onsdag, juni 20, 2007

World Refugee Day 2007

I dag markerer me Verdas Flyktningdag. Biletet er fraa fylkesadministrasjonsbygget, og viser administrasjonssjefen, ein representant fraa SPLM, og meg framfor banneret med temaet for dagen i Soer Sudan: New Beginning. I Kapoeta var det stor tilskiping paa vegstasjonen, og 'alle' var der. Mange talte, underskrivne heile to gonger, det var song og dans, og tilogmed dei gamle toposamennene kasta seg inn i spontandansen. Av ting aa merka seg fraa dagen er at talet paa flyktningar paa verdsplan har auka for fyrste gong paa fleire aar, og er no 9,9 millionar. Sudan har den tredje stoerste flyktningbefolkninga, med 686,000 flyktningar, berre slaatt av Afghanistan og Irak. Sudan er likevel eit lyspunkt, folk reiser heim og fredsavtalen held (Insh Allah). Sidan den fyrste organiserte flyktningkonvoyen kryssa inn i Sudan via Kapoeta i desember 2005, har 155,000 flyktningar reist heim.
Toposa-damer marsjerer/dansar, alt etter som ein ser det...

Dansarar fraa Acholli-stammen.


Borna har matpause fraa alt staaket.

Storhoevdingen (hoegre) talar, med stor tyngde. Han var kritisk mot jobben vaar, og vil me skal henta fleire flyktningar heim. Men retur er frivillig, og me kan og vil ikkje tvinga folk.




tirsdag, juni 19, 2007

Bad luck

Naar ein berre har ein lastebil att for aa gjera jobben (repatriering), er det trasig naar han endar opp slik. Slik kan det gaa naar ein koyrer gjennom Singaita (elva som passerer Kapoeta), naar betongbrua i botnen gjev etter for vassmassane. Men heldigvis har me ein gjeng med folk fraa Moldovia som borer etter olje lenger inne i Sudan. Dei har ein logistikk-base i Kapoeta og synes det er greitt med litt avkopling i kvardagen. Sidan dei ogsaa har tungt materiell, som t.d. kranar som kan lyfta 25 tonn, er dei kjekke aa kjenna!

Slik saag det ut daa me kom til elva i dag tidleg. Om lastebilen er koyrande etter denne hendinga, vil visa seg seinare!

lørdag, juni 16, 2007

Andre eller tredje kone?

Eg sit og pratar med ein kollega i matvareprorammet og me nemner ein felles kjenning som nett har gifta seg.

Det er kone nummer to, seier kollegaen min. Ho held fram, eg har tenkt eindel paa det aa leva i ein slik kultur og eg trur bestemt at eg i tilfelle ville vera kone nummer to, ikkje kone nummer ein. .

Jasaa, seier eg, eg trudde faktisk kone nummer ein er den viktigste og har den beste posisjonen?

For kone nummer ein, held kollegaen min fram, er heile klanen ansvarleg for aa betala medgifta. Difor meiner heile klanen at kone nummer ein hoyrer til alle, og at ho maa staa til teneste for alle. Ho maa hjelpa alle, ho maa loysa konfliktar, ho maa tilogmed ta vare paa borna som mannen eventuelt maatte faa saman med andre koner. Kone nummer to derimot, er berre mannen si. Han betaler medgifta aleine, og ingen andre i klanen har nokonting aa seia i forhold til henne. Kone nummer to har ingen plikter i forhold til resten av klanen eller i forhold til felleshushaldet. Ho er berre til lyst og glede, og til aa skjemmast bort.

No trur eg bestemt at om eg hoyrde til denne kulturen, ville eg vera kone nummer tre.