mandag, oktober 11, 2010

Plantesesongen har starta!

På laurdag starta plantesesongen, litt uventa for min (og andres) del sidan oppdraget denne helga var å opna ei fontene. Men kva gjer ein ikkje for milet! Awasa treng utan tvil tre, og med alle turistane som skal nyta ferieparadiset i framtida i tankane mine, kasta eg meg ut i plante-eventyret. Denne gongen var det utan mat og dans (det var det flust av under fonteneopninga) og me kom oss alle heim til Ashgabat som planlagd, sjølv med dette uventa programinnslaget. 


Bloggskrivaren, den einaste i korrekt planteantrekk: dongeri og strikkejakke.

Alt var tilrettelagd, med ferdiggravd hol for kvar tre, spade, og vassbøtte for dei forste hola. 'Skal du koma attende neste år for å sjå resultatet av innsatsen din må du planta sju tre', sa ein diplomatkollega. 'Seks av sju tre vil døy på grunn av vassmangel'.

Typisk turkmensk arbeidsantrekk for treplanting: svart dress og lakksko.

 

GB Shovel-starts Tree Plantation Campaign

Turkmenbashy, 9 Oct—The autumn tree plantation campaign started 9 Oct with shoveling-in of hundreds of pine saplings in Avaza. President Berdymuhamedov planted the first sapling, followed immediately by heads of diplomatic missions and international organizations, cabinet members, and elders.

In all, 324000 saplings were planted on 9 Oct. The week-long campaign is expected to add some two million saplings to the green treasure of Turkmenistan. In addition to pine, these would include arborvitae, Arizona cypress, Turkmen juniper, mulberry, almond, ash and poplar.

Most of the sites would be irrigated through drip irrigation system. /// nCa

lørdag, oktober 09, 2010

Fontener

Den nye fontena sekund etter at presidenten har trykt på knappen som sette alt i gang

Ei av dei mange fontenene på plassen framfor den store sjø-fontena.
Fontena om kvelden, lyssett og med hologram (som ikkje visest her).
Folket ventar på presidenten, bak kaskader av vatn..

Ein eller annan i Turkmenistan må vera veldig glad i vatn. Tenk deg eit ørken-land, der vatn er mangelvare og kjelde til potensielle konfliktar med grannelanda. Og så brukar dei vatnet til fontener. Men vakre er dei, iallefall nokre av dei.

fredag, oktober 01, 2010

Nobelprisen til president Nazarbayev

For ein gongs skuld synes eg at eg må ta eit steg ut av Turkmenistan, sjølv  om nyhendet eigentleg er litt gammalt.... Eg tykkjer likevel framlegget om å gje Nobelprisen til presidenten i Kazakhstan fortener plass. Framlegget kjem frå The World Assembly of Turkic Peoples, som nyleg møttest i Astana, hovudstaden i Kazakhstan. I grunngjevinga vert det nemnt at Astana er ein åndeleg verdshovudstad, og at landet har spelt ei viktig rolle i den fredelege utviklinga av Sentral-Asia og den turkiske verda (eg er freista til å nemna døme som den fredelege utviklinga i Kyrgyzstan dei siste månadene, menneskerettssituasjonen i nærliggjande land eg ikkje skal nemna med namn).  Presidenten har også bygd ein diger pyramide i Astana, Palasset for Fred og Forsoning, seier grunngjevinga for nominasjonen, som i tillegg nemner den 3 meter høge statua av presidenten som er sett opp i Ankara i takksemd  for alt han har gjort for den turkiske verda. 
 
No er eg rett nok litt stygg: reelle argument som nøytralitetspolitikken, og nedbygginga av landet sitt atomarseneal er faktisk nemnde. 
 
Obama i fjor, ja kvifor ikkje Nazarbayev neste år, og kanskje 'min eigen' president seinare?