tirsdag, april 25, 2006

Malaria

Som den perfekte arbeidstakar eg er, fekk eg sjoelvsagt malaria akkurat daa eg skulle reisa paa ferie til eventyret: Paris. Sidan eg ikkje fekk tak i malarialegen min (ja, sjoelvsagt har eg det!), reiste eg avgarde, i tillitt til at eg er sterk og frisk og toler det meste, iallefall naar eg kan nyta fransk ost og godt broed og ikkje minst selskapet til kjekke folk. Og saa hadde eg god orsak for ikkje aa bruka tida mi til aa sjaa Versailles og andre gigantomane bisn, men kunne kosa meg med Eiffel-taarnet, Notre Dame, metroen, god mat og ikkje minst godt selskap.

No er eg attende i Nairobi, malarialegen seier eg har klart aa kvitta meg med alle malariaparasittane. Men han la til at det ser ut som om eg har lett for aa faa malaria. Det siste likar eg lite. Men eg faar investera i stendig meir myggmiddel og vona det beste for framtida.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Eg liker bloggen din! Skulle berre ønska han vart oppdatert oftare, men omgivnadene gjer det kanhende vanskeleg? Om nokre år (sånn cirka femten, trur eg) kjem eg vonleg og hjelpar deg i kampen mot menneskeleg naud, men som lege utan grenser. Kanhende eg overtek som malarialege?

Helsing Mari, fast lesar ei stund :)

Anonym sa...

Takk for besøket, me saknar deg allereie! Elles godt å høyra at sjuka er over for no. Kjenner du deg pigg?
I dag har me hatt høgtideleg gravleggjing av ostane dine - det var ikkje lenger leveleg å ha dei i kjøleskapet :) Men blomane er det framleis liv i.
Store klemmar frå Vincennes!

brita sa...

Kjaere NMari,
det er kjekt aa faa tilbakemeldingar paa bloggen min! Eg skulle ogsaa ynskje eg kunne skriva oftare. Du skulle ha sett meg naar eg spring rundt i kontoreleiren vaar; med laptop i ei hand, ei lita satelittantenne i den andre - paa leit etter ein plass der eg kan naa i dei dyreberre signala fraa rymda. Og naar eg finn dei, manglar eg stol - saa eg maa sitja paa bakken eller ein myr for aa ha skriveplass! jaja, ein dag vonar eg paa betre tider.

Om du vil vera lege som hjelper flyktningar og folk med faa ressursar, kan eg lova deg det er nok aa gjera! I dag er eg glad, fordi me er i sving med aa starta eit prosjekt for aa byggja opp helsetenester i Kapoeta! On nokre veker ventar eg me har baade legar og sjukepleiarar for vaare 600,000 toposaer, som i dag har nesten ingenting!

brita sa...

Kjaere Marita,
eg er lei for drapet paa ostane mine, men eg skjoenar ogsaa at det hadde lita hensikt for meg aa oppbevara ostar i Paris, naar eg er her! Eg hadde vel ikkje faatt vera med i flyet km eg hadde proevt aa ta dei med til Afrika, er eg redd.

Eg er vel frisk trur eg, men litt halvveis - litt slapp og troytt. Eg et vitaminer i samraad med malarialegen, saa det kjem seg vel smaatt om senn.

Elles, takk saa mykje for meg - det var utruleg kjekt aa oppleva vaar i Paris, saman med deg og Tom og Astrid!