tirsdag, april 11, 2006

God paaske?

Det kjennest merkeleg ut aa seia god paaske her eg sit i moerket i graset utanfor min rosa tukul, i kanskje 35 graders varme, maaneskin, med ei karlsvogn som staar opp-ned paa himmelen. Eg kan droyma om skitur i hundremeter-skogen, appelsiner i kald sno, og heimebaka bollar fraa vedkomfyr i Viveli, men eg er like fullt i Kapoeta. I dag har kvinnene i landsbyen naer kontoret dansa regndans utanfor porten vaar, det var eit voldsomt leven i mange timar, men regn vart det ingenting av. Sola skin like fullt over uttoerka toposalandsbyar og sletteland. Eg har hatt moete med politiske leiarar om helsetiltak, og er framleis den grusaste av alle - fordi me faktisk proever aa gjera noko for aa betra vilkaara her. Skiftesvis kallar dei meg Angela eller Beatrice, og tilogmed Brita, men det er like greitt.

2 kommentarer:

Jan sa...

God påske, Brita!
Det gode med slike høgtider, er at dei ikkje har samanhang med snøen eller appelsinane.
Det ser spanande ut, det du har å gjere. Det å tenke seg ein by på ein halv million menneske utan noko som liknar på ordna helsetilbod, er nestan uverkeleg.

brita sa...

Paaske er faktisk ei viktig hoegtid for folk i Soer Sudan. I Kapoeta brukar dei trommer for aa samla folk til gudsteneste, og dei trommar heile dagen.

God paaske til deg og! Med eller utan appelsin.