tirsdag, november 20, 2007

Sudanesisk safari

Sist fredag var eg naer aa trakka paa ein stor kobra daa eg kom tilbake fraa ein spasertur i kveldinga. Eg og ein kollega var berre ein meter fraa slangen daa lyset fraa lommelykta mi fanga han mens han snodde seg over veien. Han var minst to meter lang og tjukk, og dette er inga fiske-skroene-historie!

I gaar saag eg ein krokodille paa elvekanten langs veien mellom Camp 15 og Kapoeta. Me trudde det var ein morken trestamme, men jamen hoppa han hoegt og langt og plaska ut i elva daa me stoppa for aa sjekka 'trestamma'.

Langs vegen saaag eg elles minst 20 ulike apekattar, meir enn eg nokon gong tidlegare har sett naar me er ute i felt.

Med andre ord: dyrelivet tek seg opp att etter krigen; aa leva i Soer Sudan er no nesten som aa vera paa safari! Men eg likar lite oernene som har slaatt seg ned i treet utanfor brakka mi, eg mistenkjer dei for aa ha drept dei to smaa kattungane vaare som forsvann i loepet av helga.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei,
Har du noe informasjon om hvordan det står til i det tidligere Kirkens Nødhjelp området ved Torit ? Når jeg ser på Google Earth virker det som alt er ødelagt.

Anonym sa...

Hei,
ein kollega fortel at han besoekte KN sin landsby nord for Kapoeta, som folk her framleis kallar 'Norwegian', i 1997. Paa det tidspunktet stod framleis alle bygningane, men hadde ikkje tak. Han sa at folk kom dit for aa ta murstein til eige bruk, saa han veit ikkje korleis husa ser ut i dag. Omraadet blei under krigen brukt militaert, baade av SPLA og SAF (alt ettersom kven hadde kontroll over Kapoeta). Heile omraadet er difor minelagd, og det er ikkje mogeleg aa reisa dit. Lokale styresmakter oenskjer aa fjerna minene og ta omraadet i bruk att, men til no er dette ikkje prioritert. Kollegaen min seier at KN ogsaa hadde ein stor lagerbygning i Kapoeta by, som framleis staar.

Skal sjekka litt meir om KN sitt omraade i Torit. Det eg veit er at KN byggjer ein ny leir naer sentrum av Torit, og flytter fokus fraa Nimule til Torit. Meir seinare!

Brita

Anonym sa...

Landsbyen nord for Kapoeta er kanskje Mogoth ? Min far bodde og jobbet iallefall der en periode med å bygge hus der. De utvant leiren, formet murstein og brant dem i ovner bygget på stedet.
Vi bodde et lite stykke utenfor Torit på Hilieu. Har et håp om å besøke området igjen en eller annen gang, men det blir sannsynligvis vanskelig.

Arild