mandag, desember 17, 2007

Til Arild

Dette er ruinane av Norwegian Church Aid (NCA) sitt sjukehus (sjukestove?) i Hileu, Torit. Murane etter sjukehuset er dei einaste som staar att, det meste elles er jamna med jorda.

Hileu, som var hovudkvarteret til NCA i Aust Ekvatoria, vart fullstending oydelagt i 1988-89, som foelgje av kampane mellom SPLA og Khartoum-styrkane. Eg forstaar det slik at NCA forlot omraadet 1-2 aar tidlegare paa grunn av krigshandlingane.

Folk i landsbyen flykta opp i fjella, mange ogsaa til Uganda. No kjem dei tilbake, og gjenoppbygginga har starta. The Diocese of Torit er framleis i landsbyen (er det rett at dei delte 'compound' med NCA?), og har byrja aa byggja opp att skulen. Me (UNHCR) byggjer eit nytt helsesenter som skal staa ferdig i januar 2008.

Elles har eg blitt fortalt at regjeringa har 'sett av' Hileu for NCA og vonar at dei kjem tilbake til landsbyen for aa halda fram med arbeidet sitt der.

Opplysningane har eg fraa ein av kollegaene mine som sjoelv er fraa ein landsby i naerleiken og som har god kunnskap om omraadet. Han har og teke biletet som er fraa eit besoek for aa sjekka framdrifta av helsesenteret. Kanskje reiser eg til Hileu i januar for aa sjaa dette 'norske' omraadet i Soer Sudan med mine eigne auger.

lørdag, desember 15, 2007

Farvel til Kapoeta

Dette skulle eigentleg vera meg, som seier farvel til Kapoeta og flyr inn i solnedgangen paa veg til nye eventyr.

Istaden er det min gode kollega fraa Nepal som reiser fraa oss etter meir enn to aar i Kapoeta.
Sjoelv vender eg nasen heim i neste veke, men berre for jole- og nyttaarsferie. Eg har blitt bedd om aa vera i Kapoeta tre maanader inn i det nye aaret og vil saaleis venda tilbake til Sudan for aa senda heim endaa nokre flyktningar i 2008. Seinare vert det ny jobb, nye oppgaaver og ikkje minst nytt kontinent. Meir om det seinare.








onsdag, desember 12, 2007

Bombe i Algiers

Trist dag paa jobben.

Mars 2006, aataket paa kontoret vaart i Yei - Sudan; august 2003, bombinga av FN-kontoret i Baghdad; september 2000, aataket paa kontoret vaart i Atambua, vest-Timor er hendingar som vedkom meg og naere vener meir enn andre hendingar der kollegaer har blitt drepne.

Algiers er skraemande fordi det ser ut som om min eigen arbeidsorganisasjon var direkte maal for terroren.

lørdag, desember 08, 2007

Er ei ku for sal eller ein del av familien?

Denne artikkelen er fraa nabobyen Chukudum, og fortel om kor vanskeleg folk her synes det er aa selja ei ku.

tirsdag, november 20, 2007

Sudanesisk safari

Sist fredag var eg naer aa trakka paa ein stor kobra daa eg kom tilbake fraa ein spasertur i kveldinga. Eg og ein kollega var berre ein meter fraa slangen daa lyset fraa lommelykta mi fanga han mens han snodde seg over veien. Han var minst to meter lang og tjukk, og dette er inga fiske-skroene-historie!

I gaar saag eg ein krokodille paa elvekanten langs veien mellom Camp 15 og Kapoeta. Me trudde det var ein morken trestamme, men jamen hoppa han hoegt og langt og plaska ut i elva daa me stoppa for aa sjekka 'trestamma'.

Langs vegen saaag eg elles minst 20 ulike apekattar, meir enn eg nokon gong tidlegare har sett naar me er ute i felt.

Med andre ord: dyrelivet tek seg opp att etter krigen; aa leva i Soer Sudan er no nesten som aa vera paa safari! Men eg likar lite oernene som har slaatt seg ned i treet utanfor brakka mi, eg mistenkjer dei for aa ha drept dei to smaa kattungane vaare som forsvann i loepet av helga.

lørdag, november 10, 2007

Nairobi Fly

Med regnet kjem Nairobi-fluga. Eg har sett mange som har vore utsett for dette vakre insektet, full av syre som faar huda til aa hovna opp og danna blemmer om ein er saa uheldig aa daska til insektet mens det spaserer nedover ansiktet, halsen eller andre deler av kroppen. No har eg sjoelv faatt erfara kva insektet kan gjera. Armen min har kome seg gjennom opphovning- og blemmefasen, og er no i ferd med aa utvikla ny hud paa dei omraada der fluga tok seg til rette. Eg skal spara lesaren for bilete.

søndag, november 04, 2007

Sundagsgjest

Dette er ein daud kobraslange. Lang, kanskje bortimot 2 meter, og farleg.



Han laag utanfor porten vaar i dag tidleg, drepen av vaktene. Kobraen hadde proevt aa spytta ein av vaktene i auga (kanskje ein naturleg reaksjon naar ein er i ferd med aa bli slaatt i hel) men det gjekk bra. For vakten.



Det er ikkje saa kjekt aa tenkja paa at slike slangar kanskje kryp rundt i graset utanfor rommet mitt. Saa eg vel aa ikkje tenkja slik.




Maane og malaria

Det er nokre av oss som vert mobba fordi me har laert av moedrene vaare at maane, flo og fjoera kan verka inn paa saker og ting, som vaffelbaking og griseslakting. I gaar kveld snakka eg med ein lege som arbeider i eit utanlandsk firma. Han sa at han hadde merka seg at han fekk inn mange fleire tilfelle av malaria i visse periodar, og meinte at dette hadde samanhang med maanefasane. Berre saa det er sagt.

fredag, november 02, 2007

Brurehandel

Tru det eller ei, men eg er faktisk involvert i aa kjoepa ei brur. Brura er 15 aar, men skal utdannast og verta vaksen foer giftarmaalet skjer. Brureprisen, 60 kyr, maa likevel betalast paa foerehand, og det er dette eg deltek i. Heilt sikkert politisk ukorrekt i Noreg, men her og no kjennest det rimeleg rett ut!

lørdag, oktober 20, 2007

Laerar i Sudan

I dag har eg hatt vitjing av undervisningsdirektoeren i Kapoeta Nord, som har fortalt korleis det er aa vera laerar i Soer Sudan. Direktoeren seier han er glad i aa undervisa, han har vore laerar i 35 aar og gjekk 6 maanader paa laerarkurs foer han byrja. Innimellom har han vore soldat, og fortel om trefningar han har vore med paa og kor mange som blei drepne mens dei sloss.

Men det er hardt aa vera laerar, seier han, og fortel meg i detalj onm korleis dei organiserer undervisninga og kva laeraryrket krev. Kvar dag maa laeraren undervisa 6 timar, om kvelden er det mange timar med foerebuing til neste dag. Og loena er laag. Det hoyres kjent ut? Disiplin-problem nevnte han derimot ikkje. Kanskje slikt ikkje fins for ein kombinert laerar/soldat?

Stoerste problemet hans no, seier direktoeren, er at laerarane som vart utpeika til aa jobba i distriktet hans reiste sin veg daa dei saag arbeids-og leveforholda. Dei kom fraa Kenya og Uganda og ville ikkje bli verande daa dei saag at dei maatte bu under eit tre eller under trappa til skulen. Difor er det han kjem til oss, for aa be om aa faa nokre telt som bustad til dei nye laerarane han vonar aa lokka til distriktet sitt.

lørdag, september 29, 2007

Lochichoggio, Turkana distrikt

Denne veka var eg i Lokichoggio. Paa veien fraa Sudan til Kenya maa me ha eskorte paa kenyansk side. Dette er fordi det er bandittar som angrip bilar som koyrer her. Mange har vorte drepne, og me har ikkje lov aa koyra her utan to eskortebilar med vaepna politi, ein bil i front, og ein bak. Dette er bilen vaar og eskortebilen, ein liten stopp mens me ventar paa den andre eskortebilen som kjem lenger bak.
Ingenmannsland mellom den sudanesiske og den kenyanske grenseposten. No patruljerer kenyanske soldatar jevnleg dette omraadet for aa halda bandittane borte.

Typisk for Trackmark, der eg bur naar eg er i Loki, og som er ein av dei faa plassene eg kan nyta synet av vakre blomar i denne delen av verda.

Ein iguana (trur eg) som vakta porten til kontoret vaart Lokichoggio

I Trackmark passar denne hunden paa meg og tukulen der eg bur.

Det var dette me kom for; skifting av sprukken frontrute og litt anna smaatteri. Og saa sjoelvsagt eit moete for aa droefta repatrieringa, som gaar seint fordi alle veiene druknar i regn...

Loki faar me alltid til aa foela at eg er midt i ei kulisse for ein Hollywood-film om cowboyliv i ville Texas. Denne gongen hende ting som var paa linje med ein daarleg action-film, men tragisk nok sidan dette er verkeleg: ein bil fraa ein av partnarorganisasjonane vaare i Kapoeta koyrde ned og drap ei Turkana-kvinne i sentrum av Lokichoggio. I slike situasjonar tenkjer folk hevn, og det betyr som oftast at dei proever aa drepa sjaafoeren. Fylgjeleg tok han til beins og proevde aa roema. Heldigvis for han kom politiet, og koyrde han til politistasjonen. I farten koyrde politiet ned offer nummer to (som vart saara og seinare doydde paa sjukehuset). Bilen til vaar partnerorganisajon vart staande att paa ulukkesstaden, einkvan stal bilen og koyrde ned offer nummer tre, som doydde paa staden. Sjaafoeren/tjuven stakk av og folk sette fyr paa bilen i reaksjon over drap nummer tre.
Som resultat av alt dette er folk fraa Soer Sudan ikkje saerleg velkomne i Lokichoggio, og me har blitt raadde til aa halda oss vekke for ei stund for ikkje aa risikera aa bli angripne. Ikkje det at eg kjenner noka skuld, men det er nok best aa vera paa den trygge sida. Men onsdag reiser eg uansett til Loki, daa skal eg nemleg heim!

søndag, september 23, 2007

Vatn

Sju dagar utan vatn er nyttig for slike som oss som skal hjelpa folk med å få betre levevilkår, mellom anna gjennom tilgang til vatn. Eg kjenner meg litt audmjuk her eg går og klagar over at eg ikkje har fått dusja siste veka og at håret byrjar verta seigt, når eg veit at mange i Kapoeta må gå i timesvis for å henta vatn. Men det er bale! I dag ventar eg på folk som kan installera ny vasspumpe og kryssar fingrane for at det skal gå bra (i Sudan veit ein aldri..).

Inspirert av barneboka om Polyanna (det er alltid noko kjekt å tenkja på i staden for det som er trasig), deler eg med meg fuglen som song utanfor brakka mi i dag tidleg.
Er han ikkje fin?

lørdag, september 22, 2007

Heime (Kapoeta) og ute (Lokichoggio)

Ikkje for aa seia noko negativt om korleis me bur, dette er topp luksus i Kapoeta.

Men det er utan tvil ei god avveksling aa koma til Lokichoggio og bu slik:
Dette er smultronstellet mitt i Loki, og dit skal eg paa maandag for moete om repatriering.

TV-rommet med badebasseng utanfor


onsdag, september 12, 2007

"Nai, gifta deg jenta, da raor eg deg ifrao"

Folk fraa Dinka-stammen fascinerer og forundrar meg stadig. Dinkane er vakre, hoege, slanke. Om eg var yngre, og ugift, ville eg ha valgt meg ein Dinka mann, trur eg. Iallefall om eg berre gjekk etter utsjaanad og kropp. Men det gjer eg jo ikkje, og eg innser at det hadde vore vanskeleg aa svelgja kvinnesynet deira. " Ei kvinne er ei vare", seier ein Dinka-kjenning. "Prisen er avhengig av fleire ting, om kvinna t.d. er hoeg kan du maatta gje meir enn 200 kyr for henne". "Ikkje spel med borna eller konene vaare, dei har kosta oss mange kyr", sa den hoegaste av dei hoege politikarane daa han tala til utanlandske soldatar for ei stund sidan.

I Toposa-land er konene billegare enn i Jonglei, og den hoegste brureprisen maa ein ut med i Bahr el Ghazal (der skal jentene visstnok vera hoegare enn i andre statar). Dei gjevaste oksane om ein skal kjoepa seg kone, er dei dropla. Dei kvite oksane brukar ein til ofring ved seremoniar, ikkje til brurebetaling. Mens det er lov aa spoerja kor mange koner ein mann har, er det absolutt ikkje akseptabelt aa spoerja kor mange born, eller kor mange kyr, ein mann har.

Dette, og meir til, har eg laert i loepet av dei siste to vekene, mens eg har reist saman med representantar fraa styresmaktene, og andre. Ein annan av mine Dinka-kjenningar har ein sentral posisjon i regjeringssystemet, er utdanna, har vit og fornuft, er gjennomtenkt i alt han seier, og er i tillegg noksaa uformell, saa eg torer aa gaa litt vidare i samtalen: "Men du maa vel gaa med paa at dette brurekjoepssystemet etterkvart fortener aa bli lagt paa hylla? Naar trur du de kjem til aa kvitta dykk med slike ordningar?" " Aldri", svarar han.

torsdag, september 06, 2007

Leopard!

I dag saag eg ein leopard! Det er den fyrste gongen eg har sett vill leopard i Sudan, og eg vart noksaa forvirra daa dyret dukka opp paa vegen framfor meg, litt vest for Camp 15. Eg trudde faktisk det var ein stor katt (norsk skogkatt med striper), og det var det jo for saa vidt. Kameraet var sjoelvsagt nedpakka i veska, men biletet av leoparden er goymd i hjarta mitt.

onsdag, september 05, 2007

Ny bustad, nytt kjøken, meir regn

JA, det er lenge sidan eg skreiv om liv og lagnad i Kapoeta. Men no er eg her att, etter veker i Noreg som vart altfor få og korte. Men imellomtida vart den nye leiren vår ferdigsett, og no bur eg i ein liten boks med flatt tak, stor FN logo på veggen, men med dusj og toalett! Det aller beste er likevel at me har eige felleskjøken. Sjølv lever eg for det meste på Fedons rugbrød og rett-i-koppen, i tillegg til fantasifulle kyllingrettar med inspirasjon frå Nepal, Irak, India og Noreg. Berre sjå kor blid eg er ved matbordet.


Og om de trur det er berre på Vestlandet regnet høljar ned, tru om att! Afrika får sitt, i Sudan er det flaum og nesten umogeleg å koma seg rundt. Me må bruka firehjulstrekk for å koma oss ut frå parkeringsplassen i den nye leiren, og spenninga er stor kvar gong me skal kryssa ei elv.

Meir seinare....

torsdag, juli 05, 2007

Baby Thompson

Ms Thompson, den eine av gasellene i leiren vaar, har foedt eit gaselle-barn. Saa lenge me ikkje er sikre paa kjoennet, er namnet Baby Thompson. Familie-biletet er litt komplisert, sidan far til gaselle-barnet er Son Thompson. Dvs at Son Thompson ikkje berre er bror til gaselle-barnet men ogsaa far.

Bilde av Baby Thompson kjem saa snart eg kjem naer nok. Saa langt har den vesle familien faa lov til aa vera i fred etter foedselen for nokre dagar sidan.

søndag, juli 01, 2007

Turkana

Turkana-folket utgjer den tredje stoerste stammen i Kenya og den nest stoerste nomadegruppa i landet. Dei fleste lever i Turkana-distriktet (Lokichoggio ligg heilt nord i distriktet) . Turkana-folket flest kler seg tradisjonelt og ber mykje pynt. Dei er i slekt med Toposa, og mange gifter seg paa tvers av stammene (men dei stel likevel mykje kyr fraa kvarandre).


Sist tysdag opna kenyansk riks-TV ein ny sendar i Loki, og mange var moett fram for aa feira at dei endeleg kan sjaa TV i distriktet.

Turkana-kvinner paa rekkje for aa koma inn paa stemneplassen
Kvinner viser korleis ein kan koka ved hjelp av solkraft.

Ungjenter med typisk turkana-sveis.

onsdag, juni 20, 2007

World Refugee Day 2007

I dag markerer me Verdas Flyktningdag. Biletet er fraa fylkesadministrasjonsbygget, og viser administrasjonssjefen, ein representant fraa SPLM, og meg framfor banneret med temaet for dagen i Soer Sudan: New Beginning. I Kapoeta var det stor tilskiping paa vegstasjonen, og 'alle' var der. Mange talte, underskrivne heile to gonger, det var song og dans, og tilogmed dei gamle toposamennene kasta seg inn i spontandansen. Av ting aa merka seg fraa dagen er at talet paa flyktningar paa verdsplan har auka for fyrste gong paa fleire aar, og er no 9,9 millionar. Sudan har den tredje stoerste flyktningbefolkninga, med 686,000 flyktningar, berre slaatt av Afghanistan og Irak. Sudan er likevel eit lyspunkt, folk reiser heim og fredsavtalen held (Insh Allah). Sidan den fyrste organiserte flyktningkonvoyen kryssa inn i Sudan via Kapoeta i desember 2005, har 155,000 flyktningar reist heim.
Toposa-damer marsjerer/dansar, alt etter som ein ser det...

Dansarar fraa Acholli-stammen.


Borna har matpause fraa alt staaket.

Storhoevdingen (hoegre) talar, med stor tyngde. Han var kritisk mot jobben vaar, og vil me skal henta fleire flyktningar heim. Men retur er frivillig, og me kan og vil ikkje tvinga folk.




tirsdag, juni 19, 2007

Bad luck

Naar ein berre har ein lastebil att for aa gjera jobben (repatriering), er det trasig naar han endar opp slik. Slik kan det gaa naar ein koyrer gjennom Singaita (elva som passerer Kapoeta), naar betongbrua i botnen gjev etter for vassmassane. Men heldigvis har me ein gjeng med folk fraa Moldovia som borer etter olje lenger inne i Sudan. Dei har ein logistikk-base i Kapoeta og synes det er greitt med litt avkopling i kvardagen. Sidan dei ogsaa har tungt materiell, som t.d. kranar som kan lyfta 25 tonn, er dei kjekke aa kjenna!

Slik saag det ut daa me kom til elva i dag tidleg. Om lastebilen er koyrande etter denne hendinga, vil visa seg seinare!

lørdag, juni 16, 2007

Andre eller tredje kone?

Eg sit og pratar med ein kollega i matvareprorammet og me nemner ein felles kjenning som nett har gifta seg.

Det er kone nummer to, seier kollegaen min. Ho held fram, eg har tenkt eindel paa det aa leva i ein slik kultur og eg trur bestemt at eg i tilfelle ville vera kone nummer to, ikkje kone nummer ein. .

Jasaa, seier eg, eg trudde faktisk kone nummer ein er den viktigste og har den beste posisjonen?

For kone nummer ein, held kollegaen min fram, er heile klanen ansvarleg for aa betala medgifta. Difor meiner heile klanen at kone nummer ein hoyrer til alle, og at ho maa staa til teneste for alle. Ho maa hjelpa alle, ho maa loysa konfliktar, ho maa tilogmed ta vare paa borna som mannen eventuelt maatte faa saman med andre koner. Kone nummer to derimot, er berre mannen si. Han betaler medgifta aleine, og ingen andre i klanen har nokonting aa seia i forhold til henne. Kone nummer to har ingen plikter i forhold til resten av klanen eller i forhold til felleshushaldet. Ho er berre til lyst og glede, og til aa skjemmast bort.

No trur eg bestemt at om eg hoyrde til denne kulturen, ville eg vera kone nummer tre.

tirsdag, mai 29, 2007

Elefantar

Kanskje eg er i ferd med aa verta paranoid, men eg finn det meir og meir vanskeleg aa skriva om det eg opplever i Sudan. Om eg t.d. skriv at eg blei forsoekt kasta ut av arbeidsomraadet mitt, kva garanti har eg at informasjonen ikkje flyt tilbake til personar som har makt til aa fullfoera forsoeket? Derfor skriv eg om elefantar, eit av yndlingstema mine og sikkert heilt ufarleg. Krigen hadde stor innverknad paa dyrelivet i Sudan, men sakte kjem 'dei store' no tilbake. No har naturvern folk oppdaga ei oy i sumplandskapet, der fleire hundre elefantar held hus. Her har dei klart aa halda eg i live gjennom krigstida, fordi omraadet er fullt av krokodillar og malariamygg og held menneska ute. Elefant-asyl, med andre ord!

lørdag, mai 19, 2007

17 mai ved bassengkanten

Ein ven paastaar at han har sett to symjebasseng naar han flyr over Juba. Det er vanskeleg aa tru, i ein by som er prega av leirhytter med straatak, og halvt nedramla murbygningar fraa kolonitida. Men no har eg funne det eine! Eg feira nemleg syttande mai hos den norske generalkonsulen i Juba (elles ein gamal kjenning fraa tida i Trincomalee), som nytta dagen til aa innvia den nye norske tenestebustaden. Og der var det! Symjebassenget. Ein kan lett harselera over prioriteringane i diplomatiet, men sanninga er at eg er kraftig misunneleg og vil mobilisera minimal motstand om eg seinare vert invitert til innviing av bassenget.

søndag, mai 13, 2007

Spenning i Toposa-land

Med fare for aa bryta copyright og faa nokon paa nakken, gjev eg att ei melding fraa ei av avisene i Soer Sudan. Denne hendinga kjem i tillegg til fleire andre hendingar siste veka, der spenninga var saa stor at me snakka alvorleg om evakuering. Heldigvis har situasjonen roa seg ned, og i dag er byen nesten normal.

Cattle raiders kill 54 in Sudan's Eastern Equatoria
Sudan Tribune - May 12

JUBA - At least 54 people were killed recently in Eastern Equatoria after unexpected attack by Toposa cattle raiders from Southern Sudan on Lauro Payam village, Budi county.
The Commissioner of Budi County, Oreste Lopara, said in a press statement that a group of the heavy armed Toposa tribesmen, estimated at one battalion in a military formation, attacked Lauro Payam (24 miles South of Kapoeta) on May 4, and killed 54 people, five men and 49 women and children, wounding 11: three babies, four women and four men and abducted one infant.

Many women, children and the elderly are said to have scattered all over the bushes of Lauro to escape the onslaught, which is reported to have ensued for three days.
Commissioner Lopara said he informed the EES authorities in Torit about the incident. He said the EES Governor, Aloysius Emor Ojetuk, ordered him to move to Kapoeta from where he was given two Sudan People's Liberation Army (SPLA) Companies to accompany him in order to assess the damages caused by the attackers and help restore calm to Lauro. Commissioner Lopara said two kraals with over 400 heads of cattle and over 400 goats were emptied by the attacking Toposa tribesmen.
The Toposa tribesmen are known for their cattle rustling operations, which they normally carry out against the Otuho, Didinga and Boya tribes in EES.

Commissioner Opara said the situation is calm and under the control of the authorities, whom, he said, moved in to stop the escalation of what seemed to be leading to a major showdown between the Toposa and the Didinga tribe in EES.
The Toposa cattle raiders who are based near Sudan Kenya border, are known for their raids in Southern Sudan and Kenya. The Toposa were considered as local allies by the Sudanese army before the of the war. They helped in the fight against the former rebel SPLA forces in the region.

lørdag, mai 05, 2007

Geita Rose er daud

Mens det er lite nytt fraa Soer Sudan og spesielt arbeidet for aa sikra fred og utvikling, har soga om geita Rose gaatt verda over. I fjor avgjorde dei eldre i ei tradisjonell rettsak i hovudstaden Juba at ein mann som ’hadde seg’ med ei geit, maatte gifta seg med geita. Dommen sa og at mannen maatte betala ei medgift paa ca 50 dollar til eigaren av geita, og geita vart deretter gitt namnet Rose. Sudanesarar har utan tvil sans for humor.

No er Rose daud, etter sigende avdi ho aat plastikkposar fraa gata og vart kjoevd. Om ektemannen er lei seg seier soga ingenting om, han vil ikkje kommentera saka.

Soga om geita Rose har visstnok over ein million variantar paa nettet, om ein googlar henne. Snakkar me om aa vera kjendis, kan geita i Odda, som havna i arresten i fjor haust og fekk tildelt eige hovudlykt for aa kunna ta seg fram i Oddas gater, gaa heim og leggja seg i samanlikning.

torsdag, april 19, 2007

Nye sko

I mitt område av verda er skobudsjetta låge. Dei fleste lagar sko laga av gamle bildekk. På veg heim til påske kjøpte eg eit par til bulldozr for 10 kroner. Ein kollega som var med tykte det var skrale greier og lovte aa be mor si om aa laga eit par. Paa veg attende fraa paaskeferie fekk eg dei, ekte turkanasko laga av ler av ku og med dei tradisjonelle perlebroderia. Dei er ganske gode paa foten, men eg vil nok ikkje slita dei ut med det fyrste. Regntida er ikkje langt borte, og eg trur gjoerma kan verta ei litt for stor utfordring med slike vene sko.

Snø



Det er langt frå Kapoeta til Viveli, både med omsyn til avstand og miljø. Når gradestokken ris mot 40 grader, skal eg sjå på dette biletet og fantasera om snø og kuldegrader.

fredag, mars 30, 2007

Er menn late?

I Dagbladet i dag er ei ny bok om Afrika omtala, "Hvorfor er det saa sveart for Afrika?". Boka handlar om kvifor det går dårleg i Afrika (det er faktisk mykje som gaar bra og!). Manglande innsats fraa mennene er eit av problema forfattaren peikar paa. Han seier at nær 80 prosent av afrikanarane sør for Sahara har tilknytning til landbruket, og kvinnene står for opp mot 80 prosent av arbeidet i landbruket. Mens kvinnene jobbar opp til 18 timar i doegeret, er mannen sin innsats noksaa laber :«Det ser ut til at mange menn har benyttet seg av sin maktposisjon - og muligheten til å ha flere koner til å arbeide for seg, til å skaffe seg mer fritid enn kvinnene.»

Det er nok vanskeleg aa finna sanninga om Afrika, som er kjempedigert, og som har saa mange ulike folkeslag og kulturar. Men det slaar meg at eg hoyrde dei same synspunkta fraa mine turkana-kollegaer i Lokichoggio, Nord-Kenya, i gaar ettermiddag daa me droeste om eitt og hitt mens eg venta paa flyet til Nairobi. "Menn", sa min mannlege kollega, " altfor mange av dei startar dagen med aa gaa og sova!".

lørdag, mars 24, 2007

Attende til Torit

I mange veker har vi ikkje kunna køyra til Torit, - på grunn av miner seier sikkerheitsfolka våre. Men vi veit kvar minene er og korleis vi skal takla dette. Nå har vi endeleg fått løyve til å koyra denne vegen igjen, og i går var vi attende med flykningar frå Kenya.
Klargjering for lossing av plastikk-kanner, madrasser, kjøkenutstyr, jordbruksreiskap, mat og mykje anna.

Flyktningane ventar på tinga sine
Men det er ikkje enkelt å flytta seg rundt i Sør Sudan. På denne turen hadde vi tre punkteringar, i tillegg braut lastebilen saman seks gonger . Då endar vi opp slik: i vegkanten mens vi håpar på at mekanikaren får sving på motoren igjen.....




tirsdag, mars 20, 2007

Diplomati

I fylgje repatrieringsavtalen me arbeider etter, har alle flyktningar rett til aa reisa kvar dei vil naar dei kjem heim fraa asyllandet. Men i praksis er det ikkje saa lett. Kultur- og spraakskilje er ein realitet, framandfrykt og fordommar lever her som i andre land. Sidan i gaar har eg brukt alle min visdom og diplomatiske evner for aa fremja forstaaing for at nokre einslege kvinner med smaa barn ikkje vil foera til ny ufred og slaassing om dei kjem hit, sjoelv om dei kjem fraa ein annan stamme. I morgon kjem flyktningane, og daa vil det visa seg om synspunkta mine om aa leva saman som systrer og broer har slaatt gjennom.

I mellomtida troystar eg meg med norsk grov leverpostei, som eg har goymt i fleire maanader til eit spesiell hoeve. Eg tykkjer eg fortener leverposteien i dag, etter timelange forhandlingar med alt fraa parlamentarikarar fraa Khartoum, president-raadgjevarar fraa Juba, sikkerheitsfolk og lokale politikarar.

tirsdag, mars 13, 2007

Regntid


Regntida
har starta, to månader for tidleg, og alle er fortvila. Stengde veier, byggeprosjekt stoppar opp og repatriering blir vanskeleg.

Denne dig-digen var så våt at han truleg ikkje hadde overlevd om han ikkje hadde blitt tørka og varma i kjøkenet.



Madame Thompson og son (Thompson-gasellene våre) likar heller ikkje regnet.

onsdag, mars 07, 2007

Aarsdag

I dag markerer eg eitt-aarsdagen for mitt fyrste moete med Sudan, og det er tid for aa sjaa attende og gjera opp status for det fyrste aaret i Kapoeta.

Om eg samanliknar ambisjonane eg hadde daa eg kom med kva eg faktisk har faatt utretta, er eg redd det er ein viss ubalanse. No kjenner eg betre Sudan, og Afrika, og ser at eg var altfor optimistisk og urealistisk daa eg koyrde over grensa mellom Kenya og Sudan den 7 mars 2006. Eg har laert at ting tar tid uansett kor mykje ein pressar paa for aa faa ting gjort. Og eg har laert meg ikkje aa stressa (for mykje), t.d. naar ein kontrakt seier at eit arbeid skal gjerast i loepet av to maanader og framleis ikkje er ferdig etter aatte.

Men ting gaar seg til, smaatt og sakte, og det er meir som peikar i positiv lei enn i negativ, trur eg. Vonar eg. Insh Allah.

onsdag, februar 28, 2007

TR 1 kallar

I felt snakkar me ikkje i mobil, men i radio. Dei innvidde veit at det fins eit eige radiospraak, med veletablerte ord og vendingar som alle (i teorien) forstaar. Og ingen har namn, men kallesignal. T (Tango) er koden for Kapoeta, forkorting for KPT (Kilo Papa Tango). Eg er Tango Romeo 1. Eg er litt misunneleg paa sjefen i Juba som har kallesignal Juliet Romeo 1, det hoyrest heilt shakespearsk ut, kva?

Romeo (R) staar for refugee, og alle som jobbar for min organisasjon har denne bokstaven i sitt kallesignal, uansett kvar i verda dei er. UNICEF brukar Charlie (C for Children), og matvareprogrammet har Foxtrot (F for food).

Over radioen, og elles, hoyrer eg at kollegane mine utviklar radiospraaket vidare. Dei seier ”eg har gaatt for Lima” (L for lunsj), ” eg er i Oskar” (O for office), eller eg er paa Hotellet (H for home). Sjoelv bur eg i Whisky Whisky (WW for Well Water).

torsdag, februar 22, 2007

Godt nytt

Tenk deg 9 maanader i telt under afrikansk sol, eller troperegn, med laptop, vifte, myggspray, fraa 8 om morgonen til 6 om ettermiddagen. I dag ser eg enden paa det; fem hyggelege menn fraa Juba har starta aa setja saman prefabrikerte kontor til oss. Om nokre veker kan eg kanskje skryta av kontor med air condition, Insh Allah - og om kollegaer klarar aa frakta generatoren, som er i Malakal, hit.

lørdag, februar 17, 2007

Nesten arrestert?

Her ein dag vart eg stoppa av ein offiser som paastod at eg hadde koyrt for fort. Dette skjedde like ved brakkene der haeren held til. Eg fortalde hoefleg at eg hadde koyrt i 40 km/t, at dette var utanfor tettbygd stroek og det var verken fotgjengarar eller bilar i veien. Det hjelpte lite, han ropte og skreik, proevde aa tvinga opp doerene paa bilen og sa eg ikkje fekk lov aa koyra vidare. Tilsist ba eg han om aa senda ein skriftleg klage, og koyrde min veg.

Sidan eg er i den lukkelege situasjonen at eg har gode kontaktar i det hoegare lag av den institusjonen denne offiseren representerer, var det ikkje lenge foer sjoelvaste generalen sende sin mann for aa seia "orsak" og "unnskyld" og "denne saka var ikkje behandla korrekt" og "kan du vera saa god aa gloyma det heile?"

Seinare har eg skjoent at eg trass alt var heldig, andre sjaafoerar som har blitt stoppa paa same stad har anten blitt banka opp, eller tvinga til aa springa opp og ned langsetter vegen saa fort dei klarar.

mandag, februar 12, 2007

Nye kostar

Fylket har faatt dommar. Tidlegare har retten vore sett med hoevdingane som dommarar. I loepet av fem minutter har dei gjennomfoert rettsaker og doemd mang ein person til aar i fengsel, ofte for saker som kan synest vera smaa og relativt uskuldige.

Den nye dommaren har vald ein annan veg. Han slepper folk ut av av fengselet, iallefall dei som sit der paa eit noko tunt grunnlag. Min heimelsmann i styresmakta fortel meg at folk som sit inne t.d., for utruskap, eller for aa gjort ei jente gravid, no faar lov aa betala ei bot og slepp straffa som kan vera nokre aar i ein varm konteiner eller i eit illeluktande rom i det halvt nedramla fengselet.

Han fortel vidare at bota for aa vera utru med t.d kona til grannen er 7 kyr (som maa betalast til grannen). Det same maa ein betala (til far, maa vita)om ein har gjort ei jente gravid . Min heimelsmann tykkjer det er mykje betre at jenta og guten kan gifta seg, dei 7 kyrne vert avbetaling paa medgifta (som kan vera 60 kyr for eit godt gifte), og saa er saka ute av verda.

onsdag, februar 07, 2007

Kven har kontroll?

På veg frå flyplassen inn til Nairobi sentrum i morgon-rushet på måndag (ja, eg er frisk og attende på jobb) køyrde me forbi ein bilførar som les avisa mens han køyrde (trafikken i Nairobi er nokså heavy...). Bak på bilen hadde han eit klistremerke som sa: GOD IS IN CONTROL. Så enkelt livet kan vera...

mandag, januar 29, 2007

Frå snø på Blåsenborg til sol i Kapoeta

Sola treng enno nokre veker før ho lyfter seg over fjella i søraust og sender årets fyrste solstrålar over Blåsenborg. Før det skjer er eg vonleg attende i Kapoeta, frisk og med masse ny energi. I mellomtida byrjar eg smått om senn å førebu meg mentalt på sol og varme og Ms Thompson som pustar meg i nakken når eg sit utanfor tukulen min.




fredag, januar 19, 2007

Gate E 10, Schiphol

I Kapoeta har visepresidenten vore på besøk, for å sjå på utviklinga i området(ikkje mykje å visa fram så langt skal eg vera ærleg). Og på jobben prøver me framleis å hjelpa folk heim. I går kom ein ny konvoi med tidlegare flyktningar frå Kenya til Kapoeta, i dag er dei på veg til landsbyane sine. Mi rolle i dette er p.t. lita/ikkje-eksisterande. Sudan har sparka meg på leggen att (eller heller: har sparka beina under meg). Eg er evakuert på grunn av malaria, lungebetennelse og bilharzia, har blitt behandla i Nairobi den siste veka, og har endeleg landa i Bergen etter ei stormfull ferd gjennom europeisk luftrom der overnatting på feltseng ved gate E 10 på Schiphol i Amsterdam må seiast å ha vore høgdepunktet. Dei neste to vekene skal eg sova, lata meg og verta frisk.

onsdag, januar 10, 2007

Nesten 17 mai

Mens det var nesten syttande mai i Kapotea i samband med to-aars-dagen for fredsavtalen i gaar, med dansande ungar og talar om at Kalasnikoven er bytta ut med roysteretten, krangla presidenten (nord) og visepresidenten (soer) offentleg i Juba om kven som saboterer fredsavtalen, og visepresidenten uttalte at heile avtalen er i fare.

fredag, januar 05, 2007

Smått og sakte

Me repatrierer. 28 desember opna me den nye vegstasjonen der flyktningane overnattar før dei reiser vidare til landsbyane sine. Eit team frå partnerorganisasjonen vår er her, og tek ansvar for mat, utdeling av humanitær hjelp, og vidare transport. Det er dette me har venta på i meir enn eit halvt år, før måtte me syta for alle detaljar sjølve!

Men nytt system betyr ikkje at me er gjerandslause. Me gjev råd, syter for at einslege mindreårige og funksjonshemma vert tatt vel vare på, står for lokalkunnskapen, lagar planane for vidare transport, samordnar med styresmaktene og ikkje minst, leier konvoiane ut i landsbyane. Det siste tek normalt to dagar for kvar konvoi - vegane er ofte berre trakk, og om avstanden er ikkje er så stor går det likevel seint.

Og det er mange skjær i sjøen. T.d. at det er få flyktningar som vil heim frå Kenya! Me vel å tru at jul- og nyttårsfeiring har lagt ein dempar på vende-heim-lysta, men eg er ikkje heilt overtydd om at det er heile forklaringa. Kanskje trua på ei fredeleg utvikling i Sudan ikkje er godt røtt mellom flyktningane. Kanskje mangelen på helsevesen og skule på heimstaden gjer sitt. I mellomtida gje me så godt me kan, og er glade når me ser folk i landsbyane helsa flykningane velkomne heim.

mandag, januar 01, 2007

Grand Malaria

Etter tre netter med 40 pluss i feber, og sveittebad etter sveittebad fylgd av frysetokter, trass i malariamedisin, naadde eg natt til laurdag det punktet der svartsynet tek over. Eg var overtydd om at eg hadde celebral malaria og saag svart paa framtida, for aa seia det slik. Spoersmaal som "kor hoeg er overlevingsprosenten, kor fort maa ein kom seg til sjukehus for aa ha ein sjanse" flaug gjennom hvudet.

Men etter fire timar var feberkurva paa veg ned, optimismen auka og eg bestemte meg for at det var tid aa vitja legen att.

Legen foreslo ein dag kvile, og ny test. "Eg kan koma innom paa veg til arbeid", sa eg. Legen saag paa meg og sa: "Arbeid? ARBEID?". Sjaafoeren min hadde alt to gonger sagt eg burde vera heime og kvila om eg hadde 40 i feber, og legen var heilt samd i dette.

Eg let meg difor bli koyrd heim, utan laptop og arbeidsdokument for lesing. Istaden har eg lege paa senga i tukulen og lese Floegstadboka Grand Manila.

Kjaere Kjartan F: Boka di har klart aa halda meg borte fraa arbeid i to dagar, og no er eg feberfri. Takk.

Min nyttaarslovnad er aa aldri meir jobba med 40 i feber, og aa gjera det eg kan for aldri meir aa faa malaria. Godt nytt aar til alle.