tirsdag, april 19, 2005

Eg hadde gloymt

kor varmt, og kor fuktig det er i Trincomalee i april. Og at det kjennest endaa varmare naar ein kjem fraa fem plussgrader i Noreg. Men trass varme, sjuhundreognittini e-postar og eitthundreogsju rapportar aa lesa er det kjekt aa vera tilbake, kjekt aa sjaa kollegaer att. Sathis vert usikker i blikket nar eg seier at eg har gaatt paa ski; det er ikkje heilt enkelt aa forklara kva sno og skigaaing er til ein som aldri har vore utanfor oya. Stephen er mest oppteken av om Ridder B og Bulldozer likte mango-chutneyen han sende med oss heim. Men alle seier "du ser saa frisk og utkvild ut, du maa ha hatt ein god ferie!". Og det er sant.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Du kan helsa til Stephen og seia at chutneyen var utsøkt, og at han nesten er fortært allereie. Me treng meir! Kjøpechutney smakar ikkje det same.

Anonym sa...

Håpar elles det har det fint, at de får tid til å slappa litt av og at studiene i Colombo går bra.

brita sa...

Stephen seier at neste gong me reiser heim, vil han laga dobbelt opp med chutney og gje like porsjonar til baade deg og systo! Elles har me det bra og skal til Colombo paa sundag.