir og meir laussloppne.



Og husbonden imponerte som alltid med sine balanserande glas (di meir vodka di meir imponerte vart folk).

HUGO!

Berre sånn eit liten sidekommentar: Møtte Hugo Chavez på mandag og hadde ein liten prat (ja, slik er det å jobba i dette landet, ein minglar med presidentar og kongar, somme med større svin på skogen enn andre, t.d. når det gjeld menneskerettar. På sundag skal eg møta fire presidentar ute ved Kaspihavet, meir om det seinare). Hugo var rett så karismatisk (såpass at eg ikkje oppdaga at vår eigen president tusla bak han og også ville ha litt merksemd) og spurde kvar eg kom frå. Då eg avslørte mitt nasjonale opphav, sa han at han hadde vore i Noreg for nokre år sidan og likte seg godt. Det var jo kanskje kjekt å høyra, så eg takka og bukka. Etterpå reiste Hugo til Venezia for å delta på filmfestivalen der, difor vart det ingen presidentmiddag for meg denne kvelden. Men eg forstår jo på ein måte at han foretrakk Venezia for Ashgabat...

søndag, september 06, 2009

Skulepolitikk

Paa flyplassen i gaar paa vei heim fraa Istanbul: Ei gruppe studentar paa veg attende til universitet i utlandet, denne gongen Canada. Trass i mange dokument som viste at dei var studentar i utlandet, mangla det vesentlege, nemleg godkjenning fraa utdanningsdepartementet om at dei hadde loyve til aa studera utanlands. Dette er nokre av svaert mange studentar som nyleg har vorte nekta utreise for aa halda fram med studiane sine. Mange har studert i fleire aar, og var nesten ferdige med utdanninga si. Etterkvart viste det seg at det vart gitt loyve til aa studera paa statlege universitet i utlandet, men ikkje paa private. Verst har det gaatt ut over studentane ved det amerikanske universitetet i Kirgistan. Dei vert no flytta over til eit tilsvarande universitet i Bulgaria. Grunnen til den nye politikken fraa regjeringa si side? Det maa gudane vita. Vonde tunger hevdar at dei som tener paa den nasjonale 'inntakspolitikken' ved turkmenske universitet ikkje vil at studentane skal reisa utanlands. Naar ein veit at den uoffisielle 'inngangsbilletten' til nasjonale studiar kostar fraa tjue til aatti tusen US dolklar alt etter studieplass, kan ein kanskje skjoena at det er folk som vil at studentane held seg heime. Det endelege resultatet er nok at studentane ikkje kjem heim og at den nyutdanna kompetansen blir verande i utlandet.

Meir her.

torsdag, juli 09, 2009

Rukhnama lever!

Alle vi som trudde den heilage boka no var teken ut av pensum og ikkje lenger var opptakskrav ved inntak til høgare utdanning i dette landet må revurdera den trua: I Nøytrale Turkmenistan (som er ei avis) frå 4 juli kan ein lesa at alle som vil søkja seg inn på universitetet må avleggja eksamen i Rukhnama (og nokre andre fag).

Vil du til dømes verta lege, må du ta eksamen i biologi, kjemi og 'the sacred Rukhnama'.

Inntakskrav til musikk-konservatoriet:
Specialization “Theartofsinging”: singing, solfeggio and music theory (in writing and orally), the Sacred Rukhnama;
Specializations “Choral conducting, Orchestral Conducting”: musical instrument playing and piano, solfeggio and harmony (in writing and orally), the Sacred Rukhnama.


Ikkje spør meg kva Theartofsinging er, eller solfeggio, og slett ikkje kvifor ein treng å kunna den heilage boka for å studera det. Kva avisartikkelen ikkje skriv er at ein i tillegg til inntakseksamenen også må betala ein inngangsbillett, men det er slikt ein ikkje snakkar om.

Om ein framleis treng å avleggja eksamen i Rukhnama for å få førarkort for bil, veit eg ikkje.

Turkmensk sommarkampanje!

På veg til jobb observerer eg at politimenn er plasserte på midtstreken langs alle sentrumsgatene, omlag ein kvar femte meter. Dette er nytt og det ser litt farleg ut (trafikken her er hasardiøs), men eg reknar jo sjølvsagt med at det er ei meining bak denne politimannplasseringa. Og det er det: det er ein kampanje for å få folk til å slutta å parkera ulovleg i sentrumsgatene. Det står ulovleg-parkering-skilt langs gatene men det er det ingen som bryr seg om. Kanskje kampanjen hjelper, kva veit eg. Det er iallefall tydeleg at det ikkje er mangel på politi i dette landet (om nokon trudde det!).

tirsdag, juni 30, 2009

Han forstår ikkje kva eg seier, eg forstår ikkje kva han seier

I går var eg i bursdagsselskap. Vetlebror fyllte 52 år og kom direkte frå flyplassen til selskapet, der han fyrst opna nokre fabrikkar og eit motehus (ja, det er sant). Då han kom langs rekkja av gratulantar, helste eg han med å seia "Til lukka med dagen!". Det er sikkert fyrste gong nokon har gratulert han på hardingdialekt, eigentleg nokså eksotisk vil eg seia. Han sa noko til svar, eg forstod han ikkje men ein kollega som stod ved sida mi sa vetlebror meinte at blomane eg heldt fram til han var vakre. Sidan blomane mine var dei billegaste som var tilgjengelege på markedet, var dette ein liten triumf for meg. Dei fleste ambassadørane hadde nemleg kjøpt roser, som er svindyre. Men min OSSE-kollega var likevel lurast. Han hadde ikkje med blomar og fekk ein kjempebukett med kvite roser frå vetlebror sin stab, slik at han også kunne overlevera blomar til bror.

søndag, juni 21, 2009

Awasa - ditt nye ferieparadis!

Den 15 og 16 juni var eg i Awasa, paa den kaspiske kysten, for aa vera med paa opninga av det siste store prosjektet i dette landet: feirebyen Awasa. I foelgje ein avisartikkel meiner statsleiaren at dette kan verta det stoerste feriesenteret i verda! Dette er det stoerste hotellet spm til no er bygd. Opninga var eit kjempeopplegg, med hundrevis av diplomatar, forretnignsfolk og regjeringsmedlemmer flydd inn fraa hovudstaden med charter.


Mens vi ventar paa den hoegbaarne...


Og paa aa spela nasjonalsongen...


Menn i svarte dressar er alltid med.


Hovudtalaren.


Min ven Rashid.


"Alle" var der, ogsaa den ortodokse presten.


Nasjonsbygginga



Presidenten har invitert oss til hans private leiligheit og terasse paa toppen av eit av hotella, og fortel oss om alle planane hans for ferieparadiset Awasa


Utsikt fraa presidenten sin terasse.


Turkmenske unggutar poserer for meg i hotellparken.



Stranda nedom hotellet eg der eg budde. Det ser lekkert ut, ikkje sant? Under vitjinga vaar vart det skrive kontraktar for fleire hotell, tennisbanar, badeland, og ikkje minst eit innandoers skisenter!



Det som kanskje boer leggjast til, er at renseanlegg for kloakk er ikkje utbygd (og kanskje ikkje eingong planlagt?). Byen 8 kilometer fraa ferieparadiset har store vatnproblem og innbyggjarane er ofte utan vatn i dagesvis. I 40 graders varme om sommaren er det sikkert lite kjekt. Tru kva dei meiner om den store turistsatsinga?