lørdag, april 30, 2005

Politiske drap

les me no om nesten kvar dag. Den siste i rekkja er Sivaram, journalist og redaktoer i TamilNet. Respektert, ikkje minst fordi han var kjend som ein reflektert og analytisk journalist som skreiv fritt og kompromisslaust om det han var overtydd om.

tirsdag, april 26, 2005

Familien elefant på tur

På vei heim frå Colombo i ettermiddag køyrde me forbi to elefantbabyar, tre småelefantar i tenåra, og tre elefantmødre som alle gjekk og åt gras like ved sida av veien. Elefantmor såg strengt på oss, slengde med øyrene og snudde rompa til oss, som om ho sa "kva er de de glor på? har de aldri sett tre elefantvenninner på tur med ungane sine før?" Me skjønte hintet, og køyrde forsiktig vidare.

lørdag, april 23, 2005

Hus, hus, hus

I dag vel eg å fokusera på oppbyggjelege ting. Av 7000 planlagde krisehus er no halvparten ferdige eller blir ferdige i løpet av komande veke. I heile dag har eg vore rundt og sett på hus (krisehus, ikkje permanente), me har opna nye "landsbyar" og overlevert nøklar til familiar som flytter inn. Kjekt! Noko er bra, noko ikkje så bra, men iallefall betre enn telt! Og dei fleste er nøgde. I Veloor møtte eg skjellseljaren vår frå Nilaveli. Han hadde fått nytt hus, smilte som ei sol. Alle problema med å få ungane attende til skular og universitet hadde ordna seg. Kanskje delvis på grunn av mine tidlegare forsøk på å få utdanningsdepartementet til å ta tak i problemet? Eg vil jo gjerne tru det....

Elles melder media i dag at regjeringa vil ha guddommelege lærarar, sidan dei har så viktige oppgåver. Korleis er det med det guddommelege i den norske lærarstanden?

tirsdag, april 19, 2005

Eg hadde gloymt

kor varmt, og kor fuktig det er i Trincomalee i april. Og at det kjennest endaa varmare naar ein kjem fraa fem plussgrader i Noreg. Men trass varme, sjuhundreognittini e-postar og eitthundreogsju rapportar aa lesa er det kjekt aa vera tilbake, kjekt aa sjaa kollegaer att. Sathis vert usikker i blikket nar eg seier at eg har gaatt paa ski; det er ikkje heilt enkelt aa forklara kva sno og skigaaing er til ein som aldri har vore utanfor oya. Stephen er mest oppteken av om Ridder B og Bulldozer likte mango-chutneyen han sende med oss heim. Men alle seier "du ser saa frisk og utkvild ut, du maa ha hatt ein god ferie!". Og det er sant.

onsdag, april 13, 2005

Godt nytt år!

I dag er siste dagen av år 1922 etter Saka-kalenderen, og ved midnatt byrjar år 1923. Saka var konge i India, kjend for sin visdom og kunnskap om astrologi. Då Saka døydde, byrja lankesiske kongar å bruka denne kalenderen i takksemd for Saka sine gode råd. Idag er nyttår den einaste større festivalen som vert feira av både tamilar og sinhalesarar i Sri Lanka.

På Blåsenborg er feiringa idag heller symbolsk. Tradisjonelle rituale som t.d. bading i olje eller koking av risgraut over open eld er ikkje aktuelt, og det er dårleg med tempel å vitja i Hardanger. Men neste måndag er me på plass att i Trincomalee, så kven veit om ikkje det vert litt (forseinka) nyttårsfeiring likevel.

torsdag, april 07, 2005

Hadde gløymt

kor kaldt regnet er på Vestlandet i tidleg april. At det ikkje kjem i form av ei byge no og då, men at det regnar tjuefire timar i døgeret. Men hadde også gløymt kor lyst det er om kveldane, korleis krokusane kryr opp av plenen på denne tida. Kor godt det er med varme frå vedfyrt ovn når kulda har bite seg fast i heile kroppen. Kor stilt det er, og kor djupt ein søv.