mandag, mars 31, 2008

Lamu, Kenya

Min siste R&R foer eg reiser fraa Sudan: Lamu, kysten av Kenya. Ein liten by, hovudsakleg muslimsk, med ein bil, traktor og elles mange esel som staar for transporten paa land. Gatene er saa smale at det ikkje er mykje anna som faar plass.

Elles brukar folk baatar, spesielt dhow, og seglar stille og roleg mellom oyar og landsbyar. Det gjorder me og (saerbuen var med).

Baateigaren Abdallah Bob sin livsfilosifi er nedteikna i stamnen:

Baaten er av typen jahazi, og slik ser ein jahazi ut under segl:

Langs den 12 kilometer lange stranda som starta ved hotellet vaart i landsbyen Shela var det lite folk, men mykje krabbar. Denne har funne seg eit hoensehovud som han meskar seg med:

Ja, me bada ogsaa, mest i havet men og i symjebassenget som ser slik ut (det indiske hav i bakgrunnen):

Kenya har mista det meste av turistane sine i aar paa grunn av uroa etter valet i desember 2007. I Lamu var det aldri vald og uro, og fredeleg er det over alt i Kenya no. Ferie ved Kenya-kysten kan anbefalast!

torsdag, mars 13, 2008

Ny vegstasjon i Torit - spenning i Kapoeta

I gaar opna me ny vegstasjon i Torit, for flyktningar som kjem fraa Uganda. Den fyrste konvoien tok heim 215 sudanesarar. Vegstasjonen er lagt til den gamle tekniske skulen, som etter dette bruket skal opprustast og snart ta mot nye studentar. Dei heimvende flyktningane roa seg ikkje lenge paa vegstasjonen, dei fleste fann i loepet av ettermiddagen heim til familiane sine. Dei hadde ikkje eingong tid til aa ta del i den rituelle slaktinga av ein okse, som vart gjeven av kommisaeren i Torit til aere for flyktningane.
Og godt var det, for 315 flyktningar som kom fraa Kenya og skulle overnatta paa vegstasjonen vaar i Kapoeta maatte sendast vidare til Torit same kveld paa grunn av uro. I loepet av 12 timar vart 8 drepne i Kapoeta, resultatet av ein konflikt som starta med krangel om vatn fraa ein broenn i byen, med sterke etniske undertonar. Ingen kunne garantera sikkerheita for flyktningane i dene situasjonen. Saaleis hadde me to konvoiar til same vegstasjon i loepet av ein ettermiddag/kveld. Det vart ei spennande natt for oss som sat att i Kapoeta, men heldigvis har ingen fleire blitt drepne det siste doegnet og me byrjar aa pusta lettare.

søndag, mars 09, 2008

Kvinnedagen i Kapoeta

Kvinnedagen vart feira i Kapoeta for tredje gong i soga. Det var nesten 3 timar med appellar og song, etterpaa var det lunsj, der mennene storma matbordet og kvinnene ikkje slapp til. Me maatte bruka politi for aa rydda plass slik at kvinnene fekk eta.
Nasika er noko saa sjeldent som kvinne, Toposa OG parlamentsmedlem i Khartoum. Ho snakka om likestilling paa afrikansk vis. Toposa-kvinnene klappa lenge for utsegn som " det er paa tide at mennene tek del i bygging av hus", og "send jentene paa skule, sel dei ikkje for kyr".
Bloggskrivaren med tolk held appell og snakkar om vald mot kvinner, skeiv arbeidsdeling i familien, og mangel paa kvinner i styre og stell. Det viser ikkje paa biletet paa grunn av den store megafonen, men paa t-skjorta mi staar det NYNORSKFEMINIST. Takk til Olaug!
Ein av tilhoyrarane slappa av med ei pipe. Dette er fyrste gong eg har sett ei kvinne med krakk (sjaa under kneet). Eg har tidlegare blitt fortalt at krakken er berre for menn, men kanskje kvinnene faar lov aa bruka krakk naar dei vert eldre?

tirsdag, mars 04, 2008

Sjukehuset i Kapoeta

Eg har ikkje skrive noko om det norske sjukehuset i Kapoeta tidlegare. Omtalen i Noreg har vore kritisk, og det er sikkert mykje som kan seiast om planlegging og mangel paa slik fraa sudanesiske styresmakter si side. Men no er sjukehuset her, med naudsynt utstyr og profesjonelt personale. Sjukehuset reddar liv, Toposafolket har for fyrste gong i soga eit skikkeleg helsetilbod og dei veit aa setja pris paa det.

Men i morgon er det slutt. Etter maanader med forhandlingar mellom det norske firmaet som bygde sjukehuset og regjeringa i Juba, ser det ut som om det ikkje er muleg aa sikra pengar til aa driva sjukehuset. Toposa-stammen strekte seg langt for aa finna loysingar sjoelve, dei ville bruka gullressursane sine til aa betala drifta og gjorde framlegg om at alle familiar skulle gje oksar for aa skaffa pengar (DET i seg sjoelv seier noksaa mykje sidan oksar er det mest dyrebare som fins for ein Toposa). Men det gjekk ikkje.

I gaar og i dag har eg sjoelv vore dagpasient ved sjukehuset, sjuk med malaria. Eg har sett rekkjene av Toposa-kvinner, barn og eldre som ventar paa doktor Peter, dei forsiktige smila deira naar dei seinare tek mot medisinen fraa apoteket og gaar ut i sola. I morgon pakkar Peter ned legefrakken sin, lagar inventarliste over utstyret som ikkje lenger skal brukast, og reiser heim.

Sjoelv reiser eg til Kenya om malariaen ikkje vil sleppa taket, og faar hjelp ved sjukehuset i Nairobi. For Toposa-folket er det ikkje ei loysing.