søndag, april 30, 2006

Vassmaskiner og ferjer

Lat sundag i Mango Camp, frukost ilag med ein kenyansk-russisk-arabisk forretningsmann som er her for aa selja maskiner som lagar reint vatn av luft, og ferjer som kan trafikkera Nilen fraa Juba til Khartoum. Her er behovet for ferjer heller daarleg, elva renn berre nokre timar no og daa naar det regnar.

I tillegg har han fortalt oss masse om korleis me skal unngaa aa verta rundstolne paa gata i Nairobi. Kapoeta kjennes tusen gonger tryggare enn den byen!

I bushen gler me oss over smaa ting: I dag fekk eg lov aa klappa fru Thompson (ein av dei to gasellene vaare) for fyrste gong, foer har ho aldri gitt meg lov til aa ta henne paa nakken eller ryggen. Og saa har eg teke i bruk nye klesklyper, rett fraa Paris! No slepp eg aa leita etter vekkblesne plagg over heile leiren.

I morgon reiser eg med fly til Torit, der regjeringa for Aust-Ekvatoria held til, for aa moeta guvernoeren og snakka om tiltak for auka tilbakevending til staten. Saa langt er det fleire som forlet omraadet og vert flyktningar i Kenya, enn det er folk som kjem attende. Trist. Men sant.

tirsdag, april 25, 2006

Malaria

Som den perfekte arbeidstakar eg er, fekk eg sjoelvsagt malaria akkurat daa eg skulle reisa paa ferie til eventyret: Paris. Sidan eg ikkje fekk tak i malarialegen min (ja, sjoelvsagt har eg det!), reiste eg avgarde, i tillitt til at eg er sterk og frisk og toler det meste, iallefall naar eg kan nyta fransk ost og godt broed og ikkje minst selskapet til kjekke folk. Og saa hadde eg god orsak for ikkje aa bruka tida mi til aa sjaa Versailles og andre gigantomane bisn, men kunne kosa meg med Eiffel-taarnet, Notre Dame, metroen, god mat og ikkje minst godt selskap.

No er eg attende i Nairobi, malarialegen seier eg har klart aa kvitta meg med alle malariaparasittane. Men han la til at det ser ut som om eg har lett for aa faa malaria. Det siste likar eg lite. Men eg faar investera i stendig meir myggmiddel og vona det beste for framtida.

lørdag, april 15, 2006

Juba, Juba

Lanfredag i Juba, overnatting paa mitt favoritt-hotell der ein betaler 100 dollar natta for ei seng, utan saape og handkle. Juba er ingenting aa skriva om, mi von er aa koma meg 'heim' til Kapoeta foer paaskeaftan set inn. Me har to fly som flaksar att og fram mellom fjell og oerken i Soer Sudan (SS), turen fraa Juba til Kapoeta tek 40-50 minutter. Gitte koordinerer flya, ho er dansk, hyggeleg, og gjer jobben sin. Det er det ikkje alle her som gjer....Eg har vore her for aa diskutera arbeidet i maanadene framover, har vonleg vorte litt klokare, og brukar elles tida til aa jaga etter underskrifter, vedtak og dokument som eg treng i jobben. Det er ingenting som kjem av seg sjoelv i SS. Og om verda er snill med meg og lukka ikkje har forlete meg, reiser eg til Nairobi og Paris paa tysdag/onsdag. Insh Allah.

tirsdag, april 11, 2006

God paaske?

Det kjennest merkeleg ut aa seia god paaske her eg sit i moerket i graset utanfor min rosa tukul, i kanskje 35 graders varme, maaneskin, med ei karlsvogn som staar opp-ned paa himmelen. Eg kan droyma om skitur i hundremeter-skogen, appelsiner i kald sno, og heimebaka bollar fraa vedkomfyr i Viveli, men eg er like fullt i Kapoeta. I dag har kvinnene i landsbyen naer kontoret dansa regndans utanfor porten vaar, det var eit voldsomt leven i mange timar, men regn vart det ingenting av. Sola skin like fullt over uttoerka toposalandsbyar og sletteland. Eg har hatt moete med politiske leiarar om helsetiltak, og er framleis den grusaste av alle - fordi me faktisk proever aa gjera noko for aa betra vilkaara her. Skiftesvis kallar dei meg Angela eller Beatrice, og tilogmed Brita, men det er like greitt.

onsdag, april 05, 2006

Koleraland

Braatt finn eg meg sjoelv i rolla som medisinsk samordnar, koleraen er komen til Kapoeta og han forsvinn ikkje over natta. Det doyr nokon nesten kvar dag, dei fleste er barn, og sjukehuset er ein gamal ruin utan doerer og skikkeleg tak. Fraa aa vera nesten som eit haar i supen, er UNHCR den kjekkaste i klassen - fordi me faar tak i hjelp via andre. Og litt har mee aa by paa sjoelv ogsaa, t.d. presenning til aa tetta tak, laga skilje mellom sjukesengene (senger er forresten overdrive, folk ligg rett paa steingolvet). Her er ingen lege for dei 600,000 menneska som bur her, saa det er berre aa trakka til for den som kan!