tirsdag, november 30, 2004

Bikkusar og oss

Sjå korleis bikkusar, oss og andre prøver å løysa konflikten i Trinco!

Badelivet tek slutt

Trincomalee er som ein spoekelsesby. Nokre stakkars turistar som har forvilla seg til badebyen har plutseleg oppdaga at staden ogsaa har andre sider. No proever dei aa koma seg ut med militaer eskorte, men tilogmed det ser ut til aa vera umogeleg idag. Situasjonen er ei sterk paaminning til oss alle om at dette faktisk er eit land i krig, med sterke etniske konfliktar. Den store tigeren sin tale sist laurdag, der han hintar om at tolmodet har grenser, er ei anna paaminning om at situasjonen raskt kan endra seg.

I dag tidleg var det moete mellom navy, arme, politi, bikkusar og hinduprestar, muslimar og andre for aa roa ned situasjonen. Like etterpaa vart ein sinhala sjaafoer som forsvann i gaar funnen hakka i hel paa ein sidevei. I morgon er det gravferd for ein annan sinhalesar, som vart drept i gaar. Det er smaa utsikter for rask nedkjoeling av sterke, heite kjensler.

mandag, november 29, 2004

Kontrastar

I går bada me i Bengalbukta og hadde lunsj på Nilaveli Beach Hotel i Trincomalee. Idag er det utgangsforbod etter granatåtak på buss, med ein drept og fleire såra. Og med det meir vald. No har politi og hær lagt jernhanda si over Trincomalee og seier at situasjonen er under kontroll.

fredag, november 26, 2004

The Birthday of the Great Leader

Fins det nokon betre? Eg likte spesielt dette:"From time immemorial, according to a belief that prevails among the Eastern nations, a true leader will emerge to redeem his people, during a period of ecliptical calamity. It becomes incumbent on the people of that nation to distinguish the true, impeccable leader from the selfish, opportunistic fakes. Any nation that expunges fakes and follows the true leader in his struggle for emancipation, will be triumphant in the end. The Bible and Indian epics bear testimony to this belief"....
Elles vert det meldt frå Trinco at bursdagskaka hans blei brent av folk som ikkje heilt kjøper dette med the "impeccable leader", det var tåregass og skyting, og no er det utgangsforbod....

tirsdag, november 23, 2004

Dengue-feber

Svenskane har lenge mobba oss norske for aa vera spesielt svake; alle nordmenn i Trinco med unntak av meg hadde hatt Dengue-feber. No er det svenskane sin tur! Trass i ryddekampanjar og opplysningskampanjar for aa hindra fleire Dengue-utbrot, er ein ny epidemi i sving, og denne veka er to svenske kollegaer nede for full telling. Me i Channel Lane rustar oss med mygg-middel, sprayflasker med insektgift, og sjekkar at myggnettingen ikkje har hol. Eg vil gjerne halda statusen som einaste norske utan Dengue, husbonden har daarleg erfaring med sjukdommen og ser gjerne at det ikkje blir fleire utbrot. Og saa vil me saa gjerne heim til jol!

søndag, november 21, 2004

Dødsstraff

Søndag morgon, stor oppvask og skitne golv etter ein vellukka bacalao-kveld. Sambuaren er i felt, me blei vekte før 7, drap i Seruwila. Truleg politisk. Det fyrste i Trinco på ei stund, mange andre i Batti og Jaffna. I Colombo blei ein høgsterettsdomar skoten og drepen på fredag. Det har ført til at presidenten har aktivisert lova om dødsstraff. Sidan 1976 har dødstraff automatisk blitt omgjort til livsvarig fengsel. No skal folk hengjast for drap, valdtekt og narkotikabrot.

Det er vel heller tvilsamt om dette vil føra til mindre kriminalitet. Dei fleste vert aldri tekne av politiet uansett. Eller dei kjøper seg fri.

fredag, november 19, 2004

Tørrfisk

Eg har høyrt at Noreg tidlegare gav tørrfisk som humanitær hjelp til sveltramma folk i Afrika, men at somme brukte fisken som takmateriale og ikkje forstod at det var mat. Kanskje er dette ein rasistisk myte, kanskje har det skjedd - kva veit eg? Dagfinn har iallefall tatt med tørrfisk frå Bergen til Trincomalee, og i morgon serverer me bacalao, lankesisk øl og norsk akevitt til vener og kjende. Taket vårt lek heldigvis ikkje lenger, og tørrfisken kan nyttast til betre tiltak.

tirsdag, november 16, 2004

Multi

Veka starta med muslimsk Eid al-Fitr og Eid-lunsj hos Proctor Ismael, tre dagar etter hinduistisk Deepavali, og komande fredag er det buddhistisk Poya-dag. Det har sine fordeler aa arbeida i eit multi-religioest land. Snart er det jol attpaatil!

I dag har eg hatt moete med muslimske internflyktningar som har faatt lovnad om land men som ikkje vaagar aa flytta fordi dei ikkje stolar paa regjeringa. I tillegg er dei redde for baade Tigrar og elefantar som det er flust av i omraadet. Diskusjonane om flytting har paagatt i nesten to aar utan resultat, men i dag verka det som om noko loysna. Dei neste stega i prosessen er planlagde, og om alt gaar i rett retning skal dei vera paa plass i den nye landsbyen foer neste Hajj i slutten av januar. Eg kryssar fingrane og startar lobbying for aa skaffa mest mogeleg hjelp..

lørdag, november 13, 2004

Ifthar i Trincomalee

Fredag samla notabilitetane seg i Trincomalee og feira Ifthar. Tamilnet var der.

Syklon på veg?

Meterologisk institutt har varsla at ein syklon kan koma i løpet av dei neste to månadene, og at folk må førebu seg. Førebuingar sålangt går ut på å tolka teikn. Til dømes, i Batticaloa seier folk at laguna er full av symjande slangar, truleg fordi vatnet har stige på grunn av lågt trykk. Ifylgje lokalkjende, hende dette også før den store syklonen i 1978. Slangar eller ikkje slangar, dei to største flyktningleirane i Trinco ligg ved sjøen, og eg kan berre tenkja meg korleis ein syklon vil fara fram med palmebladhytter og blikkskur. Difor står disaster preparedness på programmet for komande veke.

torsdag, november 11, 2004

Lysfest

I dag feirar hinduane Deepavali, lysfesten, som er ein av dei mest populaere og glamoroese festivalane innan hunduismen. I Trincomalee fyller hinduane hus og hagar med lys, og butikkane set halve kokosneter ved inngangen, fyllte med brennande olje. Det er vakkert! Dagen symboliserer frigjeringa fraa alle vonde krefter i verda og siger for rettferda.

Som eit apropos: eg har nett kome attende fraa vitjing til tigrane for aa soekja informasjon om tre smaajenter som har forsvunne i ein av flyktningleirane. Ei av dei er stadfesta rekruttert som barnesoldat, og me reknar det som sikkert at dei to andre ogsaa har havna i tigerkloerne. Men som saa ofte var det ingen tilstades som ville snakka med meg.

Human Rights Watch har forresten offentleggjort ein ny rapport i dag om barnesoldatar i Sri Lanka.

God Deepavali!

mandag, november 08, 2004

St.Mary's syng om fred

Hundre skuleborn fraa alle tre etniske grupper song om einskap og fred, sambuaren tala og underskrivne vart presentert som 'the beloved wife of Mr. Aa'. For alle detaljar, sjaa http://www.tamilnet.com/art.html?catid=13&artid=13336

lørdag, november 06, 2004

Giardius Lambilus

Eg hoyrer at halve Bergen er angripen av eit lita (lambi)lus og at baade Ladegaardsgaten og Lyder Sagensgate er i faaresona (paa BT kan ein soekja etter kva gater som faar vatn fraa Svartediket). Rart, tenkjer eg - som bur i ein by utan soeppelordning, der kloakken renn open gjennom gatene, der all oppvask vert gjort i kaldt vatn, der ikkje berre kyr og laushundar men ogsaa folk gjer fraa seg alle tenkjelege og utenkjelege stader. Men faar me magesjau? Nei.