tirsdag, juni 30, 2009

Han forstår ikkje kva eg seier, eg forstår ikkje kva han seier

I går var eg i bursdagsselskap. Vetlebror fyllte 52 år og kom direkte frå flyplassen til selskapet, der han fyrst opna nokre fabrikkar og eit motehus (ja, det er sant). Då han kom langs rekkja av gratulantar, helste eg han med å seia "Til lukka med dagen!". Det er sikkert fyrste gong nokon har gratulert han på hardingdialekt, eigentleg nokså eksotisk vil eg seia. Han sa noko til svar, eg forstod han ikkje men ein kollega som stod ved sida mi sa vetlebror meinte at blomane eg heldt fram til han var vakre. Sidan blomane mine var dei billegaste som var tilgjengelege på markedet, var dette ein liten triumf for meg. Dei fleste ambassadørane hadde nemleg kjøpt roser, som er svindyre. Men min OSSE-kollega var likevel lurast. Han hadde ikkje med blomar og fekk ein kjempebukett med kvite roser frå vetlebror sin stab, slik at han også kunne overlevera blomar til bror.

1 kommentar:

Anonym sa...

ma sjekke:)