lørdag, september 29, 2007

Lochichoggio, Turkana distrikt

Denne veka var eg i Lokichoggio. Paa veien fraa Sudan til Kenya maa me ha eskorte paa kenyansk side. Dette er fordi det er bandittar som angrip bilar som koyrer her. Mange har vorte drepne, og me har ikkje lov aa koyra her utan to eskortebilar med vaepna politi, ein bil i front, og ein bak. Dette er bilen vaar og eskortebilen, ein liten stopp mens me ventar paa den andre eskortebilen som kjem lenger bak.
Ingenmannsland mellom den sudanesiske og den kenyanske grenseposten. No patruljerer kenyanske soldatar jevnleg dette omraadet for aa halda bandittane borte.

Typisk for Trackmark, der eg bur naar eg er i Loki, og som er ein av dei faa plassene eg kan nyta synet av vakre blomar i denne delen av verda.

Ein iguana (trur eg) som vakta porten til kontoret vaart Lokichoggio

I Trackmark passar denne hunden paa meg og tukulen der eg bur.

Det var dette me kom for; skifting av sprukken frontrute og litt anna smaatteri. Og saa sjoelvsagt eit moete for aa droefta repatrieringa, som gaar seint fordi alle veiene druknar i regn...

Loki faar me alltid til aa foela at eg er midt i ei kulisse for ein Hollywood-film om cowboyliv i ville Texas. Denne gongen hende ting som var paa linje med ein daarleg action-film, men tragisk nok sidan dette er verkeleg: ein bil fraa ein av partnarorganisasjonane vaare i Kapoeta koyrde ned og drap ei Turkana-kvinne i sentrum av Lokichoggio. I slike situasjonar tenkjer folk hevn, og det betyr som oftast at dei proever aa drepa sjaafoeren. Fylgjeleg tok han til beins og proevde aa roema. Heldigvis for han kom politiet, og koyrde han til politistasjonen. I farten koyrde politiet ned offer nummer to (som vart saara og seinare doydde paa sjukehuset). Bilen til vaar partnerorganisajon vart staande att paa ulukkesstaden, einkvan stal bilen og koyrde ned offer nummer tre, som doydde paa staden. Sjaafoeren/tjuven stakk av og folk sette fyr paa bilen i reaksjon over drap nummer tre.
Som resultat av alt dette er folk fraa Soer Sudan ikkje saerleg velkomne i Lokichoggio, og me har blitt raadde til aa halda oss vekke for ei stund for ikkje aa risikera aa bli angripne. Ikkje det at eg kjenner noka skuld, men det er nok best aa vera paa den trygge sida. Men onsdag reiser eg uansett til Loki, daa skal eg nemleg heim!

søndag, september 23, 2007

Vatn

Sju dagar utan vatn er nyttig for slike som oss som skal hjelpa folk med å få betre levevilkår, mellom anna gjennom tilgang til vatn. Eg kjenner meg litt audmjuk her eg går og klagar over at eg ikkje har fått dusja siste veka og at håret byrjar verta seigt, når eg veit at mange i Kapoeta må gå i timesvis for å henta vatn. Men det er bale! I dag ventar eg på folk som kan installera ny vasspumpe og kryssar fingrane for at det skal gå bra (i Sudan veit ein aldri..).

Inspirert av barneboka om Polyanna (det er alltid noko kjekt å tenkja på i staden for det som er trasig), deler eg med meg fuglen som song utanfor brakka mi i dag tidleg.
Er han ikkje fin?

lørdag, september 22, 2007

Heime (Kapoeta) og ute (Lokichoggio)

Ikkje for aa seia noko negativt om korleis me bur, dette er topp luksus i Kapoeta.

Men det er utan tvil ei god avveksling aa koma til Lokichoggio og bu slik:
Dette er smultronstellet mitt i Loki, og dit skal eg paa maandag for moete om repatriering.

TV-rommet med badebasseng utanfor


onsdag, september 12, 2007

"Nai, gifta deg jenta, da raor eg deg ifrao"

Folk fraa Dinka-stammen fascinerer og forundrar meg stadig. Dinkane er vakre, hoege, slanke. Om eg var yngre, og ugift, ville eg ha valgt meg ein Dinka mann, trur eg. Iallefall om eg berre gjekk etter utsjaanad og kropp. Men det gjer eg jo ikkje, og eg innser at det hadde vore vanskeleg aa svelgja kvinnesynet deira. " Ei kvinne er ei vare", seier ein Dinka-kjenning. "Prisen er avhengig av fleire ting, om kvinna t.d. er hoeg kan du maatta gje meir enn 200 kyr for henne". "Ikkje spel med borna eller konene vaare, dei har kosta oss mange kyr", sa den hoegaste av dei hoege politikarane daa han tala til utanlandske soldatar for ei stund sidan.

I Toposa-land er konene billegare enn i Jonglei, og den hoegste brureprisen maa ein ut med i Bahr el Ghazal (der skal jentene visstnok vera hoegare enn i andre statar). Dei gjevaste oksane om ein skal kjoepa seg kone, er dei dropla. Dei kvite oksane brukar ein til ofring ved seremoniar, ikkje til brurebetaling. Mens det er lov aa spoerja kor mange koner ein mann har, er det absolutt ikkje akseptabelt aa spoerja kor mange born, eller kor mange kyr, ein mann har.

Dette, og meir til, har eg laert i loepet av dei siste to vekene, mens eg har reist saman med representantar fraa styresmaktene, og andre. Ein annan av mine Dinka-kjenningar har ein sentral posisjon i regjeringssystemet, er utdanna, har vit og fornuft, er gjennomtenkt i alt han seier, og er i tillegg noksaa uformell, saa eg torer aa gaa litt vidare i samtalen: "Men du maa vel gaa med paa at dette brurekjoepssystemet etterkvart fortener aa bli lagt paa hylla? Naar trur du de kjem til aa kvitta dykk med slike ordningar?" " Aldri", svarar han.

torsdag, september 06, 2007

Leopard!

I dag saag eg ein leopard! Det er den fyrste gongen eg har sett vill leopard i Sudan, og eg vart noksaa forvirra daa dyret dukka opp paa vegen framfor meg, litt vest for Camp 15. Eg trudde faktisk det var ein stor katt (norsk skogkatt med striper), og det var det jo for saa vidt. Kameraet var sjoelvsagt nedpakka i veska, men biletet av leoparden er goymd i hjarta mitt.

onsdag, september 05, 2007

Ny bustad, nytt kjøken, meir regn

JA, det er lenge sidan eg skreiv om liv og lagnad i Kapoeta. Men no er eg her att, etter veker i Noreg som vart altfor få og korte. Men imellomtida vart den nye leiren vår ferdigsett, og no bur eg i ein liten boks med flatt tak, stor FN logo på veggen, men med dusj og toalett! Det aller beste er likevel at me har eige felleskjøken. Sjølv lever eg for det meste på Fedons rugbrød og rett-i-koppen, i tillegg til fantasifulle kyllingrettar med inspirasjon frå Nepal, Irak, India og Noreg. Berre sjå kor blid eg er ved matbordet.


Og om de trur det er berre på Vestlandet regnet høljar ned, tru om att! Afrika får sitt, i Sudan er det flaum og nesten umogeleg å koma seg rundt. Me må bruka firehjulstrekk for å koma oss ut frå parkeringsplassen i den nye leiren, og spenninga er stor kvar gong me skal kryssa ei elv.

Meir seinare....